Meld frå til politiet om du ser denne mannen.
Meld frå til politiet om du ser denne mannen.

Leiteaksjon etter dansk mann i Setesdalsheiane – har du sett Torben (66)?

Politiet i Agder starta torsdag søk etter den sakna dansken Torben Liliegaard.Liliegaard vart meld sakna i Danmark 13. august, og er etterlyst av dansk og norsk politi. Politiet trur ut frå tips at mannen har vore i Setesdal Austhei, og ynskjer tips om observasjonar.

Den sakna dansken er 66 år, rundt 175 centimeter høg, veg om lag 80 kilo, han har grått hår og brukar briller. Politiet melder vidare at den sakna er veldig introvert, og med «autistiske trekk» i form av måten han snakkar og forstår andre menneske på. 

–Dei som kjenner han trur ikkje han vil ta kontakt med ukjende menneske, heller ikkje om han treng hjelp, melder politiet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet trur ut frå tips at mannen har vore i Setesdal Austhei, frå Berdalsbu og sørover langs turistforeiningas løypenett forbi Bjørnevasshytta og Hovstøyl og startar torsdag søk med helikopter i større område av Setesdalsheiane. Politiet melder at det tidlegare er gjort observasjonar som kan tyde på at mannen har vore på «Bispevegen» mellom Hovstøyl og Valle. 

Opplysningar kan også tyde på at mannen har tenkt å fylgje løypenettet til Dølemo, og det er gjort ein mogleg observasjon nær Gjøvdal, ikkje langt frå Rukkevassdammen.

Politiet opplyser vidare at då mannen reiste frå Danmark hade han på ei mørkegrå turjakke, rutete skjorte og mørkegrå turbukse. Han hadde på sandaler, men hadde med turstøvlar. Den sakna hadde vandrestav og ein stor tofarga grå tursekk der det var festa ein sovepose på toppen av sekken.

– Dersom du ferdast i Setesdal Austhei-området, meld frå om observasjonar, eller tidlegare observasjonar, oppmodar politiet og bed folk varsle tips til 02800 eller til Valle og Bykle lensmannskontor 37936902.