Flammane tok fort tak etter at Vinje brannvesen sette fyr på huset.
Flammane tok fort tak etter at Vinje brannvesen sette fyr på huset.

Opphavet til kommunesenteret Åmot

Vildalen-huset hadde ei fortid som skule, telefonsentral og flykningbustad. No er bustadhuset på sjølvaste Åmot-plassen jamna med jorda.

Flyktningbustad, lurar du? Ja, Vinje har teke imot flyktningar før også, kan Gro Hommo fortelje. Ho og ektemannen Geir Åsmund Hommo kjøpte huset, og har sett seg inn i soga til staden der Åmot-namnet kjem frå. Grunneigar frå grunneigar Øystein Vaagen kjenner historia godt, og har formidla denne til dei nye eigarane. 

Den karakteristiske bygningen med eternittplatene, tett inntil E134, har husa mange – både verksemder og folk – sidan det blei bygt i 1923-24. Hommo har fått fortald at under andre verdskrigen kom ei kvinne med tre barn som flyktningar frå Finnmark. Namnet hennar var Hilda Kåven (1912-2006), og ho hadde ungane Harald, Ester og Laila.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nytt som sentrum

Åmot i Vinje blir stendig omtala som eit sentrum i Vest-Telemark. Faktum er at Åmot som kommunesenter ikkje er særleg gamalt. Det er derimot Åmot, som var plass under Åbø-Groven. Ifylgje boka som Vinje historielag gav ut i 2005 «Åmot – frå å-møte til kommunesenter» kan plassen vera rydda på slutten av 1700-talet.

Lite skjedde det neste hundreåret. I 1910 var det få fastbuande i Åmot, og bygningane avgrensa seg til eit handelslag med uthus, spinneriet Skrompen, bustadhuset til Olav B. Tveito, ungdomshuset, vadmålstampa, hotell og posthus. Sentrum i Vinje fyrste halvdel av 1900-talet var i Bøgrend. Vinje sparebank, som blei stifta i 1909, bygde nytt hus som stod ferdig i 1939. Det romma både heradstyresal og banklokale, samt bustad for bankkasseraren. 

Så kom Tokke-utbygginga, og i 1955 og 1956 blei det store omveltingar for Åmot. 

Rolf Larsen, Åsmund Midtbø, Ragnhild Stafseng, Sigurd Hovdestad, Jan Larsen, Brit Aaby, Villy Haugen, Ragnvald Ringhus, Øystein Groven, Olav Ringhus, Gudbjørg Hylland, Inge Olav Ljosstad, Magnhild Ringhus, Knut Hylland, Magnhild Ljosstad, Ingebjørg Å. Brekke og Gunnvor Skaret. (Foto frå boka om Åmot)
Rolf Larsen, Åsmund Midtbø, Ragnhild Stafseng, Sigurd Hovdestad, Jan Larsen, Brit Aaby, Villy Haugen, Ragnvald Ringhus, Øystein Groven, Olav Ringhus, Gudbjørg Hylland, Inge Olav Ljosstad, Magnhild Ringhus, Knut Hylland, Magnhild Ljosstad, Ingebjørg Å. Brekke og Gunnvor Skaret. (Foto frå boka om Åmot)
Både Torbjørg Oldbergsveen (t.v.) og Tove Våle hadde skuledagane sine i Vildalen-huset, med vegen som leikeplass og do på nedsida av vegen i enden av uthuset på den gamle Åmot-plassen. (Privat foto)
Både Torbjørg Oldbergsveen (t.v.) og Tove Våle hadde skuledagane sine i Vildalen-huset, med vegen som leikeplass og do på nedsida av vegen i enden av uthuset på den gamle Åmot-plassen. (Privat foto)
Aslaug (som kom frå Rogdeli) og Halvor (kom frå Heddal) Taraldsen var dei siste brukarane på Åmot. (Foto frå boka om Åmot).
Aslaug (som kom frå Rogdeli) og Halvor (kom frå Heddal) Taraldsen var dei siste brukarane på Åmot. (Foto frå boka om Åmot).
Tett ved sida av E134 mellom brua og kroa, stod huset der det no skal byggjast leilegheiter. (Privat foto)
Tett ved sida av E134 mellom brua og kroa, stod huset der det no skal byggjast leilegheiter. (Privat foto)
Her kviler Sæland-drifta på Åmot-plassen veg til eller frå sommarbeite i Havradalen. (Foto frå boka om Åmot).
Her kviler Sæland-drifta på Åmot-plassen veg til eller frå sommarbeite i Havradalen. (Foto frå boka om Åmot).

– Folketalet auka til det mangedobbelte, og det trongst hus. Anleggsfolk kom hit med familie som måtte ha husrom, born måtte ha skuleplass og alle måtte ha mat. Hus vart bygde – somme bygde privat og anlegget bygde for funksjonærane sine, skriv Olav B. Tveito i historilagsboka om utviklinga.

Mangfaldig historie

Tilbake til arnestaden; der det heile starta – på Åmot. Plassen skal vera rydda på slutten av 1700-talet av ein Olav Sveinungsson, og han sette opp stoge og fjøs med høytrev. Som på plassar flest, var det også på Åmot mange ulike leigetakarar opp gjennom tidene. Dei siste som bruka på plassen var Aslaug og Halvor Taraldsen (sjå bilete). I 1923-1924 blei huset som no gjekk opp i flammer, det såkalla Vildalen-huset bygt, og ekteparet Taraldsen var dei fyrste som budde der.

Og så var telefonsentralen der ein periode. Mange er dei som har hatt arbeidsstaden sin der som sentralborddame. Ingebjørg Tveito var ei av dei som «sat på sentralen». Det blir fortald at ho alltid hadde med seg ein bunad som ho sydde på medan ho var på arbeid.

Seinare vart det halde skule i huset. Av boka Skulesoge for Rauland og Vinje av Alv Halvor Straumstøyl, utgjeven i 1989, går det fram at kommunen i 1946 leigde huset, og at dei to romma i fyrste høgda, som før var bruka til telefonstasjon, vart slegne saman til eitt skulerom. Han fortel om dårleg plass og raklete pultar. Men verst av alt var dei sanitære tilhøva. Doen var enden av i uthuset på nedsida av vegen.

– Taket lak som ein sil. På dei verste uvêrsdagane måtte ein ty til uthuset på Samvirkelaget, men det var ikkje stort likare der, fortel Ånund Lie, som var lærar der ei tid. Huset blei bruka til skule fram til den nybygde skulen i Åmot stod ferdig i 1954, men heldt fram som campus (sic!) for framhaldsskuleelevane. Forfattaren av skulesoga, Alv Halvor Straumstøyl, var sjølv elev der. Han fortel at Mikkel Kråkenes frå Vrådal var lærar den tida.

Artikkelen held fram under annonsen.

Minne frå skuletida

Tove Våle, som er fødd i 1939 med jentenamnet Stafseng, gjekk alle sju åra i folkeskulen i Vildalen-huset. Fyste skuleåret hennar, 1946/47, var dei 22 elevar til saman. Småskulen og storskulen gjekk annankvar dag; småskulen måndag, onsdag og fredag, og storskulen tysdag, torsdag og laurdag. Våle minnest elevane bruka vegen som leikeplass.

– Der kasta me på stikka og slikt. Men skulle me spela ball var me nede på Åmotmyri, der Qmatec ligg no. Elles hadde me slaktaren Olav Løk som næraste nabo, og det lukta ikkje alltid like godt derfrå, minnest ho.

Skulevegen mellom heime på Groven i Mannås og Åmot var kring 6 kilometer kvar veg. Dei fyrste skuleåra var det berre å gå. Ho minnest bestmødrene til skuleungane skiftest om å møte dei på halvvegen, borti Mogane. Om vinteren hadde dei gjerne spark. Dei siste skuleåra blei skulevegen noko enklare, då blei det oftare biltransport å få, med vareruter og liknande. 

Skal bli leilegheiter

At mange har tilknyting og minne om dette huset er det liten tvil om. Gro Hommo har mellom anna fått vita at lensmann J.O. Kasin, som kom frå Heddal, hadde kontor der, og at Helga O. Landsverk budde der medan ho arbeidde på samvirkelaget. Huset var òg ei tid bustaden til Signe og Tor Krossli frå Vrådal. Kjersti og Håkon Vildalen kjøpte huset i 1956/1957.

Ekteparet Gro og Geir Åsmund Hommo kjøpte for nokre år sidan huset med 1,2 mål tomt av den siste som budde der, Einar Vildalen. No skal dei i gang med å byggje leilegheiter på staden gjennom eigedomsselskapet Åmot Eigendom AS, der også Roar Seltveit og Håvard Bratland er medeigar. Dei fem leilegheitene er teikna av Arnt Darrud på Gvarv, og er eit såkalla passivhus; altså eit hus som skal bruke lite energi. Det er  Roar Seltveit og Geir Åsmund Hommo i Telemark miljøbygg AS som skal byggje bustadkomplekset.

– To av leilegheitane er alt selde, men me må selje tre før me kan byrje, seier Gro Hommo, som håpar på byggjestart i vår.