Birgit Johanne K. Olsnes (t.v), Kristian Vadder og Knut Seltveit Urbø (alle Sp) ynske kunstgrasbane i Høydalsmo. – Det er fleire positive ting med å rive dam tre av Oftevatn, og me ser at kunstgrasbanen er viktig både for bygda, idrettslaget og skulen, seier Olsnes.
Birgit Johanne K. Olsnes (t.v), Kristian Vadder og Knut Seltveit Urbø (alle Sp) ynske kunstgrasbane i Høydalsmo. – Det er fleire positive ting med å rive dam tre av Oftevatn, og me ser at kunstgrasbanen er viktig både for bygda, idrettslaget og skulen, seier Olsnes.

– Kunstgrasbanen er viktig

Politikarane i Tokke kommune er villige til å ofre delar av Oftevatn for å bygge kunstgrasbane i Høydalsmo.

I formannskapsmøtet og kommunestyremøtet på tysdag blei saka om opparbeiding av næringsområde og heving av fotballbane i Høydalsmo, nok ein gong teke opp. Det har vore mange, og lange diskusjonar om saka.

Tokke kommune har i fleire år satsa på å leggje til rette for nye næringsareal i kommunen, i Høydalsmo ved E134. Etter at det blei kjent at det var konkrete planar for utbetringar av E134 Mostøyl–Høydalsmo, har kommunen fått eit tilbod frå Vegvesenet om å ta imot massar for opparbeiding av næringsareal. Det gjev  rimeligere løysningar for kommunen. Vegvesenet ynsker å gje vekk steinmassar på om lag 60–70 kubikk.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Skal me bygge dette seinare med masser me sjølv må kjøpe, kostar det kommunen mange millionar. Får me ferdig opparbeida tomter er me endå nærare etablering i områda. Med massane me kan få, har me høve til å heve fotballbanen til eit flaumsikkert nivå. Det er det ikkje i dag, sa rådmann John Kleiv.

– Næringstomtene blir lagt på ei slik høgde at dei ikkje er utsett for flaum. Me må bestemme oss no om me skal takke ja til steinmassane eller ikkje, heldt han fram.

Rive dam 3                          

I kommunestyret blei det fleire diskusjonar om korleis dei kan sikre fotballbanen mot flaum, anten å byggje den opp med steinmassar, eller å gjerne noko med flaumnivået kring Oftevatn.

– Dette er ei sak me har bruka mykje tid på i gruppa vår, og me veit at dette er viktig for Høydalsmo, men og for kommunen vår med tanke på området rundt bensinstasjonen. Det er ulike meiningar om korleis me skal satse på Høydalsmo. Kunstgras eller ikkje kunstgras. Me hadde gruppemøtet vårt i Høydalsmo fordi me ynskte å sjå på området som me diskuterer, sa Birgit Johanne K. Olsnes (Sp).

– Det har ikkje mangla på innspel når det gjeld riving av dam 3, og derfor tenkjer me at det kanskje er andre alternativ som faktisk er moglege å gjennomføre. Vårt framlegg i formannskapet har antyda ein sum på 500 000 kroner som ein bør halde seg innafor. Vis det er mogleg å rive dammen og bygge, utan å bygge opp med steinmassar slik rådmannens forslag er, så ynskjer me kunstgras med 7ar bane i Høydalsmo. Det er fleire positive ting med å rive dam tre av Oftevatn, og me ser at kunstgrasbanen er viktig både for bygda, idrettslaget og skulen, seier Olsnes.

– Det er fem år er det sidan Høydalsmo IL og Tokke IL inviterte politikarane for å høyre på dei. Me var tre politikare som møtte, og dei fortalte at idrettslaga ynskte ein kunstgrasbane. No bør me bestemme oss, sa Kjell Magne Grave (Ap).

Det var full forvirring blant politikarane i kommunestyret, som etter kvart blei einige om at dei ynske éin kunstgrasbane for 7ar fotball i Høydalsmo. Kommunen tek uansett i mot dei steinmassane dei kan få, men vil i fyrste omgang spare dei til andre ting i staden for å fylle opp fotballbanen. Dei ser fyrst på høve til å rive dam 3 av Oftevatn.

Dette vedtok politikarane

1: Tokke kommune løyver kr 1,7 mill i 2018 til opparbeiding av næringsområda i Høydalsmo. Summen kjem i tillegg til dei 1 070 000,- som står inne for 2017. (Formannskapets vedtak blei samrøystes vedteke)

Artikkelen held fram under annonsen.

2: Kommunestyret ber administrasjonen arbeide fram eit prosjekt med eit kostnadsnivå omkring kr. 500.000,- med å rive heile eller delar av dam 3 med føremål å senke flaumvasstanden i Oftevatn med opptil 70 cm. Vi ber administrasjonen gå i dialog med HIL der vi ynskjer at dei står for den praktiske gjennomføringa av arbeidet. (Vedteke med 11 mot 10 røyster)

3: Kunstgrasbane for 7ar fotball vert bygd innanfor ei kommunal løyving på kr. 1,31 mill, gitt at føresetnadane i pkt. 2 er oppfylt. (Vedteke med 17 mot 4 røyster).