Rauland hyttevelforening likar dårleg at Vinje kommune vel å bruke formuleringa «tett hytteutbygging» når dei snakkar om satsingsområda. (Illustrasjonsfoto frå Vågslid)
Rauland hyttevelforening likar dårleg at Vinje kommune vel å bruke formuleringa «tett hytteutbygging» når dei snakkar om satsingsområda. (Illustrasjonsfoto frå Vågslid)

Meiner kommunen ikkje tek omsyn til hytteeigarar og friområde

Erik Berg Hansen, leiar i Rauland hyttevelforening, er ikkje nøgd med samfunnsdelen i kommuneplanen formannskapet har stilt seg bak. Vinje-ordføraren svarar at planen ikkje bør vera for detaljert.

– Me har ikkje blitt høyrt av politikarane i Vinje, og det er beklageleg. Det må koma formuleringar som i større grad tek vare på hytteeigarar som alt er etablert i hyttefelta, og friområda rundt, seier Erik Berg Hansen, leiar i hyttevelforeininga.

Under høyringa var Rauland hyttevelforening ein av partane som kom med innspel til kommuneplanens samfunnsdel. Planen set langsiktige mål og strategiar for Vinje kommunes utvikling mot 2035. Hyttevelforeininga kravde i sitt innspel tydelegare mål for korleis Vinje kommune ville samarbeide med, og vidareutvikle forholdet til hyttebefolkninga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Likar ikkje formulering

I kommuneplanens samfunnsdel, som formannskapet samrøystes har vedteke, står det: «Rauland og Vågsli er satsingsområde for reiseliv. Med satsingsområde meiner me tett hytteutbygging, tilkopling til kommunal infrastruktur og høg tilrettelegging av fellesgoder som løypenett og andre kvalitetar som gjer satsingsområdet til ein attraktiv destinasjon.» Vidare står det: «Hytteutbygging utanfor satsingsområda skal vera mindre i omfang og ta meir omsyn til grendeutvikling og landbruk, i tillegg til friluftsliv og landskap.»

– Me likar dårleg at kommunen vel å bruke formuleringa «tett hytteutbygging» når dei snakkar om satsingsområda. Me forstår at reiseliv og utvikling er viktig i Rauland og Vågslid, men det er kriteria me reagerer på: Fortettinga står der utan noko atterhald, seier Erik Berg Hansen.

Hansen meiner ei slik formulering gjer det enkelt for grunneigarar å tenkje profitt og ikkje ta omsyn til hytteeigarars interesser. Han seier det har vore tilfelle der grunneigarar skal ha gitt hytteeigarane munnlege løfter om at hyttefelta ikkje vil bli meir fortetta, men at dei seinare vel å utvide likevel.

Vinje-ordførar Jon Rikard Kleven seier han er godt kjend med kva Rauland hyttevelforeining ønskjer. Han forklarar at det er ein grunn til at formuleringane er som dei er.

– Kommuneplanens samfunnsdel er overordna og retningsgivande for heile kommunen. Å drive detaljert i samfunnsplanen vil vere å låse seg fullstendig – det er verken mogleg eller lurt. No behandlar me dei enkelte kommunedelplanane for kvart område, som Rauland og Vågslid. Det er i desse planane me detaljert kan meine noko om det politisk, forklarar Kleven.

Ifølgje Kleven er det på Rauland og i Vågslid opna for omtrent 1000 hytter i kvart område dei neste ti åra. Det vil seie ein vekst på 50-70 hytter i året, avhengig av marknaden.

– Med formuleringa «tett hytteutbygging» ønskjer me å unngå spreitt hytteutbygging i heile kommunen. Me vil ha det konsentrert på få område, som det er i dag. Det er av same grunnar som Erik Berg Hansen tek opp – å ta vare på friluftsområde og å ha fine turmoglegheiter på alle måtar.

Angåande hyttevelforeininga si uro for fortetting, påpeikar Kleven at politikarane vil vurdere kva som er forsvarleg eller ikkje.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Grunneigar kan, med ein reguleringsplan for hytteutbygging, søkje fritt om fortetting. Då går det til høyring, der alle partar vil kunne koma med sine innspel. Det er politikarane som er siste instans og som avgjer omfanget av planen, basert på vurderingar av kva som er rett eller ikkje.

Venta auke i hytter

Hyttevelforeininga påpeikar at fritidsbustader i kommunen dei siste 15 åra har auka med 1759 einingar, og at det er all grunn til å forvente tilsvarande vekst framover. Samla er det no mellom 15 000-20 000 personar på hyttene – det er fire gonger så mange som det er fastbuande i kommunen. Det meiner Berg Hansen kommunen bør reflektere meir rundt.

   – Desse hytteeigarane legg igjen millionar av kroner i Rauland-området, som har kome både næringsliv og skattekassa i Vinje til gode. Hyttefolket er ein viktig ressurs, seier Berg Hansen.

Kommunestyret samfunnsdelen i kommuneplanen torsdag. 

Møte med «kart og teiknesaker»

I samband med den aukande utbygginga av hytter og fritidsbustader, har Vinje kommune invitert hytteeigarar til å koma med innspel i arbeidet med den nye kommuneplanen. Laurdag 4. februar er det duka for eit møte med «kart og teiknesaker», på Raulandshuset i Krossen.