Vrådal golfklubb har ein 9-hols bane som ligg i flotte omgivnadar på Fossøy i Vrådal.
Vrådal golfklubb har ein 9-hols bane som ligg i flotte omgivnadar på Fossøy i Vrådal.

Med mat som jobb og golf som hobby

Vemund Sanden Tørdal vann nyleg ein golfturnering i Ulefoss med 54 deltakarar. Til hausten byrjar han å jobbe som kokkelærling på Straand hotell, men det er ingen tvil om kva som er favorittsysselen hans.

Det heile starta med ein bursdagsgåve for tre år sidan. Det hadde blitt bygd ny golfbane i Vrådal året før, og faren til Vemund Sanden Tørdal ville gje han moglegheita til å prøve den, så han fekk «Vegen til golf»-kurs i bursdagsgåve. Vemund hadde aldri spela golf før og hadde berre prøva minigolf eit par gonger. No, tre år seinare, er han klubbmeister og instruktør i Vrådal Golfklubb. Han er styremedlem, og er med på å organisere mange av golfturneringane. Kva skjedde i løpet av desse åra?

Golftalent og kokkelærling

Då Vemund var ferdig på Kviteseid ungdomsskule for to år sidan var det eigentleg ikkje noko spørsmål kva han skulle vidare.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var eit naturleg val, fortel Vemund.

– Eg har lenge lika matlaging, og eg er veldig glad i praktiske ting og å arbeide med hendene. Og så er jo mat noko alle må ha, og det går an å gjere så mykje forskjellig med det, fortset han.

Difor blei det restaurant og matfag på Seljord VGS, og etter to år er han no klar til å starte som lærling på Straand hotell i Vrådal. Der skal han vere i to år, før han får fagbrev. Men trass i kjærleiken for mat er det ikkje matlaging som har fyrsteprioriteten.

Vemund Sanden Tørdal sender ballen i holet med ein fin putt.
Vemund Sanden Tørdal sender ballen i holet med ein fin putt.
Drivingrangen i Vrådal er særs unik, og er ein av to drivingrangar i heile Noreg der du skyt ut i vatnet.
Drivingrangen i Vrådal er særs unik, og er ein av to drivingrangar i heile Noreg der du skyt ut i vatnet.
Vemund Sanden Tørdal elskar golf, og trenar mykje for å bli så god som mogleg.
Vemund Sanden Tørdal elskar golf, og trenar mykje for å bli så god som mogleg.
Brigitte Strander er sentral i golfmiljøet i Vrådal, og trena Vemund då han starta med golf. Ho har sjølv spela golf i 36 år.
Brigitte Strander er sentral i golfmiljøet i Vrådal, og trena Vemund då han starta med golf. Ho har sjølv spela golf i 36 år.

– Golf er nok mykje meir moro, ja, stadfestar Vemund.

– Men om vinteren til dømes kan eg jo ikkje spele golf, så då blir det meir matlaging, fortset han.

Vemund ser for seg ei profesjonell framtid i matlagingsbransjen. Golfen blir nok berre ein hobby, i alle fall enn så lenge.

Nyleg blei Volvo World Golf Challenge arrangert av Norsjø Golfklubb, og Vemund var ein av deltakarane. Sjølv om det var mange flinke spelarar der, klatra Vemund heilt til topps, tok fyrstepremien og fekk ein billett til landsfinalen med seg heim.

– Landsfinalen er i september, og den er på ein løynd stad, slik at me ikkje skal kunne førebu oss på banen me skal spele på, forklarer Vemund.

Artikkelen held fram under annonsen.

Om det er mogleg vil Vemund gjerne bli profesjonell golfspelar.

– Det hadde jo vore draumen, men eg ser ikkje for meg at det skjer. Det er jo så mange som er så gode, og det er ein veldig vanskeleg sport å nå opp i.

Treningsglad og motivert

Vemund bur i Vrådal, og han syklar ut til golfbanen nesten kvar dag for å trene. Nokre dagar kan han reise heimanfrå klokka åtte og kome heim klokka elleve om kvelden etter å ha vore på golfbanen heile dagen.

– I gjennomsnitt trenar eg kanskje ein 5-6 timar kvar dag. Då eg gjekk på skulen sykla eg rett ut hit for å trene når eg kom heim, fortel Tørdal.

Han har vore spesielt ivrig, og det er kanskje det som har gjort at han har blitt så god så fort.

– Eg spelar så mykje som mogleg. Eg trenar ein del med Simen Syftestad frå Kviteseid, som er veldig god.

I Europa nyttast eit system som blir kalla «handicap» for å rangere kor god ein spelar er. Det blir måla ved å sjå kor mange slag over par ein ligg gjennomsnittleg på ein 18-holsbane.

– Når du er nybyrjar har du 54 i handicap. Jo betre du spelar, jo lågare handicap får du. Dei beste ligg under par, fortel Vemund. Han har 10,3 i handicap nett no, og har eit mål om å kome under 8 i år, og kanskje 5 til neste år.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg trur eg kan klare det, dersom eg held fram med treninga.

Inspirasjonen hentar Vemund frå andre sida av Atlanteren.

– Favorittspelaren min er Phil Mickelson. Han er så utruleg dyktig, og det er spesielt moro å sjå på nærspelet hans. Og uansett korleis det går med han i turneringar, så er han i godt humør, seier Tørdal.

På spørsmål om kva han sjølv er best i, nærspel eller dei lengre slaga, blir Vemund usikker.

– Eg trenar like mykje på alt, og satsar på å bli god i alt. Det må ein vere for å bli flink. Du må kunne slå utslag på 200 meter, og kunne putte på éin meters avstand. Det nyttar ikkje å vere ein meister i å slå langt dersom ein aldri klarar å putte og chippe. Og så må ein kunne setje alt saman når ein spelar og skifte frå lange til korte slag.

Må langt dersom ein aldri klarar arar sar på å bli god i alt. Det må ein vere for å bli god. Det nyttar ikkje å vere ein mester iotivasjonen står det ikkje på. For sjølv om store delar av dagane blir bruka til reising på konkurransar i Telemark, Vestfold og av og til Oslo, er det framleis moro.

– Det som er så bra med golf er at alle kan gjere det. Det stiller svært få fysiske krav. På same tid får du mykje bra trening. Ein vanleg 18-holsbane er over 6 km lang, og eg går nok eit par mil i løpet av ein dag. Du tenkjer ikkje på at du bevegar deg når du fokuserer på spelet. Det er også alltid betringspotensiale, og du har berre deg sjølv å skulde på dersom noko går galt. Det er sosialt, og ofte fine omgivnadar. Golf er ein kombinasjon av mosjon, frisk luft, kameratar og gøy spel.

Ferskt anlegg

Golfbanen i Vrådal blei laga til i 2013, og er framleis ganske ny. Den er ein del av Vrådal Panorama. Til dagleg blir klubbhuset drive av Brigitte Strander. Ho har drive med golf i 36 år, og i starten var det ho som trena Vemund.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg hadde ikkje vore der eg er i dag utan ho, meiner Vemund.

Golfbanen inneheld ein 9-holsbane i flotte omgivnadar på Fossøy i Vrådal, ein «drivingrange» og ein «puttinggreen», i tillegg til eit flott klubbhus der ein kan kjøpe seg noko godt. Drivingrangen er ein av to i heile Noreg der du skyt ut i vatnet. Her kan du øve på dei lange slaga, og sjå kor langt ut i vatnet du får golfballen. Men du treng ikkje uroe deg for forsøpling, for ytst i vika er det ei oppsamlingsgrind som ballane ikkje flyt forbi, og når vinden blæs innover kjem ballane tilbake av seg sjølv. Men det hender at nokon slår over oppsamlingsgrinda.

– Eg har gjort det eit par gonger, men eg prøver å unngå det så godt eg kan, for då blir Brigitte sur, innrømmer Vemund.

For (nesten) alle

Dersom dette høyrast freistande ut, og dersom du vil prøve deg sjølv, er det nokre steg ein må ta fyrst.

– Av tryggleiksårsakar kan ikkje alle spele på golfbanen. Det ville vore for farleg dersom ein ikkje visste korleis ein skal te seg. Det fyrste ein må gjere er å ta eit «Vegen til golf»-kurs. I Vrådal arrangerer me det 15.–16. juli, og me skal ha to eller tre kurs seinare i haust, for dei som ikkje kan i juli. Tek du dette kurset får du det som før heitte grønt kort, og då kan du spele på bane dersom du er medlem i ein klubb.

            Mange har eit inntrykk av at golf er ein dyr sport å drive med. Vemund meiner det ikkje treng stemme.

– Du får eit greitt nybyrjarsett med køller til 1500 kroner, og så lenge du har det, eit par golfballar, kurs og medlemskap, så har du det du treng. Det blir ikkje mykje dyrare enn mange andre idrettar der du må kjøpe utstyr. Men dersom du skal drive på eit høgare nivå blir det sjølvsagt dyrare, innrømmer Vemund, og røper at han har nok brukt nokon tusen på utstyr sjølv.

Det er Vemund som er instruktør på kursa i Vrådal.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er mykje spennande som skjer på golfbanen i Vrådal i sommar. Me skal arrangere Strander Cup 29.–30. juli, og klubbmeisterskap den 27. august. I tillegg skal me ha nattgolf den 7. oktober. Då festar me glowsticks til køllene, brukar sjølvlysande ballar og speler i mørket. Og så avsluttar me sjølvsagt med lapskaus inne hos Brigitte, fortel det unge talentet.

Golf

Golf blir spela på ein golfbane, eit grasdekka område med 6, 9 eller 18 hol. Spelets grunnleggjande idé er ganske enkel. Ein ball blir spela frå ein fastsett utslagsstad til eit fastsett hol i bakken på færrast mogleg slag. Undervegs møter spelaren diverse utfordringar som tjukt gras, buskar, tre og kratt, vasshinder og sandbunkarar. I tillegg er vêr og vind ein medverkande faktor.

Ord og uttrykk

Birdie: Resultat med eitt slag mindre enn par på eit hol.

Bogey: Resultat med eitt slag meir enn par på eit hol.

Drivingrange: Treningsfelt.

Eagle: Resultat med to slag mindre enn par på eit hol.

Handicap: Målestokk for ein spelars speledugleik. Gjev uttrykk for kor mange fleire slag enn banens par spelaren vil bruke til vanleg.

Hola) Hol på greenen (108 mm i diameter) som ballen speles til.b) Del av banen kor ein speler frå eit utslagssted til tilhøyrande puttinggreen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hole-in-one (HIO): Eit golfhol spela på eitt slag.

Hola ut: Ein ball er hola ut når den ligg i ro under holkantens nivå.

Par: Mengda slag ein spelar med spelehandicap 0 bør bruke på eit hol rekna ut etter lengda på holet.

Puttinggreen: Spesielt kortklipt område som er preparert for putting, og der holet er plassert.

Kjelde: Norges Golfforbund, golfforbundet.no