– Me blei tvinga til å tenkje annleis, seier Karin Nordvik (t.v.), Eivind Sandland Hårstad (TTS), Cecilie R. Nystog, Tore Midtun og Ånund Vaa i Vinje Industri.
– Me blei tvinga til å tenkje annleis, seier Karin Nordvik (t.v.), Eivind Sandland Hårstad (TTS), Cecilie R. Nystog, Tore Midtun og Ånund Vaa i Vinje Industri.

Pila peikar oppover att etter krevjande år

Vinje Industri dreiv stort sett med offshorebaserte tenester dei fyrste åra etter etableringa i 2000. Etter at offshorebobla sprakk seinhaustes 2014, byrja bedrifta å satse på landbaserte prosjekt i tillegg. Det har gjeve gode resultat og viktig erfaring.

– Det er nok rett å seie at 90 prosent av verksemda vår var retta mot offshore frå 2001 og fram til hausten 2014. Me hadde mange kontraktar gåande, og det gjorde at me hadde godt med arbeid fram til hausten 2015. På nyåret 2016 starta mange store selskap å seie opp folk i hundretal. Det var ei tøff tid for mange, også for oss, fortel prosjektleiar for landbaserte prosjekt, Tore Midtun.

Viktige grep

Etter at den omtalte nedturen i offshoreindustrien var eit faktum, tok Vinje Industri grep for å få fleire bein å stå på. 

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me måtte snu oss rundt og prøve å få innpass på landbaserte prosjekt i større grad enn før. Dette starta me med parallelt med at me heldt på offshore. Bedrifta har etter mange år offshore opparbeidd seg eit breitt kontaktnett, og sidan fleire av dei me jobba saman med tidlegare blei råka av same nedturen, hadde me fleire kollegaer på land. Det var absolutt ein medverkande årsak til at me kom inn på fleire landbaserte prosjekt, forklarer Midtun.

Maskinkøyrarar og kabeltrekkarar

Han fortel at dei er involvert i tunellprosjekt, vedlikehald av jernbane, anleggverksemd og innan energiskapande industri.

– Me har alt frå maskinkøyrarar til kabeltrekkarar. Statkraft er ein god samarbeidspartnar, det same er Hydro Energi. Me har i alle fall erfart at det er viktig å skape gode relasjonar i arbeidslivet. Det har opna fleire alternative arbeidsmarknader for oss, seier han.

Vinje Industri har teke grep for å få fleire bein å stå på. Det har gjeve gode resultat. Karin Nordvik (t.v.), Eivind Sandland Hårstad (TTS), Cecilie R. Nystog, Tore Midtun og Ånund Vaa ser positivt på framtida for bedrifta.
Vinje Industri har teke grep for å få fleire bein å stå på. Det har gjeve gode resultat. Karin Nordvik (t.v.), Eivind Sandland Hårstad (TTS), Cecilie R. Nystog, Tore Midtun og Ånund Vaa ser positivt på framtida for bedrifta.
I desse dagar er Ånund Vaa i gang med å teikne eit reinseanlegg for Lier kommune. Det er eit samarbeid med Telemark Technologies systems, eit selskap som Vinje Industri eig halvparten av.
I desse dagar er Ånund Vaa i gang med å teikne eit reinseanlegg for Lier kommune. Det er eit samarbeid med Telemark Technologies systems, eit selskap som Vinje Industri eig halvparten av.

Statkraft har hatt revisjonar på kraftanlegga sine dei seienare åra, og det har passa bra for bedrifta som Jostein Hauge etablerte i Vinje i 2000. I dag har bedrifta hovudkontoret i Kristiansand og avdelingskontor i Åmot, Florø, Stavanger og på Las Palmas.

«Seimos»

Sidan 2016 har bedrifta konsentrert seg mest om seks forretningsområde; samferdsel, energi, industri, miljø, offshore og tryggleik.

– På firmabilane våre vil folk sjå at det står «SEIMOS» med raude bokstavar, det er forbokstavane til satsingsområda våre. Målet er at me skal vere den føretrekte leverandøren innan desse områda. Me har opparbeidd oss mykje kunnskap og lang erfaring på desse felta, og me har også eit godt rykte på oss. Det betyr mykje i ein konkurranseutsett marknad, seier Midtun.

Miljøsatsing

Vinje Industri har fleire samarbeidspartnarar, og bedrifta har mellom anna ein eigardel på 50 prosent i Telemark Technologies systems (TTS).

– Me satsar innan miljøfeltet, og i desse dagar er me i gang med å teikne eit reinsanlegg for Lier kommune. Miljøsatsinga er særs viktig, og for offshorenæringa er mellom anna mobile reinseanlegg i vinden om dagen, forklarer ansvarleg for ingeniørbaserte tenestar, Ånund Vaa.

Artikkelen held fram under annonsen.

90 fleire i arbeid

Ved nyttår hadde bedrifta 130 personar i arbeid. I desse dagar er talet auka til 220. Det er stor skilnad frå 2016 då rundt 40 personar var i full jobb, i tillegg til staben på kontora.

– 2016 var eit særs tungt år. Men utviklinga syner at me har teke grep som har vore rett, og som betyr mykje for både oss som bedrift, for kundane våre og ikkje minst for dei tilsette. I dag leiger me inn arbeidskraft i større grad enn tidlegare, forklarer Midtun.

– Offshoreindustrien har teke seg kraftig opp det siste året, og me har i dag flest i arbeid på det feltet. Men me som har vore i bransjen ei tid veit at den marknaden vil svinge i framtida også, sjølv om det kanskje ikkje blir like tøft som i 2014. Men det er nok rett å seie at me er betre rusta til å møte desse bylgjedalane i framtida, legg Vaa til.

110 fast tilsette

Av dei 220 som arbeider for Vinje Industri i dag, er 110 fast tilsette, 45 er inne på prosjektarbeid, medan dei 65 siste er innleigde.

– Dei me leiger inn er i stor grad tidlegare tilsette som er tilbake etter nedturen i 2014. Me kjenner dei godt, og mange av dei har starta for seg sjølve og er på utleigemarknaden, fortel Vaa.

Bedrifta har mange prosjekt gåande i dag, og fleire av dei varer meir enn eitt år fram i tid.

– Det er godt å vite litt fram i tid, og me har mellom anna ei langsiktig kontrakt med entreprenøren Kruse Smith om eit bruprosjekt. Per i dag har me fylgjande aktive prosjekt: 165 offshore, 55 landbaserte, 32 produktsal, 24 utleige og 4 innan røyrbøyging, seier Midtun.

Krevjande og lærerik tid

Både Midtun og Vaa seier at det har vore nokre krevjande år, men at det også har vore ei lærerik tid.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har blitt tvinga til å tenkje annleis og nytt. Noko har me funne svært interessant, anna har vore litt utanfor vårt felt. Me har også lært at det ikkje er smart å vekse for mykje for fort. No har me etter vårt syn ei fornuftig bemanning, og det er viktig å fylgje med på kvar skjeringspunktet går for lønsemd og aktivitet, fortel Midtun.

– Me har fått fleire bein å stå på. Saman med vilje og evne til å omstilling er det viktig, legg Vaa til.

På fleire arenaer

No er båe opptekne av at offshore ikkje skal ta føtene unna landbaserte prosjekt, og dei meiner difor det kan vere fornuftig å takke nei til enkelte oppdrag.

– Det er høg aktivitet no, og me har alt takka nei til enkelte oppdrag fordi me ikkje har kapasitet. Me vil halde fram med å vere til stades på fleire arenaer, avsluttar Tore Midtun.