Ingerid Vadder, Morgedal IL, har levert ein sterk sesong i langrennssporet. Jenta frå Ordal er ein av landets beste i klasse J15.
Ingerid Vadder, Morgedal IL, har levert ein sterk sesong i langrennssporet. Jenta frå Ordal er ein av landets beste i klasse J15.

Raske vesttelar

Vesttelane beit godt ifrå seg i helgas avslutningsrenn i Nordea TV-cup i Larvik. Det blei arrangert ein minitour med tre renn i løpet av helga, og til slutt blei samanlagtvinnarane av cupen kåra.

På sprinten blei det heile fem pallplasseringar på vesttelane. Ingerid Vadder, Morgedal IL, gjekk heilt til topps i J15, medan Sigrid Marit Jonassen Verpe, Vinje IL, blei nummer to i J14. Gunhild Kvålseth, Morgedal IL, fekk tredjeplassen i J16, og tredjeplassar blei det også på Erik Brostigen Ringhus, IL Rein og Brynjar Heggelund Grave, Seljord IL i høvesvis G16 og M17.

Samanlagt i dei tre konkurransane i helga blei Erik Brostigen Ringhus nummer 6, Heggelund Grave nummer 2, Gunhild Kvålseth nummer 3 og Ingerid Vadder nummer 1. Jonassen Verpe og Marianne Hermansen, IL Rein, var ikkje med på alle konkurransane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Totalt i Nordea-cupen for løparane i Telemark og Vestfold skikrins, blei Ingerid Vadder vinnar i klasse J15, medan Sigrid Vinjerui, Byrte IL, som har vore mykje sjuk i vinter, blei nummer 3 i same klasse. På Vest-Telemark Ski sine heimesider står det også at både Gunhild Kvålseth og Brynjar Heggelund Grave fekk pallplass i cupen.

Primus motor i Vest-Telemark Ski (VTS), Mikkel Vadder, skriv at det blir pizzakveld for alle som er med i VTS etter at sesongen er avslutta. Då vil det også bli evaluering av årets sesong og planlegging av den neste.