– Det kan få store fylgjer for næringsdrivande dersom dei gløymer tidsfristar eller gjer feil i rapporteringane til Skatteetaten framover, seier Hans Olav Omtveit, dagleg leiar i Seljord Rekneskapsservice AS.
– Det kan få store fylgjer for næringsdrivande dersom dei gløymer tidsfristar eller gjer feil i rapporteringane til Skatteetaten framover, seier Hans Olav Omtveit, dagleg leiar i Seljord Rekneskapsservice AS.

Næringsdrivande kan få svi på pungen

Skatteetaten har med verknad frå i år fått utvida rett til å bøteleggje næringsdrivande som ikkje held tidsfristar eller som gjer feil.

Dei nye sanksjonsreglane kan få mykje å seie for dei lokale næringsdrivandes økonomi. I alle fall må næringsdrivande i større grad sjå til eigne kontaktopplysningar er oppdatert, og at reglane for tidsfristar blir haldne. Viss det blir synda mot dette, kan det bety store ekstrakostnader for næringsaktørane.

– Urettvist

Dagleg leiar Hans Olav Omtveit i Seljord Rekneskapsservice AS opplyser at ved å levere skattemeldingar etter tidsfristen vil det kome ei tvangsmulkt på 524,50 per dag. Beløpet utgjer eit halvt rettsgebyr.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Om du leverer andre tredjepartsopplysningar enn a- meldingar etter tidsfristen, vil du bli bøtelagt med to heile rettsgebyr, altså 2 098 kroner per dag, fortel Omtveit.

Ei a-melding inneheld informasjon om arbeidsforhold, løn, ytingar, skattetrekk og arbeidsgjevaravgift.

– Det som er spesielt med dei nye reglane er at dei gjeld like mykje for ein næringsdrivande som har null omsetning eller aktivitet i firmaet, eller enkeltmannsføretaket, som for ein som har ein million i omsetning. Det er på mange måtar urettvist slik eg ser det, meiner Omtveit.

8 700 for ingenting

Han trekkjer fram eit døme på ein kunde dei har. Vedkomande hadde tidlegare eit aktivt firma med omsetning. Etter kvart kutta han ut drifta i firmaet og dermed var det null å melde. I ein overgangsmånad glapp denne null-rapporteringa, og kunden fekk tilsendt melding om gebyr i innboksen på Altinn, der også sjølvmeldingar og liknande blir tilsendt.

– Selskapet blei meldt ut av a-registeret, men like fullt fekk kunden denne meldinga på Altinn. Men det er nok ikkje mange som er flinke til å sjekke kva som er i den innboksen, så det gjekk nokre veker før meldinga om gebyr blei oppdaga. Det heile enda til slutt med eit gebyr på 8 700 kroner for forseinka rapportering om null løn og null omsetning. Det er vel nesten så ein blir tvilande til rettsstaten Noreg, seier Omtveit.

– Sjekk Altinn

Tidlegare kunne slike bøteleggingar klagast på lokalt. No må eventuelle klager sendast Skattedirektoratet og vidare til Skatteklagenemnda.

– Det blir i alle fall ikkje enklare å nå fram med dei nye reglane, seier han.

– Kva betyr dette for dykk som driv rekneskapskontor?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me må vere endå meir påpasselege med tidsfristar. Det kan bli dyrt dersom me ikkje har orden i eige hus. Oppmodinga mi er at næringsdrivande, om det er som enkeltmannsføretak eller aksjeselskap, må sjekke kva som ligg i den elektronisk postkassa på Altinn. Etter at dei strenge reglane no har kome, vil det ikkje som før vere betre å be om tilgjeving enn om tillating – tvert om, seier Omtveit.

– Me må ikkje gløyme at det er menneskeleg å feile – også å misse tidsfristar, avsluttar Omtveit.

 

Altinn:

Norsk felles internettportal for å levere elektroniske skjema til offentlege myndigheiter, og for dialog mellom det offentlege og næringsliv og privatpersonar.