Oddny Miljeteig (t.v.) vart heidersmedlem i Noregs Mållag, Magni Øvrebotten fekk Målprisen 2018 og Olaug Nilssen fekk Nynorsk litteraturpris 2017.
Oddny Miljeteig (t.v.) vart heidersmedlem i Noregs Mållag, Magni Øvrebotten fekk Målprisen 2018 og Olaug Nilssen fekk Nynorsk litteraturpris 2017.

Prisdryss på landsmøtet

Noregs mållag delte ut fleire prisar under landsmøtet i Vinje i helga. Både heidersmedlem, mottakar av litteraturpris og målpris vart heidra.

På det 100. landsmøtet til Noregs mållag vart det delt ut fleire prisar, melder mållaget i eit presseskriv. 

Oddny Miljeteig vart utnemnd til heidersmedlem og leiar i Noregs mållag, Magne Aasbrenn, rosa Miljeteig for lang fartstid i laget.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var innsatsen i 2012, etter at dåverande kunnskapsminister Kristin Halvorsen frå SV ville svekke sidemålsordninga, som gjorde Oddny Miljeteig til legende i Mållaget, seier Aasbrenn.

– Oddny sin vervekampanje er heilt utan sidestykke i mållaget. Éin ting er at ho verva over 540 medlemer. Det er eit heilt uforståeleg godt tal. Det andre, som er like viktig, er at ho skapte blest og glød rundt saka. Ho gav alle dei som ikkje vil at nynorsken skal setjast bort til pynt, eit eige språk: Er du for nynorsk, er du medlem i Mållaget, seier Magne Aasbrenn og legg til at Miljeteig var med å gje ein ny kveik for verving etter dette.

– Takk for at du gav oss sjølvkjensle og kampvilje når me trong det som mest, uttala Aasbrenn.

Miljeteig var både stolt og takksam for å få prisen.

– Då Ivar Aasen gav ut «Ordbog over det norske Folkesprog» i 1850, var det ei handbok i språkleg frigjering, seier Oddny Miljeteig, og legg til at nynorsken skal vere eit kvardagsspråk, eit skriftspråk til frigjering. 

Fleire prisar vart delt ut under festmiddagen til Noregs mållag på Rauland laurdag kveld. 

– Noregs mållag gjev Målprisen til Magni Øvrebotten fordi ho alltid har vore offensiv, på vegne av journalistikken og nynorsken, seier Inger Johanne Sæterbakk, styremedlem i Noregs Mållag.

Vidare uttala Sæterbakk at Øvrebotten, som er leiar for NRK Nynorsk mediesenter i Førde, ikkje berre er eit nynorsk førebilete i mediebransjen. 

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ho er også eit førebilete for oss i målrørsla, ja for alle som kjempar for ei politisk sak. Denne viljen til språk som Magni har synt, gir oss pågangsmot. Ho har inspirert og motivert mange unge journalistar til å kaste seg ut i den nynorske journalistiske verda. Kvar dag set desse språkleg spor etter seg i NRK, og dei set nynorske spor i oss, enten vi er unge eller vaksne, uttala Sæterbakk.

Magni Øvrebotten var svært glad for å ta imot Målprisen 2018 og takka varmt for prisen.

– Eg vil takke for at Noregs Mållag har eit slikt sterkt engasjement for nynorsk journalistikk. Det treng vi. Eg har tru på at det no kjem fram ein ny redaktørgenerasjon som er litt meir vågale og slepp nynorsken til, uttala Øvrebotten

Nynorsk litteraturpris 2017 vart også delt ut, den fekk Olaug Nilssen for boka «Tung tids tale». 

Boka er gjeve ut på Samlaget. Det er Det Norske Teatret, Det Norske Samlaget og Noregs Mållag som står bak prisen, som er på 30 000 kroner.

– Årets vinnar av Nynorsk litteraturpris er ein uvanleg sterk roman. Boka er skriven i eit knapt og usentimentalt språk, samstundes som forfattaren rører ved dei djupaste kjensler, forholdet mellom mor og barn, skriv juryen, som har vore Siri Ingvaldsen og Ingrid Weme Nilsen, om «Tung tids tale».