Bygget som Knut Haugsjå AS står bak skal ha 20 kontor og stor kantine som ein også kan bruke til møtesal.
Bygget som Knut Haugsjå AS står bak skal ha 20 kontor og stor kantine som ein også kan bruke til møtesal.

Næringshage er full – ny blir bygd

Den privatbygde Treungen Teknologipark med 14 kontor er fullsett av sju bedrifter. Ei entreprenørbedrift byggjer nå næringshage på sørsida av Tveitsundbrua.

I mars 2015 stod Treungen Teknologipark med eit bruksareal på 350 kvadratmeter og 14 kontorplassar klar til innflytting.

Teknologipark for eigne jobbar

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei som stod for utbygginga til åtte millionar kroner og er eigarar av bygget er nissedølane Rune Johansen, Kai Halvor Juva, Paul Willy Setane, John Oddvar Jermansen og Jeroen Houthuizen. Dei fire fyrstnemnde jobbar i dag i heile stillingar på kontoret, og i avdelinga som offshoreverksemda Hitec Products i Stavanger oppretta i Treungen i 2011.

I ei tid med flott utvikling var det heile elleve tilsette ved avdelinga i Treungen, før det kom ein nedgang i oljebransjen. Då blei det ein del ledige kontor i teknologiparken midt i sentrum av bygda.

Var eit behov

– Her vekslar det mellom fullt og stappfullt, seier avdelingsleiar Rune Johansen i Hitec Products om dagens interesse for å leige kontor.

Sju bedrifter har «okkupert» dei 14 kontorplassane i bygget.

– Det er kjempebra og viser at det me trudde den gongen stemte – at det var eit behov for ein del kontor og når moglegheita kom ville fleire bedrifter samle seg her, seier Johansen.

Han fortel om flott stemning under felles lunsjtid i teknologiparken. Byggeigarane har av og til felles arrangement for leigetakarane, noko Johansen erfarer at dei set pris på.

Hitec Products si avdeling i Treungen jobbar med å få fleire bein å stå på, og Johansen håpar det etter kvart blir ein auke i arbeidsstokken utover dagens fire tilsette.

– Då må de kanskje byggje på teknologiparken?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kanskje ikkje når det nå kjem ny næringshage i Treungen, me får heller sjå. Og det er jo like greitt at det nå blir to forskjellige næringshagar i Treungen, i staden for éin stor svarar Johansen.

Teknologiparken fekk i si tid ein halv million kroner frå Kommunal- og regionaldepartementet, etter tilråding frå Nissedal kommune.Det er alt av tilskot parken har fått, og det vil seie at privatpersonar har tatt det meste av kostnadene med bygget.

20 kontor og kantine

Kostnaden med kontorbygget som nå er under oppbygging på industriområdet i Treungen, skal entreprenørfirmaet Knut Haugsjå AS ta. Bygget blir på 480 kvadratmeter fordelt på to etasjar. Firmaet skal sjølv ha ni av kontora, medan elleve kontor blir for utleige.

– Me sjølve trengte nytt administrasjonsbygg. Det blir liggande på ei fin og ypparleg tomt, og rett ved sida av verkstaden vår. Me tenkte at når ein fyrst byggjer, dreg me på litt. Det blir også ei stor kantine ein kan bruke til møtesal, og eit mindre møterom nede, seier Magne Haugsjå, dagleg leiar i Knut Haugsjå AS.

Målet er at bygget skal stå ferdig til ferien. Haugsjå vil ikkje seie noko om kostnaden på bygget.

– Kva skal de kalle bygget?

– Me har spøkt med at me skal kalle det Nissedal næringshage, svarar Haugsjå.

Han er glad for at satsinga på næringshagen eller teknologiparken i Treungen sentrum har vore veldig vellykka.

Artikkelen held fram under annonsen.

– At det nå er fullt i teknologiparken er bra for dei som eig bygget og for oss, og det er bra for heile Treungen og Nissedal at det er såpass trykk i næringslivet, seier Haugsjå.