Administrasjonssekretær Reidun Lofthus.
Administrasjonssekretær Reidun Lofthus.

No krev politikarane månadlege rapportar

Årsrekneskapen for 2016 syner eit overforbruk i helsesektoren på 8,6 millionar kroner. No krev politikarane i Vinje månadlege økonomirapporteringar frå administrasjonen for å få kontroll på økonomien.

– Me kan ikkje halde på å komme i denne situasjonen år etter år. Gjennom eit heilt år er det ikkje oppdaga nokon plass eit meirforbruk på 8 millionar kroner. Det går ikkje an, ytra Tone Edland (Sp) frå talarstolen i kommunestyre i Vinje torsdag.

Ho, saman med andre kommunepolitikarar, var rysta over at helsesektoren i kommunen nok eit år driftar med overforbruk. Opplysningane kom fram under handsaming av årsmelding og årsrekneskap 2016 for Vinje kommune. Tone Edland fekk støtte frå både Ingerid Hayes (SV) og Bjørn Arne Lindskog (H), som båe ytra uro for drift og overforbruk frå talarstolen torsdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dialogmøte

Børre Rønningen (Ap) gav uttrykk for at han ikkje ønskte å overdramatisere situasjonen.

– Eg har tru på dei sjølvstyrte eininga våre. Einingane våre driv i hovudsak bra, men så må ein akseptere at det kan oppstå ekstraordinære situasjonar, sa Rønningen. Han opplyste også at formannskapet har bedd om eit dialogmøte med eininga for å komme til botn i overforbruket på 8,6 millionar kroner. Møtet er fastsatt like over sommarferien ifølgje rådmann Jan Myrekrok.

Børge Skårdal (V)
Børge Skårdal (V)
Faksimile VTB 31. mars 2017.
Faksimile VTB 31. mars 2017.

Like fortørna som politikarane

– Når me såg dette resultatet mot slutten av fjoråret sette me i gang tiltak umiddelbart. Me er sjølvsagt like fortørna som politikarane, og jobbar dagleg med at det ikkje skal skje igjen, opplyser Myrekrok til VTB.

Samhandlingsreforma er svært ressurskrevjande, og i tillegg jobbast det med ulike prosjekt innad i reforma. Dette er ein av grunnane til overforbruket, men rådmannen er likevel tydelig på at ein skal ha meir kontroll på økonomien enn fjorårets årsrekneskap synte.

– Me skal kunne styre betre enn me har gjort i 2016, og eg er viss om at me skal få det under kontroll inneverande år, slår Myrekrok fast.

Avventar løyvingar

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommunestyret vedtok, etter framlegg frå Tone Edland (Sp), at formannskapet skal ha månadlege rapporteringar kring øko- nomisituasjonen i helse-eininga fram mot budsjetthandsaming seinare i år. Ho fekk også tilslutning for framlegget om å avvente med tilleggsløyvingar til eininga til etter det planlagde dialogmøte over sommaren, når kommunestyret handsama sak om tertialrapport 1 og budsjettrevisjon 2017.

«Me skal kunne styre betre enn me har gjort i 2016, og eg er viss om at me skal få det under kontroll inneverande år.»

Jan Myrekrok rådmann

God drift

Årsmelding og årsrekneskap 2016 for Vinje kommune syner for øvrig at kommunen driftar godt. Netto driftsresultat for 2016 syner eit overskot 34,4 millionar kroner mot 30,4 millionar kroner i 2015. Kommunen hadde i tillegg eit mindreforbruk i 2016 på 9,2 millionar kroner.

«En politikk for flere enn bonden!» Ytringar på side 18.