KrF-varaordførar i Nissedal, Geir Christian Enger, er lei seg for korleis KrF har handtert saka om Sylvi Listhaug over lang tid. Nå kjem Enger med kritikk til både leiar Knut Arild Hareide og partiet sentralt.
KrF-varaordførar i Nissedal, Geir Christian Enger, er lei seg for korleis KrF har handtert saka om Sylvi Listhaug over lang tid. Nå kjem Enger med kritikk til både leiar Knut Arild Hareide og partiet sentralt.

KrF-varaordførar kritiserer Hareide

Nissedalpolitikar Geir Christian Enger (KrF) ser at han kastar seg til ulvane når han bed KrF-leiar Knut Arild Hareide og partiet hans tole å ta ubehagelege diskusjonar for å unngå at ekstremisme skal vekse fram.

Geir Christian Enger, varaordførar i Nissedal og 3. kandidat på lista til Telemark KrF ved sist Stortingsval, har sendt partileiar og stortingsrepresentant Knut Arild Hareide si meining om det som har skjedd rundt Sylvi Listhaug (Frp) frå ho blei innvandrings- og integreringsminister og seinare justisminister. 

– Eg er lei for korleis KrF har handtert saka om Sylvi Listhaug over lang tid, innleiar Enger meldinga til Hareide.

Artikkelen held fram under annonsen.

Som kjent la Listhaug ut på Facebook eit bilde av væpna krigarar med teksten «Ap mener terroristenes rettigheter er viktigere enn nasjonens sikkerhet». Innlegget frå dåverande justisminister kom etter at stortingsfleirtalet røysta ned forslaget frå Frp og Høgre om at Justisdepartementet skulle kunne fråta norske framandkrigarar pass og statsborgarskap utan at det blir avgjort i ein domstol. Saka enda med at Listhaug fekk mistillitsforslag mot seg, gjekk av som statsråd og er nå vanleg stortingsrepresentant.

– Det Listhaug skreiv på Facebook-bildet var over kanten, men ikkje grunnlag for mistillitsforslag. Eg skulle ynskt KrF stemte for at embetsverket kan ta beslag i statsborgarskap. Det er standard prosedyre at politiet tek rutinemessig beslag av sertifikat ved trafikkulykker ved uavklart ansvar, noko som sidan må avgjerast rettsleg. Det må då vere greitt å nytte dei same rettane ved slike potensielt trugande situasjonar, seier Enger i eit intervju med VTB.

– Eg stør mykje av det Listhaug har kome med som statsråd. Og eg er heilt einig med dei som meiner det har vore for mykje diskusjon om retorikk enn sak, legg han til.

Tort å seie noko tydeleg

Enger meiner sterke krefter i KrF har vore ute eller Listhaug sidan ho blei innvandrings- og integreringsminister og seinare justisminister.

– Sjølv om ho har spissformulert seg og etter mange si meining hatt ein lite diplomatisk retorikk, har ho nesten vore den einaste profilerte politikaren som har tort å seie noko tydelege om og tatt tak i dei problema som mange i Noreg har reagert på, med tanke på masseinnvandringa dei siste 40 åra og framveksten av islamske haldningar og ettergjeving for desse, skriv Enger til Hareide.

Enger nemner døme på det ein har sett;  press mot ytringsfridom (karikaturstriden i 2006), stilltiande godtaking av kvinneundertrykking/sosial kontroll og antisemittisme i muslimske miljø, terrortrussel frå islamistiske miljø, radikalisering i moskear, utvikling av parallellsamfunn og kriminalitetsutvikling i desse.

– Ein burde aldri ha tillate dette frå pressgrupper. Listhaug har tora pirke borti dette, medan andre parti har latt det skure og gå. Norske politikarar har vore alt for passive i den negative samfunnsutviklinga. Ekstremisme må ein ikkje la skje i Noreg. For å unngå at ekstremisme skal vekse fram må ein tole å ta ubehagelege diskusjonar. Det er ikkje mange på Stortinget som gjer det i dag, seier Enger til lokalavisa.

Dårleg integreringsarbeid?

I meldinga til Hareide nemner Enger også dei sosiale og økonomiske konsekvensane av den demografiske utviklinga, der etnisk norske om nokre få tiår er i mindretal i Oslo og etter kvart i heile landet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kva for eit politisk vedtak som har blitt fatta for å få denne utviklinga veit ikkje eg, men eg har aldri vore tatt med på råd, nemner Enger til Hareide.

For å få stadfesta den negative samfunnsutviklinga viser Enger til ei ufiltrert og upolitisk sanning og erfaring frå dei som står i fyrstelinja; politi, helsevesen, brann, vektarteneste, barnevern, krisesenter og så vidare.

– Det store spørsmålet som må stillast er om den negative utviklinga er eit resultat av dårleg integreringsarbeid, eller skuldast det at særleg i ein del muslimske miljø er det for liten vilje til å la seg bli integrert? Og kva vil i så fall konsekvensane av dette vere, rettar Enger som spørsmål til Hareide.

Ikkje rasisme

Enger meiner KrF på Stortinget i beste fall har stemt med på nokre gode tiltak, men aldri vore tydelege i kampen mot den negative utviklinga i samfunnet på bakgrunn av dei utfordringane og problema som han nemner.

– Mitt ynske er at partiet evner å sjå lenger enn «det går helst bra»-tanken, og markere tydelegare standpunkt på ei samfunnsutvikling me ikkje ynskjer. Dette handlar om realpolitikk og ikkje eit dårleg menneskesyn, rasisme eller «høgreekstreme» haldningar. Fråveret av sakleg og djup debatt er det som gjev grobotn for ekstreme haldningar og handlingar. KrF må våge å vere tydelegare, gjev Enger partileiaren i KrF melding om.

– Eg kastar meg ut til ulvane, eg no, seier Enger til VTB om utspelet sitt.

Så avsluttar nissedølen og KrF-toppen med desse orda:

– Det eg kjem med er kritikk til Hareide og partiet for ikkje å tore ta ubehagelege diskusjonar. Eg trur ikkje partileiaren kjem med ei endring, men eg håper …

Artikkelen held fram under annonsen.

VTB bad onsdag i påskeveka Hareide kommentere utspelet til Enger. Dette har KrF-leiaren sagt ja til å gjere når påska er over. Eit svar frå Hareide var ikkje kome innan VTB gjekk i trykken i går ettermiddag.