Anna McKenzie Juva gler seg til å byrje med privat praksis og gje pasientar eit nytt og spennande tilbod for at dei skal kome seg att.
Anna McKenzie Juva gler seg til å byrje med privat praksis og gje pasientar eit nytt og spennande tilbod for at dei skal kome seg att.

Kommunelege går over til privat praksis

Etter ti år som kommunelege i Nissedal går Anna McKenzie Juva nye vegar. Ho opnar privat praksis i kontorlokalet til privatlege Tellef Fossli i Nissedal. Der blir det fokus på kroppens evne til å lækje seg sjølv.

Anna McKenzie Juva har vore kommunelege i Nissedal sidan februar 2000. Å ha allmennpraksis på bygda blei slik ho hadde trudd og har for henne vore eit privilegium å jobbe med.

– Eg har lært mykje om folk og sjukdom. Jobben har vore spennande og av og til tøff, fortel ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

I og med legevaktsamarbeid med Arendal har ho måtta tatt sine vakter der, og det har ho stortrivst med.

Heilskapen

Sidan 1. november har ho hatt studieperm frå kommunelegejobben, og då har ho mellom anna hospitert på Attføringssenteret i Rauland (AiR).

– Kjempebra, oppsummerer ho tida der.

Vidare har ho vore på sjukehuset i Kristiansand, hatt praksisbesøk hos andre allmennlegar og gått på kurs innan Reverse Terapi (RT) i London.

– Gjennom alle desse opplevingane, særleg i Rauland og RT-kurset, kombinert med ti år innan allmennpraksis, har eg fått lyst til å praktisere på ein annan måte. Derfor har eg sagt opp jobben i Nissedal kommune, fortel McKenzie Juva.

Ho skal halde fram med vanleg allmennpraksis, men skal i tillegg fokusere meir på heilskapen hos menneske ved å ta i bruk RT. Det er bare to andre i landet som driv med denne lækjeforma.

– Eg likar ikkje å ha tidsnød på konsultasjonar. Det er mange problem ein treng å bruke mykje meir tid på for å sjå i djupna av kva som er galt. I den samanheng har eg veldig stor tru på å bruke RT, seier McKenzie Juva.

Læringsprosess

Ho fortel at RT har vore eit vendepunkt i livet for mange menneske i England og andre stader i verda. Metoden blei etablert av Dr John Eaton i 2002 og er kjent for oppsiktsvekkjande resultat overfor kronisk utmattingssyndrom (ME) og fibromyalgi. RT kan også hjelpe menneske med angst, depresjon, overvekt og spiseforstyrring.

Artikkelen held fram under annonsen.

– RT er ein læringsprosess og ikkje ei behandling. Det sentrale i metoden er ei forståing av at menneske har ei naturleg evne til å kome seg etter sjukdom. Terapien byggjer på teorien av psykonevoimmunologi (PNI), ein relativ ny vitskapleg disiplin. Eg skal rettleie korleis dei skal ta eigne ressursar i bruk på ein meiningsfull måte. Folk skal lære å lytte til kroppen og kva han treng, seier McKenzie Juva.

Blir kroppen pressa i situasjonar over lengre tid kjem stresshormona, symptom som ikkje er sunne. Når ein pasient kjem til McKenzie Juva, vil ho fyrst høyre historia til personen. Så blir det fokus på avslappingsteknikkar og bruk av ulike aktivitetar. Det skal få kroppen til å lage sin naturlege morfin, endorfin. Dette er 50 gonger sterkare enn morfin.

Flyttbar

– Nykelen til RT er å nøste fram kvar person sitt individuelle behov, finne ting kroppen har glede av. Folk skal få i gang endorfin i staden for stresshormon, seier McKenzie Juva.

Døme på ting som lagar endorfin er trening, dans, Qi gong og å gå seg ein tur. Anna er å høyre på musikk, le og andre ting som er triveleg i kvardagen.

– Eg skal kome med teknikkar og verktøy for å hjelpe folk. Det skal sjåast på tankegang og kroppen samtidig. Det blir fantastisk å drive med noko nytt og spennande ute på bygda, og det er artig at slikt kan skje i Nissedal og Vest-Telemark, seier McKenzie Juva.

Ved å nytte RT får ho også høve til å fylgje pasienten gjennom heile prosessen til han forhåpentlegvis er frisk att. Snittbehovet er 4-5 timar hos legen for å lære å bruke eigne ressursar slik at ein føler seg mykje betre.

Sidan McKenzie Juva byrjar med ein flyttbar terapi, kan det bli interessant til dømes å køyre til Vinje, om det er fleire pasientar der same dagen.

Privatlege Tellef Fossli i Nissedal har mykje av same tankebanen som McKenzie Juva. Ho synest det blir ei veldig god ordning å ha kontor hos han framover, med start uti februar og fire dagars arbeidsveke med både allmennpraksis og RT. Dessutan vil ho prøve å få til eit samarbeid med Nav.