Grendehuset på Vefall Brekke.
Grendehuset på Vefall Brekke.

Nynazistisk organisasjon planlegg fleire rekrutteringsmøte i Telemark

Leiaren for «Den nordiske motstandsbevegelsen» vil ikkje kommentere kvifor dei valde Vefall Brekke som arena for «kampdagane» i dyrskuhelga, men han varslar fleire rekrutteringsaksjonar i Telemark. Politiet avkreftar at det er eit miljø med nynazistiske haldningar i Vest-Telemark.

Det var medlemmar av den nynazistiske organisasjonen «Den nordiske motstandsbevegelsen» som var samla i Seljord førre helg.

Der disponerte dei ifølge nettsidene sine grendehuset på Vefall Brekke for å ha førelesingar og trene på sjølvforsvar. Det var Telemarksavisa som fyrst omtalte at organisasjonen hadde hatt treff i Telemark.

Artikkelen held fram under annonsen.

Leiaren for «Den nordiske motstandsbevegelsen», Haakon Forwald, svara kort på spørsmåla VTB stilte han onsdag.

– Kvifor valde de Vefall Brekke som arena for kampdagane?

– Ingen kommentar.

– Har de medlemmar frå området?

– Ja.

– Har de planar om fleire rekrutteringsaksjonar i Telemark?

– Ja.

Berre enkelttilfelle i Vest-Telemark

– Det er ikkje etablerte miljø av denne typen i Vest-Telemark anna enn enkelttilfelle i form av utdeling av flyers og ytringar på nett, seier leiar for politiet i Midtog Vest-Telemark, Sigrid Dahl.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho bekrefta måndag at politiet visste om aktivitetane som skulle finne stad på grendehuset på førehand. Vidare sa ho at sjølv om det er ytringsog forsamlingsfridom i Noreg, så er dette eit miljø politiet held eit auge med.

– Generelt er politiet bekymra for miljø som trugar med, fordrar til eller brukar vald for å oppnå sine målsettingar. Me følgjer difor n øye med på dei, seier Dahl.

Vil ikkje uttale seg til lokalavisa

Lene Braaten er leiar i Vefall Brekke grendelag. Ho nektar å uttale seg meir om saka til Vest-Telemark blad, men til Telemarksavisa seier ho:

– Styret var ikkje kjent med formålet for leiga før me las om det i media. Me fekk opplysningar om at bygget skulle brukast av ein familie som kom på besøk i Dyrsku-helga, sa ho til avisa, og la til at det var ein privatperson frå distriktet som var leigetakar.

Braaten kunne ikkje svare på om vedkommande har leigd grendehuset ved tidlegare høve, då ho ikkje sat med denne oversikta sjølv. På spørsmål om dei følte seg lurt, svara ho:

– Ja, ein kan vel seie det på den måten ettersom han sa ein ting og gjorde noko anna.