Evakuering av Vest-Telemark blad sine lokale i Prestegardshamni i Kviteseid.
Evakuering av Vest-Telemark blad sine lokale i Prestegardshamni i Kviteseid.

Kviteseid fløymer over

Bandak stig framleis, og det er ingen stad å gjera av alt vatnet som oversvømmer delar av Kviteseid. Rådmann Øystein Tveit ber folk ta kontakt for å melde frå om flaum og skadar.

Grunnvatnet stig, og kloakken kjem opp fleire stader, fortel Tveit. I Prestegardshamni, der VTB held hus, fløymer vatnet og dekkjer både jorde og golvet inne i bladstova og andre bygningar i området. Vatnet sig inn i verkstadbygga til kommunen. VTB har evakuert viktig utstyr og huset ligg no midt i ein innsjø.

Hos Kvito kjem kloakken opp.

Artikkelen held fram under annonsen.

Og det er ikkje mykje ein kan gjera med det, seier ein fortvila rådmann.

– Me har grave over vegen til Tveitgrend, for å prøve å få til litt meir fall og halde vatnet unna, men det er tvilsamt om det hjelper. Me har grave for å prøve å redde vegar på Flatin, i Tveitgrend, Morgedal og Brunkeberg. Folk må melde frå til oss slik at me får oversikt og kan gjera det me kan, seier Tveit.

 Flaum på E134

. I Brunkeberg er det ljosregulering på E134 i retning Seljord. Ei lang vegstrekke langs eit oversvømt jorde er dekt av vatn. Vegtrafikksentralen opplyser at det førebels ikkje er planar om å stenge vegen, men at det kjem an på nedbørsmengdene. 

– Jorda er veldig metta no, så det skal ikkje så mykje til. Men no skal nedbørsmengdene avta, så då håpar me det går litt tilbake.

I Hjartdal er E134 stengt ved Omnesfossen mellom Sauland og Notodden.  

Rådmann Øystein Tveit i Kviteseid ber folk kontakte kommunens sentralbord på 35 06 81 00 for å melde om skadar på eigedom, vegar og anna. Sentralbordet held ope utover kvelden.

Tips VTB påredaksjon@vtb.no, 958 93 437 (Øystein) eller 915 85 739 (Randi).

Artikkelen held fram under annonsen.