Mann i 20-åra teken i 118 km/t i 80-sona

Ein ung mann blei teken i UP-kontroll i Edland i ettermiddag.

Mannen er frå Vinje, og var gode 38 kilometer over lovleg fartsgrense, melder politiet på Twitter. 

Det var like etter klokka halv fem i ettermiddag at sjåføren blei stoppa i Edland. Han fekk førarkortet beslaglagt på staden, og blir framstilt for blodprøve. 

Artikkelen held fram under annonsen.

#Edland kl. 1538 UP målt bil i 118 km/t i 80sone på E134 ved Edland, fører en mann i 20årene fra Vinje fått sitt førerkort beslaglagt på stedet

— Politiet i Sør-Øst (@politietsorost)February 21, 2019