Nordstoga slepper ny singel

I dag slepper Odd Nordstoga låta «Halleluja». Det er den andre singelen frå albumet «Kløyvd» som blir sleppt 9. februar.

– Halleluja er ein enkel song om ein fyr som skryter av kor bra det går i sitt nye singelliv, men i refrenget må han jo kapitulere – som ofte kan skje i eit refreng. Han seier: «Halleluja om du berre kom heim att», skriv plateselskapet i ei pressemelding.