Pilegrimsvandringa er no i gang og over 20 mil ventar deltakarane.
Pilegrimsvandringa er no i gang og over 20 mil ventar deltakarane.

Pilegrimstur på «apostlanes hestar»

Årets pilegrimstur starta ved kyrkja i Seljord torsdag med endestasjon ved Røldal stavkyrkje. Meir enn 200 kilometer til fots over fjellet ventar deltakarane.

21 deltakarar starta den lange marsjen frå kyrkja torsdag. Turen tek ni dagar og fredag 3. juli er dei framme i Røldal.

Ikkje alle deltakarane går alle etappane, og fleire kjem på undervegs. Frå Eidsborg blir 10 personar til med, og i Vågslid kjem ytterlegare 14 vandrarar. Totalt blir det 45 pilegrimar på veg mot krusifikset i Røldal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Spanande forhistorie

Pilegrimsvegen frå Seljord til Røldal går i fotefara til pilegrimar som nytta vegen frå 1300-talet og heilt opp til 1835. Valfartinga til Røldal fekk ein brå slutt då biskopen fann ut at denne etterlevinga etter den katolske trua enno blei praktisert. Likevel kom det pilegrimar i nattens mulm og mørke for å få koma inn til krusifikset i Røldal stavkyrkje, men tradisjonen døydde til slutt.

For ti år sidan tok Vest-Telemark museum og historielag opp tradisjonen, og i år blir turen arrangert for sjuande år på rad.

Sprengd kapasitet

Det er 45 deltakarar i år, og det er absolutt maks informerar prosjektleiar Una Høydal frå Vest-Telemark museum. Kapasiteten på overnattingsstader set ein stoppar for fleire deltakarar, og prosjektleiaren skulle gjerne sett at fleire langs ruta kunne ta i mot pilegrimar til mat og overnatting.

– Etterkvart som ruta blir betre merka er det eit mål at folk byrjar å gå denne ruta på eiga hand, seier Høydal, som er med på turen for femte år på rad.

Stadig forbetringar

Opplegget rundt turen og sjølve vandringsvegen blir stadig betre. I år har det kome ei ny bru over Valldalselva ved Bruhølen og ei bru er sett opp over Nupselva. Årets pilegrimar kjem til å vera dei fyrste som går over denne brua 2. juli. Odda kommune har òg gjeve løyve til ein gapahuk i dette området. Den kan nyttas av mindre grupper på vandring over pilegrimsvegen.

Naturopplevinga er størst

Det er ei flott rute gjennom vakker natur. Etter kvar pilegrimsvandring har deltakarane vore med på ei evaluering av turen, og fortald kva dei har opplevd som mest viktig. Naturopplevinga står på ein klar fyrsteplass, medan samhaldet mellom deltakarane kjem på ein solid andreplass, fortel Høydal.

– Dette er kjempereklame for området vårt, og me får folk hit frå heile landet, seier Høydal.

I samband med pilegrimsturane er det sett i gang planar om eit pilegrimssenter i Røldal.