«Den nordiske motstandsbevegelsen» sine flygeblad.
«Den nordiske motstandsbevegelsen» sine flygeblad.

Nynazistisk propaganda i postkassene

«Den nordiske motstandsbevegelsen» har spreidd bodskapen sin i Seljord.

Tysdag morgon hadde fleire av innbyggarane i Seljord fått flygeblad frå den nasjonalsosialistiske organisasjonen «Den nordiske motstandsbevegelsen» i postkassene.

I flygebladet står det skrive om korleis dei ønskjer at dei nordiske landa skal sameksistere.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hovudmålet deira er å «skape ein nordisk nasjonalsosialistisk republikk beståande av dei nordiske landa Sverige, Finland, Norge, Danmark, Island og eventuelt også dei baltiske landa».

Else Eilefstjønn, politiførstebetent ved Seljord lensmannskontor, fortel at fleire av dei som har motteke flygeblada har reagert svært negativt.

– Me har registrert at det er mange som har fått dei i postkassene i Seljord sentrum. Dei har også lagt flygeblad på bilar og festa klistremerker på lyktestolpar rundt forbi, seier Eilefstjønn.

Les også:Nynazistisk organisasjon planlegg fleire rekrutteringsmøte i Telemark

Dette er det fyrste politiet i Seljord har høyrt eller sett frå organisasjonen sidan dei leigde grendehuset på Vefall til å arrangere «kampdagane» sine for to år sidan.

– Dei har også vore lenger oppe i Vest-Telemark, i Høydalsmo til dømes. Der har dei festa klistremerke i busskur, seier Eilefstjønn.

– Kva tenkjer de i politiet om at dei er tilbake?

– Me synest jo ikkje dette er greitt, og me veit at fleire har vore rundt og fjerna klistremerke.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hendinga kjem ein drøy månad etter at det som framleis er ukjende gjerningspersonar la rastiske flygeblad i postkassene i Vinje. Så vidt politiet veit er det ingen samanheng mellom dei to hendingane.

Les også:– Eg blir ikkje lei meg, eg blir sterkare