Johnny Bakken håpar nokon vil drive livsverket hans vidare når han no legg inn årene.
Johnny Bakken håpar nokon vil drive livsverket hans vidare når han no legg inn årene.

På veg ut av ein institusjon

Drivkrafta til Johnny Bakken (38) på bensinstasjonen og institusjonen i Kviteseid er på reservetanken. Snart er ein 35 år gamal familieepoke over.

Bensinstasjonen i Kviteseid sentrum har i 35 år blitt drive av to generasjonar Bakken. Karl Sigfred, også kjent som Siggen var eigar og drivar fram til sonen Johnny overtok i 1995. Då hadde sistnemnde alt ein del år bak seg i verksemda. Som 18-åring byrja han i full jobb der, men debuten skjedde eigentleg i 13-års alderen.

– Då hadde eg sommarjobb på bensinstasjonen og tente 20 kroner dagen, mimrar Johnny.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rett etter at han fekk det heile og fulle ansvaret for verksemda, sette han i gang både ein økonomisk og materiell snuoperasjon.

– Det blei ein veldig lærerik prosess, men økonomien gjorde at eg nok stuka litt for mykje på aleine, seier Johnny.

Vidareutvikling

Satsinga byrja å bere frukter etter kvart. Det blei tatt utviklingssteg som andre ikkje trudde på.

– Eg registrerte at alle køyrde til Seljord for å vaske bilane, og tenkte at det er ikkje bra. Eg gjekk nokre rundar med meg sjølv før det blei kjøpt inn ei bruka bilvaskmaskin. Ei marknadsundersøking sa det var nok bilar til at investeringa var forsvarleg, fortel Johnny.

Fyrste året blei det vaska totalt 2.500 bilar i maskinhallen. Seinare kom det endå meir moderne utstyr på plass ved stasjonen der det no blir vaska 5.000 bilar årleg.

– Eit lite eventyr, smiler eigaren om utviklinga.

Også butikken på bensinstasjonen har gått gjennom monalege endringar i eigartida til Johnny. Det blei fart på han då det tragiske skjedde at restauranten Mylla blei lagt ned og sentrum blei utan matplass på kveldstid og heilagdagane.

– Då fann eg ut at eg ville vidareutvikle verksemda mi og fylle eit hol som var innan mattilbod. Meininga var også å fylgje marknadsutviklinga i kjeden, og ikkje bli konkurrent til andre matplassar på dagtid i eiga bygd, seier Johnny.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kremmar

Satsinga på mellom anna å fylle opp baguettar, syte for ferske bollar og raskt steikte hamburgarar fall i smak og vel så det. Matsalet nærast eksploderte. For tida kan det dagleg gå unna opptil 50 baguettar.

– Det er moro å sjå at ein lykkast med det ein har jobba hardt for, seier Johnny om både matsatsinga og vaskehallen.

Johnny likar å skape noko, også arbeidsplassar. I dag er det tri fulltidstilsette i verksemda, i tillegg til at tri personar delar på eit halvt årsverk i helgene.

Bensinstasjonen har hatt gode omsetningstal dei siste åra. I fjor stoppa det på 19 millionar kroner, der 4,5 millionar kom frå salet i butikken.

– Bygdefolk er veldig flinke til å nytte stasjonen, seier Johnny.

– Eg har kunna tatt ut ei grei løn dei siste åra, men det har blitt mange arbeidstimar, legg han til.

Opp gjennom åra har han følt seg som ein kremmar, men tilsluttinga til kjeden gjer at han ikkje er fullt så fri no som for nokre år tilbake.

– Men eg er fri nok, og det er nesten håplaust om ein ikkje er med i ein kjede. Eg er også med i Statoil si forhandlarforeining i Telemark, og det gjer at eg har god kontakt med andre drivarar i fylket, seier Johnny.

Artikkelen held fram under annonsen.

Veksla høner

I fleire år har Johnny følt at han har drive noko meir enn ein bensinstasjon. I tillegg til at folk kan fylle drivstofftanken med bensin og seg sjølve med mat, er det ettertrakta å sveive bortom maskina som syter for varm drikke.

– Kaffimaskina trekkjer til seg folk som eit buddha-tempel. Samlingspunktet i stasjonen gjer det veldig sosialt, seier Johnny.

– Dette er ein møteplass, og både folk og ting blir samla her. Det er nesten som ein serviceinstitusjon. Stasjonen har i alle år vore ein bytesentral. Folk kan leggje inn pakker andre skal ha, utan at det kostar noko. Her har alt frå levande høner til ungar venta på å bli henta, humrar verksemdeigaren.

Då det var ombygging inne i kommunehuset like ved, tok stasjonen hand om noko heilt spesielt. Ordførarkjedet ville ikkje liggje trygt eine helga då byggjeaktiviteten stod på. Løysinga blei å spørje om å få låse det inn på bensinstasjonen, og det var sjølvsagt heilt ok for Johnny.

– Eg har følt det veldig slik at stasjonen har vore ein institusjon. Eg trur slike institusjonar som dette er gull verd til meir ut på landet ein kjem, seier Johnny.

Dei som kjenner han veit at han er eit sosialt vesen, og som det er koseleg å slå av ein prat med.

– Det gildaste eg veit på stasjonen her er å skape noko og ha kontakten med folk. 99 prosent av dei som er innom er hyggjelege. Det gjeld også ungdomen, og her er aldri hærverk, fortel Johnny.

Vanskeleg val

Han vedkjenner at drifta av stasjonen har gått ut over privatlivet og familien.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har verdas mest tolmodige sambuar, seier Johnny om Anne Mette Solli.

I ein del år har stasjonseigaren ikkje tenkt på seg sjølv, men vore oppteken av at Kviteseid skal ha eit tilbod som absolutt bør vere der og som bygda han er glad i fortener å ha.

– Sambuaren min og eg har hatt ein dialog på heimebane siste tida, seier Johnny stille.

Han har no tatt eit val om å slutte i verksemda. Etter å ha jobba på stasjonen heile arbeidslivet, er han klar for nye utfordringar. Nok er nok, tida er komen der han vil konsentrere seg meir om barna og sambuaren.

– Eg har bestemt meg for å slutte og prøve å selje verksemda. Det er eit vanskeleg val eg har gjort, veldig vanskeleg. Det er nesten som å flytte frå ei kjerring ein er glad i. Snart er stasjonen ikkje lenger ei generasjonsbedrift, seier Johnny.

– No vil eg få meir tid til det sosiale i privatlivet, for det har blitt puffa til sides ein del år, held han fram.

Tek ein sjanse

Om ingen vil overta bensinstasjonen, kan han bli lagt ned.

– Det fortener ikkje bygda. Om eg kan kalle dette livsverket mitt, håper eg nokon vil drive det vidare. Dette er ein trygg og god arbeidsplass, og omsetninga er det ikkje noko å seie på.

Artikkelen held fram under annonsen.

Snart kjem dagen då Johnny som eigar av bensinstasjonen går ut av døra for siste gong.

– Lette og sorg, seier han om den situasjonen.

– Og du har alt fått deg ny jobb, spør bladfyken.

– Nei, det har eg ikkje. Eg risikerer å stå utan arbeid, men då tek eg meg ein god ferie, avsluttarar stasjonseigaren.

Ein epoke er snart over. Johnny er klar for nytt arbeidspåfyll like før reservetanken for drift av bensinstasjonen er tom. Tanken om meir familieliv tel, etter ein mannsalder der arbeidspumpa har gått for fullt. På bensinstasjonen. Og på institusjonen.