Magnus Krog forstår ikkje kvifor kombinert mistar sjansen til å sette inn reserve om nokon blir sjuke under OL. Han legg ikkje skjul på at han og resten av lagkameratane er frustrerte og blir påverka av endringa i oppkøyringa.
Magnus Krog forstår ikkje kvifor kombinert mistar sjansen til å sette inn reserve om nokon blir sjuke under OL. Han legg ikkje skjul på at han og resten av lagkameratane er frustrerte og blir påverka av endringa i oppkøyringa.

Kombinertløparane mistar reserve i OL – irriterte på IOC

Om ein av dei fire uttatte utøvarane i dei individuelle kombinertrenna blir sjuke i OL neste år, får ein ikkje sette inn reserve. Dei nye reglane frustrerer Magnus Krog og resten av landslaget.

– Akkurat nå er me ganske irriterte og oppgitte over IOC.

Magnus Krog sit i ein lenestol heime hjå familien i Høydalsmo. Han har gjort unna dagens fyrste økt, ei styrke- og spenstøkt på styrkerommet til Vest-Telemark kraftlag. Ei økt nærmare det store målet, nye medaljar OL i Pyeongchang. Men berre det å kvalifisere seg dit er svært vanskeleg for ein norsk kombinertløpar, nå har IOC gjort det enda vanskelegare.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Tidlegare har ein kunna ta med fem utøvarar til OL og sjå på trening der kven som er i best form før ein tek ut dei fire som får gå. Det blir ikkje mogleg til vinteren, nå er nålauget enda trongare, fortel Krog.

Graabak hadde mista sjansen til gull

For landslagsleiinga må til vinteren ta ut dei fire som skal gå dei to individuelle konkurransane i liten og stor bakke, alt før avreise til Sør-Korea i slutten av januar. Dei kan ha med ein reserve, men den utøvaren kan berre bli bytta inn i lagkonkurransen, om det blir sjukdom i laget. Verst mogleg tenkeleg scenario er at ein av dei fire førehandsuttatte utøvarane blir sjuke rett før konkurranse, reserve kan altså ikkje bli bytta inn, og Noreg må stille med tre løparar og ein potensiell medaljekandidat på sidelinja. Magnus Krog minner om kven som var reserve under førre vinterolympiade i Sotsji.

– Om desse reglane var då hadde ikkje Jørgen Graabak tatt OL-gull. Eg og han kjempa om den siste plassen på laget før meisterskapet, eg fekk gå den fyrste distansen og Jørgen den andre. Me viste betre form under OL og fekk derfor naturleg nok kjempa oss inn på laget. Det her kan vere forskjell på gull og ikkje få gå i det heile tatt, seier Krog.

Å markere seg i verdscupen før jol blir svært viktig for høysekken Magnus Krog. I slutten av januar blir dei fire som får gå dei individuelle renna i OL tekne ut.
Å markere seg i verdscupen før jol blir svært viktig for høysekken Magnus Krog. I slutten av januar blir dei fire som får gå dei individuelle renna i OL tekne ut.

FIS har jobba mot til ingen nytte

Krog og dei andre lagkameratane fekk beskjed om regelendringane for ein drøy månad sidan. Landslagssjef Kristian Hammer bekreftar at dei ikkje kan bytte inn ein reserve, utanom i lagkonkurransen.

– Me har saman med FIS jobba med dette lenge og prøvd å stoppe endringa. Det er så klart ikkje ein heldig situasjon og nålauget blir trongare når me må ta ut fire løparar før avreise til meisterskapen, seier Hammer.

Av dei sju løparane på årets landslag har seks av sju vore på pallen i verdscupen dei to siste sesongane. Sistemann Espen Andersen hadde ein fjerdeplass som best i sin gjennombrotssesong i år. Det er ingen tvil om at dette skapar hovudbry for landslagsleiinga.

–  Me skulle gjerne venta med det endelege uttaket av dei fire som får gå til me hadde sett kva løparane presterte på trening. Men nå blir det slik og me kjem ikkje til å bruke meir energi på dette nå. Nå er det langt over det me kan gjere noko med og IOC har bestemt seg. Fordelen er jo at det skapar tryggleik for dei fire utøvarane som blir tekne ut tidleg, seier Hammer.

Må prestere før jol

Heime i Høydalsmo synest Magnus Krog det er vanskeleg å gløyme irritasjonen heilt, men den gjer ingenting med motivasjonen hans for ei ny hard OL-oppkøyring.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Motivasjonen er på topp, det her kan bli mitt siste OL sjølv om eg ikkje skal seie det for sikkert, så eg gjer alt eg kan for å kjempe om nye medaljar. Held eg meg frisk og skadefri skal det absolutt vere mogleg å snu nedturen frå i fjor, seier Krog som ser på førre sesong som litt skuffande sjølv om han fekk med seg to medaljar frå VM.

Men IOCs endring vil påverke sesongopplegget til vinteren.

– Eg er nøydd til å vere på eit veldig bra nivå i verdscuprenna før jul. Me har fått beskjed om at det skal vere mogleg å bli tatt ut til OL alt før nyttår om ein skil seg klart ut frå resten. Det hadde vore ei veldig viktig stadfesting å få og eg kunne ha slept skuldrene ned. Det får bli målet, smiler ein motivert 30-åring.

Kombinertlandslaget 2017/2018

Magnus Krog, Høydalsmo IL

Magnus Moan, Byåsen IL

Jarl Magnus Riiber, IL Heming

Jørgen Graabak, Byåsen IL

Jan Schmid, Sjetne IL

Artikkelen held fram under annonsen.

Mikko Kokslien, Søre Ål IL

Espen Andersen, Lommedalens IL