Folk kjem og gjeng både til arbeid og hygge, anten det er i Bruktbui (t.v.) eller i kafeen i Telebygget. Men det er klare grenser for kva type arbeid dei friviljuge vil gjera. – Å sykle tur blir vel ikkje oppfatta som spenstig nok, seier Smeland, noko oppgjeven.
Folk kjem og gjeng både til arbeid og hygge, anten det er i Bruktbui (t.v.) eller i kafeen i Telebygget. Men det er klare grenser for kva type arbeid dei friviljuge vil gjera. – Å sykle tur blir vel ikkje oppfatta som spenstig nok, seier Smeland, noko oppgjeven.

Ingen vil lufte dei skrale gamle

Meir enn hundre personar deltek kvar veke i aktivitetane til Seljord frivilligsentral. Men ingen vil ta dei skrøpelege gamle med på sykkeltur.

– I kjellaren på Telehuset står to flotte syklar parkert. Desse skal brukas for å sykle med personar som ikkje kan sykle sjølv lenger. Men det er jo ingen som vil gje litt av tida si til dette fine føremålet! Det treng berre vera ein time i ny og ne. Ta kontakt med oss. Me treng deg verkeleg som sykkelpilot, er bøna dagleg leiar av Seljord frivillligsentral på ny la ut på sentralen si facebookside i starten av månaden.

Friviljugfamilien

Sidan har det vore tyst. Heilt tyst. Ingen har meldt seg. Det tyder ikkje at aktiviteten til sentralen er liten. Tvert om. Kvar veke frekventerer mellom hundre og hundreogfemti menneske lokalene til friviljugsentralen. I kafélokala er det middagsservering faste dagar, elles blir det servert lunsj til dei tilsette i næringshagen, i tillegg til at kafeen fungerer som kantine for lærarane ved vaksenopplæringa. Av aktivitetar elles kan mellom anna nemnast datakurs, trimtime, leksehjelp, gubbeklubb og strikkekafé.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gubbeklubben blir berre meir og meir populær, fortel Smeland. Frå ei handfull karar i starten har treffet no vakse seg til ein møteplass for kring tjue mannfolk. Strikkekafeen er også attraktiv. Mellom ti og tjue damer møtast jamnleg der.

– Me blir ein slags familie. Mange seier at det tyder mykje for dei å gå her, og at det også er viktig å få lov til å hjelpe, legg ho til.

Mange i Bruktbui

Og hjelper det gjer dei verkeleg. Kvart år blir det arrangert jolemesse der handarbeida blir selde. Det gjer også overskotet frå Bruktbui, som har vore på kring 200 000 kroner årleg og i sin heilskap går tilbake til drifta. I brukthandelen er bortimot femti personar engasjerte. Godt over tretti ekspederer på skift i butikken, medan ein del, særleg menn, bidreg med slikt som til dømes henting og køyring av møblar.

Nærare femti personar er engasjerte i arbeidet med Bruktbui.
Nærare femti personar er engasjerte i arbeidet med Bruktbui.
Husleige er ein stor utgiftspost for friviljugsentralen. Leige av lokala i Telebygget (bildet) og Bruktbui kostar 200 000 kroner i året.
Husleige er ein stor utgiftspost for friviljugsentralen. Leige av lokala i Telebygget (bildet) og Bruktbui kostar 200 000 kroner i året.

I det friviljugsentralen i Seljord blei dregen i gang for nærare ti år sidan, blei det fortalt til Vest-Telemark blad at «me stiller opp viss folk eksempelvis treng hjelp med å klyppe plenen».

– Kor mange deltek i slikt arbeid no?

– Nei, det har aldri meldt seg friviljuge til den type arbeid, svarar den daglege leiaren.

Og altså ikkje til å sykle dei to syklane. Tenk å levd eit heilt liv der du store delar av tida har kjent sola steike, regnet piska – og vinden ruska deg i håret. Du har vore ute, anten i arbeid eller fritid, eller båe delar. Så skrantar du. Helsa er ikkje lenger slik at du kan greie deg sjølv. Då er sjukeheimen ein trygg stad. Men du er innomhus det aller meste av tida. Kva ville ikkje ein halvtime over Brøløs, der du kunne ha lukta på syrinene ved Kioskbui og nyperosene ved Tveitan ha tydd? Stutt sagt: ein tur med «vind i håret», som sykkelprosjektet heiter.

– Ikkje spenstig nok

– Kva trur du grunnen er til at ingen har meldt seg?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Folk er stort sett opptekne av sitt private, og oppfatninga mi er at dei vil ikkje bruke fritida si på den type aktivitetar. Før tok gjerne folk det arbeidet som trongs å gjerast. Dette er endra. Skal folk delta i friviljug arbeid no, vil dei velje sjølve kva arbeid dei vil gjera. Kan hende er ikkje det å sykle gamle, hjelpelause folk spenstig nok. Kanskje det ikkje er det som gjev mest status, undrar Smeland.

Ho er fortvila over situasjonen. Sentralen har syklar for 130 000 som berre står parkert. Den eine har dei strikka seg til; 80 000 kroner er det seld strikkeplagg for. Elles gjekk overskotet frå den siste jolemessa, 35 000 kroner, også til syklane. Det resterande beløpet har lokale sponsorar skøytt til med.

– Men det er ingen som vil sykle. Det er så tragisk. Dette slit me verkeleg med. Det er trass alt berre snakk om ein liten halvtime i ny og ne. Det er rart at det skal vera så vanskeleg. Ein slik tur gjev i alle fall veldig mykje for dei som blir sykla, understrekar leiaren av sentralen.

Slit med finansieringa

Seljord frivilligsentral har hittil vore finansiert av staten ved departementet, som yter 60 prosent av summen, saman med Seljord raude kross og Seljord kommune som bidreg med dei 40 resterande prosentane. Smeland fortel at Raude kross er i ferd med å fase seg ut. Det gjer Smeland uroa.

– Budsjettet for inneverande år ligg på kring 1,1 millionar kroner, og me har budsjettert med 200 000 kroner i underskot. Det er ganske tungt å drive når økonomien er så uføreseieleg, seier Smeland, som legg til at dei har fått til ei rammeavtale med kommunen om eit årleg tilskot på 135 000 kroner.

Ho fortel at friviljugsentralen har fire store utgiftspostar. Den største er løn. Deretter kjem husleigekostnadane som er på 200 000 kroner totalt. Sentralen leiger vel 100 kvadratmeter i Telebygget, som er eigd av Sn eigedom AS, som er ått av Vest-Telemark Næringsbygg AS, Selaker Holding AS, Seljord kommune, Seljord Eiendom AS, Omtveit Holding AS, Gunnar Eilefstjønn, Vidar Tveiten AS, Astono og Bjørn Olav Eilefstjønn. Til Bruktbui leiger sentralen kring 300 kvadratmeter av Seljord elektriske eigedom AS, som er eigd av Einar, Ole, Lars og Sverre Tufte.

Elles er straum og rekneskapstenester også store utgiftspostar, i fylgje Smeland.

Høgt aktivitetsnivå

For snart ti år sidan byrja den nytilsette leiaren av den nyetablerte sentralen berre med eit kontor. Ho starta med å dra i gang datakurs. Deretter har aktiviteten stadig auka, fram til den viktige staden friviljugsentralen har blitt for mange folk i bygda. Ho håpar at sentralen kan drive vidare med same aktivitetsnivået, trass i at ho for i år som nemnt måtte budsjettere med underskot. Å ha ein kollega, slik ho har no i 80 prosent stilling, tyder veldig mykje.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er viktig å ha kollegaer, å ha eit arbeidsmiljø. Skal me oppretthalde driftsnivået må me ha 200 000 kroner til. Me får mykje ros. Men festtaler er ikkje nok. Mest av alt ynskjer eg at me får ei rammeavtale med kommunen, slik at me i det minste kan sjå tre–fire år framover, seier ho.

Ein kvinneleg medarbeidar stikk innom kontoret for å takke for i dag, og avtale neste oppmøte. Om medarbeidaren er friviljug eller tilsett veit me ikkje. Det spelar heller inga rolle. Ho er ein del av friviljugfamilien.

Seljord frivilligsentral

* Stifta i 2008 etter at Seljord raude kross fekk tildelt midlar av Kultur- og kyrkjedepartementet til oppstart av ein slik sentral.

* Seljord raude kross, som har i alt 330 medlemer, står som eigar og drivar av sentralen.

* Organisert som eit lag.

* Dagleg leiar er Anne Marie Smeland, som har hatt hovudansvaret for å byggje opp sentralen heilt sidan starten.

* I 2010 kom Bruktbui i gang i dei tidlegare lokala til Seljord elektriske.

* Kontordelen heldt til på Granvin til dei flytta inn i lokaler i Telebygget i 2011.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Seljord friviljugsentral sysselset 1,8 årsverk (altså 0,8 årsverk i tillegg til dagleg leiar).

* Blir finansiert med 60 prosent statlege midlar, resten må skaffast lokalt. Dei største lokale ytarane er Seljord raude kross og Seljord kommune.

* Sentralen hadde i 2016 ei omsetning på mellom 1,1 og 1,2 millionar kroner.

* Gunnar Eilefstjønn er styreleiar. Med seg i styret har han Asbjørn Storrusten, Åse Mathisen, Åse Venås, Knut Østbø og Heidi Eiesland.

Kjelder: Brønnøysundregistra, Anne Marie Smeland og vtb.no