– Treng håret klypp, farge eller ein permanent kan eg kome heim til kundane. Eg likar å farte rundt, smiler den spontane og kreative dame- og herrefrisøren Linda Hamarsnes.
– Treng håret klypp, farge eller ein permanent kan eg kome heim til kundane. Eg likar å farte rundt, smiler den spontane og kreative dame- og herrefrisøren Linda Hamarsnes.

På farten med saks og kam

Denne veka realiserte Linda Hamarsnes (20) frå Rauland draumen. Med verksemda «Fjøllgeiti søks og kam» vil den utradisjonelle frisøren stelle håret heime hos kundane.

Denne veka starta ein ny og ganske uvanleg kvardag for 20-åringen Linda Hamarsnes frå Rauland. Få har gjort det før, starta som omreisande frisør, men uredde Linda trur dette blir ein spennande kvardag.

– Eg likar å farte rundt, og vil ikkje gå inn same døra kvar dag. Alle har vel ein kjøkkenstol i heimen og saksa har eg, vanskelegare er det ikkje. Dette blir spennande, smiler frisøren som har etablert sin eigen arbeidsplass «Fjøllgeiti søks og kam» med base på Rauland.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Korleis kom du på namnet?

– Eg hadde to krav. Det måtte vere dialekt og det skulle skildre at eg kunne vere mobil og reise rundt med arbeidet mitt. Ingenting skal stoppe meg. Er det veg kjem eg fram med bil og utan veg kan eg ta snøskuteren. Eg synest «fjøllgeiti» illustrerar det godt, seier nyetableraren.

Faglært

Linda har fagbrev som dame- og herrefrisør, og gjekk læretida i Seljord på Tango-salongen etter vidaregåande opplæring i Lunde.

Denne veka var også den nyetablerte frisørsalongen på plass i eitt av romma i kjellarbustaden ho leiger i toppen av byggjefeltet Såtehov på Rauland.

– Om det er nokon som ikkje vil ha besøk heime, kan eg ta imot kundar i salongen her også, smiler ho frå ljose lokale med svart skinninteriør.

Linda tar på seg oppdrag med alt frå klypp til farge og permanent, og om det samlar seg fleire kundar ser ho på heile Vest-Telemark som kundeområde.

– Samle saman ein gjeng, eller frå smått til stort i familien så kjem eg, smiler ho.

– Konseptet er nok ein bygdeting, det er ikkje så høgtideleg. Ein reisande frisør i byen passar kanskje ikkje så bra, men på bygda trur eg det kan gjere seg, meiner ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Blir sakna

Førre fredag hadde Linda siste arbeidsdagen på Tango i Seljord der ho har vore fast tilsett sidan ho starta på læretida i juni 2008.

– Huff, det var litt tungt å slutte for eg vil sakne kollegaene mine. Det er ein veldig bra arbeidsplass, smiler Linda som trur ho må stikke innom frisørvenene når ho vitjar Seljord.

Ope yrkesval

I oppveksten var ikkje Linda sikker på kva yrkesveg ho skulle velje.

– Eg hadde ingen planar om frisørfaget før eg starta på vidaregåande skule. Eg kunne like gjerne blitt snikkar. Det som var det viktigaste for meg var å kome meg heim til Rauland. Eg måtte ut på skule og i læretid, men skulle heim att, det var ikkje noko bøn, seier Linda.

Ho var fokusert på å arbeide med noko ho kunne styre sjølv.

– Eg ville ikkje vere avhengig av at nokon måtte kome og legge jobben i fanget mitt, seier ho.

Vere viktig for folk

Linda innrømmer at det er moro å «dille og dalle» med hår og ulike sveisar, men det er anna som står i fokus.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det viktigaste for meg er å sjå at folk set pris på jobben eg gjer. At arbeidet eg gjer er viktig for folk. Å rulle håret til ei gamal dame er like moro som å stelle ein 16-åring, meiner frisøren som ynskjer å vere eit friskt pust innanfor næringslivet i heimbygda.

Rosa varemerke

Det er ikkje vanskeleg å leggje merke til Linda, verken med tanke på eit sprudlande humør eller det rosa håret.

– Hårfargen har eg hatt i halvanna år nå. Det har vel nesten blitt varemerket mitt. Eg kan ikkje endre det nå, då er det ingen som kjenner meg att, ler ho.

– Kva reaksjonar har du fått på fargevalet?

– Det er mange som trur det er eit band eg har i håret, men det er bare skøyigt. Eg hadde vel ikkje hatt denne hårfargen om eg var beskjeden, det er vel for å fyre oppunder litt. Alle treng ikkje ha langt ljost hår og vere like, meiner Linda.

Men det er langt meir enn håret som er i rosanyansen, for fargen har fylgd raulendingen heile livet.

– Eg er vel ikkje akkurat noko pyntedokke sjølv, men er veldig glad i rosa. Alt skulle gjerne vere i den fargen, men eg må ta meg saman, det må ikkje bli for mykje, smiler ho.

Rosa saks og fønar er alt på plass, og snart vil bilen bli dekorert med rosa reklame.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det blir ei rosa geit, og namnet på verksemda sjølvsagt. Pappa skal også ha rosa reklame på bilen sin. Eg veit ikkje om han er like glad i fargevalet som meg men, ler 20-åringen.

God start

Med bare helga som fridagar hoppa Linda rett inn i det nye yrkestilværet sist måndag.

– Fyrste arbeidsdagen hadde eg på bygdeheimen og i omsorgsbustadane her på Rauland med både dame- og herreklypp. Her har eg også laga ei avtale slik at dei kan ringe når det er behov for frisørbesøk. Eg ville ikkje binde meg til ein fast dag, det er betre at dei får bestemme kva dag det passar best, seier Linda.

Slik har 20-åringen kanskje fått sine fyrste faste kundar i heimbygda, og ho veit at ho har fleire som vil la seg frisere sjølv om saksa har bytta adresse.

– Eg har mellom anna faste kundar i Flatdal, Hjartdal og Øyfjell og nokon fekk eg då eg hadde utplassering på Rauland og Dalen under utdanninga, seier ho.

Linda har også vore i kontakt med Tuddal høgfjellshotell og er viljug til å kome til hotellet for å gjere mellom anna brudepynting.

– Ein må vere litt kreativ og spontan, eg vil i hovudsak jobbe på dagtid, men er litt fleksibel på kveldar og helger av og til også, seier ho.

Samarbeid

Linda ser ikkje vekk frå at dei mange hytteinnbyggjarane i Rauland også vil kome til å bli potensielle kundar med tida.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er tanta mi som driv Heimil, ei lokal verksemd som har tilbod om ulike tenestar til hytteeigarar i området. Dei er opptekne av å gje eit variert tilbod til hyttegjestene, det vesle ekstra, og der trur eg at ein frisør som kjem heim på hytta vil vere positivt, meiner Linda.

– Kva tenker du om framtida?

– Eg kjem nok ikkje til å halde på som omreisande frisør i all framtid, men akkurat nå passar det. Draumen min på sikt er å få mitt eige hus der eg også har eigen salong, seier Linda.

– Og då sluttar du med fartinga også?

– Tja, nei eg trur kanskje eg kjem til å halde fram med å vere litt mobil. Det er mange som ikkje har så lett for å kome seg ut bestandig, men håret treng stell, så eg kan jau reise til dei, smiler frisøren.