Slagordet til Posten er "Vi lever for å levere", men regjeringa vil no kutta ned på leveringsdagane av post fordi det ikkje løner seg.
Slagordet til Posten er "Vi lever for å levere", men regjeringa vil no kutta ned på leveringsdagane av post fordi det ikkje løner seg.

– Må finne ei løysing på distribusjonen

Stortingsrepresentant Solveig Sundbø Abrahamsen (H) stør forslaget om færre omdelingsdagar av post, men at ein då må finne ei ordning der papiravisene kjem ut som før.

Regjeringa har på høyring eit forslag om å gå over til å bringe ut post og aviser annankvar dag. Nyordninga kan kome i gang frå 2020.

– Eg stør høyringa. På ganske få år har det blitt ei halvering i talet på brev som skal ut i postkassene, og meir og meir har blitt digitalisert. Høyringa frå regjeringa er god, og tek innover seg den tida me lever i. Slik det er i dag er det feil måte å bruke dei økonomiske ressursane på – køyre ut post som ikkje er der lenger. Det er ikkje tvil om at me må gjere noko, og ei omdeling annankvar dag kan vere fornuftig.

Artikkelen held fram under annonsen.

Orda kjem frå flatdøl Solveig Sundbø Abrahamsen (H), stortingsrepresentanten som er frå eitt av regjeringspartia.

Distribusjon-utfordring

Tanken i regjeringsforslaget er at folk vil få omdeling til postkassa måndag, onsdag og fredag den eine veka, og tysdag og torsdag neste veke, og så vidare. Ein slik frekvens gjer at eitt postbod kan ha to ruter, og må då somme vekedagar levere ut gamle papiraviser.

For VTB vil dette seie at tysdagsutgåva vil kome i postkassa til mange abonnentar fyrst dagen etter. Endå lengre blir det å vente på helgeavisa som kjem ut fredagane, for dei som har siste vekepostomdelinga torsdagen.

– Desse abonnentane må vente i fire dagar og heilt til tysdag med å få helgeavis, kva synest du om det?

– Slike ting med distribusjon av aviser må me finne ei løysing på, svarar Abrahamsen.

Ho minner om at staten gjekk inn med mange millionar kroner for å hjelpe til slik at det framleis blei omdeling av aviser på laurdagen, då Posten slutta å køyre denne dagen. Oppdraget med omdeling gjekk til firmaet Kvikkas.

– Kan ein bruke noko tilsvarande som då Kvikkas byrja å køyre ut laurdagsavisene, undrar Abrahamsen.

Tør ikkje spå

– Men i høyringa frå regjeringa nå er det ikkje lagt opp til nokon kompensasjon for omdeling av aviser, slik det blei for laurdagane?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er eit høyringsnotat, og nå må me sjå på tilbakemeldingane som kjem innan 6. april. Det er viktig med innspel, og det oppmodar eg folk til å gjere, svarar stortingsrepresentanten frå Høgre.

– Trur du at papiravisa VTB kjem ut til alle abonnentane i Vest-Telemark på tysdagane og fredagane også etter 2020?

– Det veit eg ikkje. Eg tør ikkje spå, og det er dumt å spå så langt fram i tid, svarar ei travel Abrahamsen i ein liten møtepause.

– Skjønar frustrasjonen

Stortingsrepresentant Bård Hoksrud (Frp) frå Telemark er frå eitt av regjeringspartia. Når han blir oppmoda om å uttale seg på forslaget om å køyre ut post og aviser bare annankvar dag, er han ikkje særleg kjent med innhaldet i høyringsnotatet frå regjeringa.

I Noreg er VTB blant over 100 lokalaviser som får ei kjempeutfordring med å få ut produkta sine til abonnentane på utgjevingsdagane, om høyringsforslaget går igjennom i Stortinget og det blir omdeling av post og aviser annankvar dag.

– Ei avis som VTB vil i verste fall kome ut til abonnentane fire dagar seinare enn i dag. Mange vil få fredagens helgeavis på tysdag, kva synest du om det?

– Det er ikkje bra. Dette høyrest veldig vanskeleg ut, og eg skjønar veldig godt frustrasjonen mange føler. Det blir litt håplaust og lite føreseieleg å gje ut aviser på den måten, svarar Hoksrud.

– Ein kan vel tenkje seg at abonnentar vel å seie opp avisa om dei må vente på ho i opptil fire dagar?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg vil absolutt sjå nærare på saka og den problemstillinga du nemner ­– eg skal ta det med tilbake til mine i Frp. Det er viktig å ha med dette med avisomdeling i diskusjonen framover, avsluttar stortingsrepresentanten frå Frp.

– Dramatisk for papiravisa til VTB

I landet sett under eitt står Posten for 13–14 prosent av papiravisdistribusjonen på kvardagane. Avisenes eigne distribusjonsselskap står altså for meir enn 85 prosent. I Vest-Telemark køyrer Posten ut alle avisene for VTB til abonnentane som bur i regionen. Avisenes eigne distribusjonsnett kan levere i dei mest folketette områda i Vest-Telemark, men ikkje i dei meir grisgrendte strøka.

– Om Postomberinga blir redusert til annankvar vekedag vil det vera dramatisk for papiravisa til Vest-Telemark blad, seier Øystein Øygarden, redaktør i Vest-Telemark blad.

VTB kjem ut tysdag og fredag. Øygarden fryktar postombering på ulike dagar, som kan gje resultatet at abonnentane får avisene på forskjellige dagar og at nokon vil få fredagsavisa i starten av veka etter.

– Om det blir resultatet kan det kan vera starten på slutten på den tradisjonelle papiravisa.

– Kven som køyrer ut avisene er ikkje så viktig, men det må vera eit fullgodt alternativ som sikrar at abonnentane også i utkantane får avisa.

– Men blir ikkje verda – også avisverda – meir og meir digital?

– Ja, det blir ho. Lokalavisene sit ikkje stille og let att augo for utviklinga, men det er utfordringar å stå åleine og finne dei gode løysingane i den økonomiske situasjonen me er i. Trenden dei siste åra er at abonnementsinntektene utgjer ein større og større del av dei totale inntektene, men framleis er nesten halvparten av inntektene våre frå annonsar i papiravisa, seier Øygarden.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har satsa meir og meir digitalt dei siste åra, og me kjem til å investere endå meir digitalt i år. Men det er ei stor utfordring å få med seg inntektene frå papir til nett. Dette treng me meir tid på å klare, legg redaktøren til.

Han seier at stadig fleire abonnentar blir digitale, men han får også jamleg tilbakemeldingar frå lesararar om at det er papiravisa dei vil ha.

– Slike tilbakemeldingar må me ta på alvor, seier Øygarden.

– Fins VTB som papiravis om fem år?

– Eg reknar med det, men det er naturleg nok avhengig av at me får distribuert avisa ut til lesarane, svarar redaktøren.