Mange bomskot av vegvesenet

Ytring

Eg viser til innlegg frå Arne Vinje om vegvesenet som bryt norsk lov/mållova.

Som representant for Rødt i Hovudutval for samferdsel i fylket har eg arbeidd med denne saka i snart eitt år no. Lova og retningslinene for vegvesenet er klare: «Skiltbodskap som blir gjeve med tekst, skal nytte den målforma som er vedteken i den kommunen der skiltet blir sett opp.»

Artikkelen held fram under annonsen.

Statens vegvesen har erkjent at dei har gjort feil, og ikkje fylgt desse retningslinene. I eit brev frå september 2016 forsikrar dei om at reglane heretter skal fylgjast. Likevel har dei no sett opp nye skilt med tekst på bokmål. På møte i Hovudutval for samferdsel no 8. mai tok eg opp dette med den nye vegsjefen for Telemark og Vestfold. Han erkjente at ny feil var gjort, og lova at skilta skulle byttast ut. Han bad i tillegg om tips om skilt som hadde feil målform.

Difor oppmodar eg alle i Vest-Telemark: Meld frå til Statens vegvesen om alle skilt som har feil målform.

Difor oppmodar eg alle i VestTelemark: Meld frå til Statens vegvesen om alle skilt som har feil målform. Dette gjeld ikkje bare desse nye kampanjeskilta, men alle skilt som har ein skiltbodskap med tekst.

Ottar Flatland