Ny start for Øy-Blikk

(NPK): Tre veker etter at lokalavisa Øy-Blikk i Giske kommune på Sunnmøre la ned drifta, er avisa no i gang att.

– Det var viktig for meg å koma fort i gang att, at opphaldet ikkje vart for langvarig, seier Odd-Egil Valderhaug til Sunnmørsposten. 63-åringen starta lokalavisa for tretti år sidan. No utset han pensjonisttilværet og satsar friskt igjen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han har kjøpt konkursbuet og gjeve seg sjølv to år på å prøva å få avisa på beina att, fortel avisa.