Oda Jonskås Bekhus gjorde ein solid innsats og scora fire mål i andre serierunde.
Oda Jonskås Bekhus gjorde ein solid innsats og scora fire mål i andre serierunde.

Kjempa seg til siger

Seljord/Kviteseid damelag møtte Borg på Eventyrøy måndag. Det vart ein tøff kamp, men heimelaget trekte til slutt det lengste strået.

Damene fekk ein knallstart på sesongen då dei slo Bamble 12-0 på bortebane i fyrste serierunde. Dei møtte meir motstand då Borg vitja Eventyrøy, og sjølv om heimelaget gjekk rett i angrep var det Borg som fekk den fyrste nettkjenninga. Då hadde det berre gått fire minutt.

Jamt

Seljord/Kviteseid viste seg svoltne framfor mål, men på nytt var det Borg som sette kula i kassa. Bortelaget hadde nå spela på seg litt sjølvtillit og heldt fram presset oppover banen. Kampen heldt høgt tempo, og endeleg fann heimelaget og Oda Jonskås Bekhus hol i forsvaret og sette eit etterlengta mål. Gjestane auka til 3-1 før Seljord/Kviteseid hadde fleire gode sjansar, men forsvaret til Borg heldt stand og rydda unna. Då serverte Bekhus eit godt langskot og målvakta var sjanselaus. Til pause var resultatet 3-2 til gjestene.

Artikkelen held fram under annonsen.

Slitekamp

Seljord/Kviteseid var stadig farlege framfor målet til Borg, og etter mykje klabb og babb putta Margit Grønli ballen i mål, og det stod 3-3 i Seljord. Ingen av laga ville nøye seg med uavgjort, og måljakta heldt fram. Borg kom til fleire skot, men sette dei høgt over. Bekhus gjorde ein imponerande kamp, og sette sitt tredje for kvelden.

Seljord/Kviteseid klarte å halde på leiinga, mykje på grunn av fleire solide redningar av målvakt Anbjørg B. Barstad. Den målfarlege spissen Bekhus sette kveldens siste mål før dommaren bles av. Dermed vann heimelaget 5-3 på Eventyrøy. 

– Det var ein tøff kamp, men eg er kjempefornøgd. Det var ein slitekamp, men eg trur me var i litt betre form enn dei, sa kampens toppscorar, Oda Jonskås Bekhus etter kampen.

Les også: 

Strålande start på sesongen