Hans Øy (t.v) og Daniel Mikelskas klypte snora for å markere opninga av felles uteområde på Straumsnes oppvekstsenter.
Hans Øy (t.v) og Daniel Mikelskas klypte snora for å markere opninga av felles uteområde på Straumsnes oppvekstsenter.

«Overgangen frå barnehage til skule blir super»

På Straumsnes oppvekstsenter i Vrådal har dei gjerda inn og opna opp uteområde så barnehagen og skulen nå har felles uteområde.

– Nå er heile uteområde tilgjengeleg for alle, og det er slik eit oppvekstsenter skal fungere, fortel rektor Birger Skipar.

– Me føler at skuleelevane har lengta etter akebakken til barnehagen, og barna i barnehagen har lengta etter område til skulen, seier pedagogisk leiar ved barnehagen, Heidi Evja.

Artikkelen held fram under annonsen.

Evja fortel at det er stor stas for barnehagebarna å kome ut og leike med dei store skuleelevane, men det er ikkje berre dei små som synest det er stas.

– Dei store er veldig omsorgsfulle mot dei mindre. Dei dyttar dei på huska, kosar dei og fyrsteklassingane kjem stadig bort og vil leike med barnehagebarna. Det er så masse kjærleik, fortel Evja.

Nært samarbeid

Det er tolv elevar i 1. – 4. klasse, og ni ungar i barnehagen på Straumsnes, og samarbeidet mellom barnehage og skule er nært og godt. Skipar og Evja har kontor rett ved sida av kvarandre, og dei tilsette møter kvarandre ute til små møte kvart friminutt.

– Det har ikkje vore nokon motsetnadar mellom dei tilsette i barnehagen og skulen med endringane me har gjort på uteområdet heller, seier Skipar.

Rektoren og pedagogen fortel at overgangen frå barnehage til skule ikkje blir så stor for ungane sidan lokala ligg så nære, dei samarbeider tett, og nå også leikar saman ute.

– Overgangen blir super, avsluttar Evja.