Sundag fyller Magnus Krog 30 år. Same dag blir sesongens siste kombinertrenn arrangert i tyske Schonach. Då vil det smake med siger etter å ha blitt diska etter denne duellen med Eric Frenzel i fjor.
Sundag fyller Magnus Krog 30 år. Same dag blir sesongens siste kombinertrenn arrangert i tyske Schonach. Då vil det smake med siger etter å ha blitt diska etter denne duellen med Eric Frenzel i fjor.

Jaktar revansje på 30-årsdagen

Magnus Krog fekk ikkje gå verken i Holmenkollen eller i Granåsen. Sundag fyller han 30, og avsluttar sesongen i tyske Schonach – der han i fjor blei diska frå siger.

Sjukdom gjorde at Magnus Krog måtte stå over helgas renn i Holmenkollen. Onsdag skulle han vise seg fram på heimebane i Granåsen i Trondheim. Slik blei det ikkje. Problem med utstyret gjorde at Krog blei diska etter tysdagens kvalifisering.

– Hoppdressen var 1,5 centimeter for stor rundt rumpa, forklarar Krog til TA.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han trudde alt var under kontroll. Dressen er skreddarsydd slik at han har ein halv centimeter å gå på. Men på oppmålinga klarte han ikkje å stå på den vanlege måten.

– Det var ikkje eit forsøk på juks eller noko slikt, berre ein glipp frå mi side, uttala Krog til avisa.

Han hoppa bra i den offisielle kvalifiseringa og trur han hadde kjempa om medalje om han hadde deltatt. Hopprennet onsdag blei avlyst, slik at det var nettopp kvalifiseringa som danna utgangspunktet for langrennet.

Eric Frenzel frå Tyskland vann rennet. Magnus Moan blei beste nordmann på 7. plass. Til helga avsluttar Krog og dei andre kombinertløparane verdscupen med to renn i tyske Schonach. Her blei Krog diska frå siger i fjor, og lite ville nok smake betre enn å revansjere seg med å setje tyskarane på plass på heimebane sundag. Då fyller nemleg Magnus Krog 30 år.