Frå verandaen på huset sitt i Fjågesund ser Tone beint i ein fjellvegg. Der har det blitt mange treningsturar opp og ned på Ånås.
Frå verandaen på huset sitt i Fjågesund ser Tone beint i ein fjellvegg. Der har det blitt mange treningsturar opp og ned på Ånås.

Med jernvilje som drivkraft

Kva for mentale eigenskapar skal til for å nå toppen av verdas høgaste fjell? For Tone Gravirs del: Jernvilje og godt humør.

Når me kjem til Fjågesund ein dag på den mørkaste tida av året, til eit hus der det er sollaust, forstår me godt at Tone av og til må opp på toppane for å få litt ljos. Men kvifor ikkje nøye seg med Ånås, fjellryggen på vestsida av Fjågesund? Dét må me finne ut av.

For sin eigen del

Tone Gravir er fødd og oppvaksen i Fjågesund. No har ho altså vore på verdas høgaste fjell. Men trur du ho alt som jentunge sprang på fjella i heimetraktene? Langt i frå. Ho var nok godt oppe i trettiåra før ho var på Ånås, svarar ho på spørsmål frå lokalavisa. Ho orsakar seg med at det var helst på Tørdalshei familien Gravir var i oppveksten hennar. Dit reiste familien for å plukke molter og å gå på jakt. Der kom det, ja. Dei var som bygdefolk flest; gjekk ikkje nokon stad utan å ha ei oppgåve eller eit ærend. No er Tone mykje, mykje på tur – berre for turen si skuld. Utrettelege treningsturar, før den store, store turen – opp på verdas tak.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kva natursyn har du, og kva er motivet ditt for å nå dei høgaste fjella?

Tone humrar litt og slår ettertrykkeleg fast at ho også kan plukke molter, altså.

– Å vera i fjellet er utruleg flott. I tillegg er det vel dette å vera i ei boble. Det handlar ikkje nødvendigvis om å reise frå familien sin, men det er veldig avslappande. Du går tur for din eigen del. Dessutan er det spennande å treffe nye menneske. Det er eigentleg som å reise på ein annan tur, påstår ho.

Natta før teamet skal gjennom dei vanskelege partia søv ikkje Tone det grann. Kombinasjonen av frykt og spenning gjer henne søvnlaus, men likevel greier ho å halde seg fullstendig fokusert. (Bilete frå føredrag på Straand hotell i Vrådal)
Natta før teamet skal gjennom dei vanskelege partia søv ikkje Tone det grann. Kombinasjonen av frykt og spenning gjer henne søvnlaus, men likevel greier ho å halde seg fullstendig fokusert. (Bilete frå føredrag på Straand hotell i Vrådal)
– Eg er heldig som er ein så lett og glad person. Slik er eg skapt; eg er ofte i godt humør. Gjennomføringskrafta trur eg helst er ein kombinasjon av vala ein tek og personlegdomen, seier Tone.
– Eg er heldig som er ein så lett og glad person. Slik er eg skapt; eg er ofte i godt humør. Gjennomføringskrafta trur eg helst er ein kombinasjon av vala ein tek og personlegdomen, seier Tone.
Tone og Leif Harald takla smerte og frykt og nådde i mai toppen av Mount Everest. No stod den farlegaste delen att; nedstiginga. (Bilete frå føredrag på Straand hotell i Vrådal)
Tone og Leif Harald takla smerte og frykt og nådde i mai toppen av Mount Everest. No stod den farlegaste delen att; nedstiginga. (Bilete frå føredrag på Straand hotell i Vrådal)

Hugse på pust og rørsle

Avslappande. Smak litt på ordet. Gå og gå i luft som gjer det nærast umogeleg å puste. Gløymer ein seg og spring eit par steg, kjenner ein det i heile kroppen. Passe på å puste inn med nasen og ut av munnen. Det minner sherpaene deltakarane om. Kvar av klatrarane har ein sherpa med seg, ein som passar på helsa deira.

Fryse. Er det noko som er lite avslappande må det vera det å fryse. Men Tone fraus ikkje mykje, seier ho. Då dei stod på toppen av Mount Everest var det 25 minusgrader, men ganske vindstille. Ho kan ikkje minnast at ho fraus der. Men det hende då at ho fraus på turen, noko som helst skjedde i basecampen etter å ha sete stille ein periode. Då brukar ekspedisjonsdeltakarane å fylle drikkeflaskene sine med varmt vatn og leggje dei i soveposen. Så har dei også lunka vatn til morgonen.

Eit anna triks for å halde varmen og ikkje få skadar er å lee på tærne og fingrane. Heile tida. Påkledninga handlar om dun og ull. Ullsokkar, to ullstillongsar, og ullgenser med ei tynn dunjakke over. Og utanpå der ein heil dundress. Med ein glidelås som helst ikkje bør fryse fast. I alle fall ikkje om du skulle bli nøydd til å lata vatnet, slik det skjedde for Tone på veg ned att frå fjelltoppen. Då blei ho ekstra god og varm på føtene – i alle fall for ei lita stund.

Slikt fortel ho som litt krydder når ho og mannen Leif Harald held føredrag for ulike forsamlingar, noko som må til for å finansiere turane. Ekspedisjonane blir arrangert av eit firma i Colorado. Tone ser på arrangøren dei brukar som ryddig og seriøs; mellom anna er sherpaene dei har med seg forsikra. Betalinga for turen skjer til firmaet som organiserer turen. I tillegg får sherpaene ein toppbonus – når toppen er nådd.

Eigen sherpa

Som før nemnd har kvart ekspedisjonsmedlem med sin eigen sherpa, som mellom anna fylgjer med på helsa til vedkomande. Sherpaene er fyrst oppe i fjellet og lagar til basecamp for deltakarane – mellom anna syter dei for å flate ut grunnen der telta skal plasserast. Dei lagar mat og dei hentar vatn i breen. Vatnet må kokast før bruk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sherpaene, som blir bruka som hjelparar på ekspedisjonane, er eit eige folkeslag. Dei som er leigde innhar òg jobb med å bera, det muldyra og jakoksane ikkje ber. Jakane er sterke, og det er dei som ber det tekniske utstyret, fortalde Tone og Leif Harald til dei som var møtt fram på Straand hotell i Vrådal i haust, då Kviteseid turlag og Telemark turistforening skipa til ein føredragskveld med eventyrarane. Dei fortalde også at om til dømes stigane, som dei er avhengige av å klatre på, blir øydelagde, kjem det nokon og reparerer dei.

– Desse hjelparane er blant lønsadelen i landet, understreka dei to for forsamlinga i Vrådal.

Vest-Telemark blad spør Tone om det ikkje er eit visst ubehag med å ha folk til å gjera så mykje for seg. Det avviser ho.

– Når me er på tur, er me heilt likeverdige. Me er på besøk i telta deira, og blir servert sherpa-te med mjølk, kvitlauk og krydder. Det blir drukke mykje te på turen, smiler Tone.

Det blir altså lagt godt til rette for klatrarane. I basecamp er det også to do-telt med tønner i. Desse tønnene blir transporterte ut att anten med jak-oksar eller med helikopter. Alt blir rydda etter gjestene, og gjestene ryddar etter seg sjølve.

– Det blir sagt at det er så forsøpla langs rutene, men det er ikkje sant. Ekspedisjonen tek med seg sitt eige søppel, og også litt meir, om dei finn, fortel Tone.

God internett-tilgang

I basecamp har dei også ein lege. Det hjelpte lite då Tone mista ei tannfylling medan ho var der. Då var gode råd dyre, bokstaveleg talt. Eitt alternativ var å gå ned att til næraste landsby, noko som ville ta fem dagar. Eit anna alternativ var å rekvirere helikopter. Det blei løysinga. No har truleg Tone ikkje berre verdsrekord som eine delen av det eldste ekteparet som nokon gong har vore på verdas høgaste fjell, men ho har truleg også verdas aller dyraste tann i munnen.

Høgt til fjells, ja, men ikkje eigentleg langt frå sivilisasjonen. I basecamp hadde dei berbart internett, så dei hadde god kontakt med omverda både via skype og snap. Og mange fylgde bloggen deira.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var moro og motiverande med alle kommentarane me fekk, seier Tone, som medgjev at det var sårt å vera så lenge borte frå familien. Heile turen varte i ti veker.

Den mentale styrken

Tone og Leif Harald innrømte å ha påført familiane sine mykje uro, og til VG uttala dei at ungane helst hadde sett at dei ikkje hadde reist. Men så gjer dei det likevel. Kvifor? Kva er drivkrafta?

– Å fylgje draumane sine, er kanskje det enkle svaret.

Men grunnane er nok meir samansette enn som så. Å gjennomføre ei bragd, kanskje. Uansett – slikt greier ingen utan ein god porsjon mental styrke. Og kvar er kjelda til denne, tru?

Tone og Leif Harald er båe i full jobb i Posten. Tone har vore tilsett i etaten sidan 1983, og arbeider no som produksjonsanalytikar. Jobben medfører mange reisedøgn i året. Men trenast må det. No om dagane trenar dei mellom fem og ti timar i veka. Annleis før ein ekspedisjon. Då kan det vera å koma seg opp av senga klokka halv fire på morgonen og ta vegen fatt til jobb. Gåande. I to og ein halv time før jobb.

– Då må ein mange gonger ta seg sjølv i nakken, seier Tone nøkternt.

Frå frykt til fokus

Me er tilbake i basecamp. Neste dag skal eit vanskeleg parti forserast. Tone er redd. Ho er så redd at ho ikkje får sova. Ein kombinasjon av frykt og spenning gjer at ho ikkje får blund på augo i det heile tatt. Ho er spent og grugledar seg. Ho greier nesten ikkje eta. Er kvalm. Men så har ho fått på seg klede, sekk og utstyr og er klar. Då tenkjer ho: Nå er eg i gang.

– Då blir eg svært målbevisst og veldig konsentrert. Eg tenkjer på det eg skal gjennomføre og er heilt til stades i det. Konsentrere seg om neste steget. Setje den eine foten framfor den andre. Gå forbi folk som ikkje har greidd seg og enda livet sitt der. Då ho såg desse kom ein liten dødsangst snikande.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men eg var ikkje i dødsfare. Det var ingenting som tilsa at eg skulle døy der. Så det handla berre om å ta dei rette vala, seier ho.

Då lurar me: Dukka aldri tanken på det vesle barnebarnet hennar, Erlend, opp undervegs?

Tone rister på hovudet.

– Nei, det skjer ikkje når eg så veldig fokusert.

Mista tidsbegrepet

Tone gjekk saman med sherpaen sin mot toppen. Opplegget er slik at dei går i tre kvarter utan å snakke med kvarandre, det er for fysisk krevjande. Så tek dei ein pause på kring ti minuttar. Då Tone og sherpaen var i ferd med å forsere den siste delen av ruta mot toppen, mista ho begrep om tid. Ho tenkte ikkje lenger rasjonelt.

– Eg gjekk og såg på noko ljost framom meg, og forstod ikkje kva det var. Det handla berre om å konsentrere seg om der eg skulle setje føtene, og så såg og såg eg på dette underlege – som eg seinare forstod at var månen. Men eg var aldri redd, understrekar ho.

Der og då handla det berre om det å gå, plassere føtene og sjå på noko som ho ikkje forstod var månen. Slikt kan då umogeleg vera sundt, vil kanskje nokon innvende. Men slikt uroar ikkje Tone.

– Var aldri tankane dine innom familien?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nei, ikkje då. Dei kom då eg var på tur ned att og var meir sliten.

Gjennomføringskrafta

Det er berre tolv år sidan Tone og Leif Harald byrja å trene for å leggje ut på skikkelege ekspedisjonar.

– Visste du det frå før at du hadde den evna til å halde fullstendig fokus?

– Ja, eg har alltid hatt ei gjennomføringskraft. Det eg har bestemt meg for, har eg alltid gjort. Eg trur det er mange som hadde hatt ei slik evne om dei hadde pusha på ho. Men ein må ville!

Tone og Leif Harald ville. Klare det, det, og klare litt til. Høgare og høgare.

– De er det fyrste norske ekteparet som har vore på verdas høgaste fjell. Har de nådd det ultimate målet?

– Det høgaste, men kanskje ikkje det mest opplevingsrike, meiner ho.

Er det noko Tone og Leif Harald har bevist, så er det at dei har evna til å nå måla sine. Har dei nye mål, tru, og kva vil dei oppnå då?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er nøydd til å handle om fysisk aktivitet. Mål utanom det fysiske tel ikkje. Det er mykje fysikk med oss, svarar Tone, som godt kunne tenkje seg ein skitur til Sørpolen eller ein tur over Grønland. Slikt noko.

Men førebels held det med treningsturar opp den bratte lia frå huset i Fjågesund. Og dei 3,5 kilometerane rett opp til hytta på Samastad i Grungedal. Lesarane blir truleg ikkje forundra om dei får greie på at Tone og Leif Harald ikkje har snøskuter. To personar med stor oppakking strevande opp den bratte lia. Snille folk har gong etter gong stoppa og bode dei skuterskyss. Men no har dei slutta med det …

Dei store ekspedisjonane

* Måndag 22. mai nådde Tone Gravir (54) og Leif Harald Bergseth (55), som det fyrste norske ekteparet, toppen av Mount Everest, 8848 meter over havet.

* Dei kom til topps i eit team på i alt åtte personar.

* Fyrste gongen dei prøvde å nå toppen på verdas høgaste fjell var for to år sidan. Medan ekteparet var på kring 6200 meters høgde gjekk eit stort ras der 19 personar omkom. Tone og Leif Harald kom uskadde frå hendinga, men snudde.

* Det blei fort klart at dei ville prøve att. For å få lov til å klatre i fjella der, sel myndigheitene i Nepal lisensar. Ein slik lisens kosta 11000 dollar pr. person, og varte opphavleg i to år, men blei forlenga etter skredet. Skulle dei tilbake, måtte det bli før lisensen gjekk ut.

* Tidlegare har dei klatra opp på andre høge fjell. I 2008 kom dei seg på Uhuru Peak på Kilimajaro 5895 meter over havet, så nådde dei Aconcagua i Argentina 6962 m.o.h. i 2010, og 1. oktober 2012 planta dei det norske flagget 8163 meter over havet på Manaslu i Himalaya.

Dei store ekspedisjonane

* Måndag 22. mai nådde Tone Gravir (54) og Leif Harald Bergseth (55), som det fyrste norske ekteparet, toppen av Mount Everest, 8848 meter over havet.

* Dei kom til topps i eit team på i alt åtte personar.

* Fyrste gongen dei prøvde å nå toppen på verdas høgaste fjell var for to år sidan. Medan ekteparet var på kring 6200 meters høgde gjekk eit stort ras der 19 personar omkom. Tone og Leif Harald kom uskadde frå hendinga, men snudde.

* Det blei fort klart at dei ville prøve att. For å få lov til å klatre i fjella der, sel myndigheitene i Nepal lisensar. Ein slik lisens kosta 11000 dollar pr. person, og varte opphavleg i to år, men blei forlenga etter skredet. Skulle dei tilbake, måtte det bli før lisensen gjekk ut.

* Tidlegare har dei klatra opp på andre høge fjell. I 2008 kom dei seg på Uhuru Peak på Kilimajaro 5895 meter over havet, så nådde dei Aconcagua i Argentina 6962 m.o.h. i 2010, og 1. oktober 2012 planta dei det norske flagget 8163 meter over havet på Manaslu i Himalaya.