Gruppa «High Fives» framførde songen «T ida vi bare va» av Sondre Justad.
Gruppa «High Fives» framførde songen «T ida vi bare va» av Sondre Justad.

Poprockband til landsfestivalen

– Me har vore i fylkesfestivalen til UKM fire gonger tidlegare, utan å kome vidare, seier 4Use frå Vinje.

Dei greier ikkje heilt å bli einige om dei venta å gå vidare til landsfestivalen i Trondheim då VTB møter bandet for ein prat før dei skal opptre under vårkonserten til Vinje kulturskule.

– Mange av dei som har gått vidare til landsfestivalen, har seinare fått opptre som underhaldning i MGP junior. Det spanande med å kome vidare er at det er større sjans for å bli oppdaga av musikkprodusentar og agentar, seier Irmelin Trøite, som er ein av vokalistane i bandet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trøite og Greta Lamsodyte er to av dei som har vore med frå byrjinga.

– Kva er opphavet til bandet?

– Me to var med i frå starten. Bandet vart sett i hop i regi av kulturskulen, og med tida har medlemmene kome og gått, seier Trøite.

«Bondeknølane» frå Rauland spelte Hellbillies-songen «Søvnlaus».
«Bondeknølane» frå Rauland spelte Hellbillies-songen «Søvnlaus».
Laurynas Lamsodis, (t.v) er 12 år og spelar bass, Greta Lamsodyte (17) vokal, Irmelin Trøite (17) vokal, Oda Sandvik (15) gitar, Anne-Lise Dalen Bråstøyl (17) gitar, Andrea Johanne Lyngestad (15) piano, og i framgrunnen sit Bjørn Lofthus (15) som spelar trommer.
Laurynas Lamsodis, (t.v) er 12 år og spelar bass, Greta Lamsodyte (17) vokal, Irmelin Trøite (17) vokal, Oda Sandvik (15) gitar, Anne-Lise Dalen Bråstøyl (17) gitar, Andrea Johanne Lyngestad (15) piano, og i framgrunnen sit Bjørn Lofthus (15) som spelar trommer.

Den musikalske fellesnemnaren til bandet er poprock men dei vedgår at det er mange ulike musikkinteresser innan gruppa.

Stort band

– Nokre likar hiphop og andre likar country. Eg for min del høyrer mykje på 70-tals country, seier AnneLise Dalen Bråstøyl, som spelar gitar i bandet.

Kva musikalske førebilete har de?

– Comet Kid er eit norsk band som spelar musikk i same sjanger. Dei har inspirera oss mykje, og har hjelpt oss me å skrive ein song, seier Trøite.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei er sju ungdomar i gruppa og seier dei kjenner seg meir som eit band enn eit orkester til tross for at dei er mange.

– Korleis går samarbeidet?

– Det er moro å vere mange. Me kjem veldig godt overeins, og kjem til å halde på vidare saman. Me har lyst til å lage fleire songar, seier Trøite.

Dei har alt gitt ut ein eigenkomponert song på kulturskulen si plate.

– Me håpar å bli oppdaga på UKM, det er då lov til å drøyme, seier Lamsodyte.

Kva synest de om popmusikken i dag?

– Eg likar veldig godt musikken frå 80-og 90-talet.

Den er det moro å synge, seier Lamsodyte.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Popmusikken i dag har ikkje så mykje meining, og mange av songane er veldig like, seier Trøite.

– 4Use. Kva er det eignetleg bandnamnet tyder?

– Det skal vel tyde noko i den duren av at musikken er «til deg», men me veit ikkje heilt korleis me skal forklare det, seier Trøite.

– No når de skal til landsfestivalen, er det noko kjendisstatus å spore i Vinje?

– Eg trur mange veit kven me er. Det var i allefall ein i frå Fyresdal som hadde høyrd om oss, seier Trøite med eit smil.

 

Forvitneleg vårkonsert

Aasmund Olavsson Vinje går igjen i det meste av kulturlivet i Vinje dette året, mange av verka hans vart også presenterte i ny drakt under kulturskulen i Vinje sin vårkonsert sist fredag.

Men det var også musikalske opptrinn med av slåttestev og verk av Edvard Grieg. Songar av Hellbillies og Odd Nordstoga vart også framførd av talentfulle elevar i kulturskulen.