Eili Veum og Andreas Nedrebø gjekk vidare til fylkesfinalen i UKM med songen «The house that built me».
Eili Veum og Andreas Nedrebø gjekk vidare til fylkesfinalen i UKM med songen «The house that built me».

Imponerte med song og musikk

Solide songstemmer, imponerande fingerspel og kreative kunstverk var nokre av stikkorda for Undomens kulturmønstring i Fyresdal.

Kvelden starta med ein heidundrande konsert med bandet Unik4, dei fire ungdomane frå Bø som vann Melodi Grand Prix junior i fjor med songen «Så sur da», og det var sjølvsagt opningsnummeret.

Vidare framførte dei coverlåtar frå både gruppene Creedence Clearwater Revival og Muse, så musikken varma publikumet i alle aldrar i ein fullsett sal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Talentfulle

Det var åtte deltakarar i UKM på scenen, og «The Snowheads» med Simen Neverdalen (vokal), Tobias Lund (bass), Mikkel Nome (gitar) og Mathias Berge Lund (trommer) opna med «Forever Alone» av den bergenske rockegruppa Kakkmaddafakka.

Sibylla Gjersund akkompagnerte seg sjølv på piano med songen «What are words» av Chris Medina medan Mikkel og Simen Nome drog til med jazz i fri flyt med «Afternoon» på gitar og piano.

Swing blei det også med «If I die young» og bandet Sving med stor S.

«Unik4» opna konserten og i pausen var det kø for å få tak i autografane deira.
«Unik4» opna konserten og i pausen var det kø for å få tak i autografane deira.
Sunniva Slyngstad framførte sin eigenkomponerte song «Remember».
Sunniva Slyngstad framførte sin eigenkomponerte song «Remember».
Belle Machiels gjekk vidare med teikninga «Rundt bålet».
Belle Machiels gjekk vidare med teikninga «Rundt bålet».

Til fylkesfinalen

Tre musikkinnslag gjekk vidare til fylkesfinalen. Eili Veum imponerte dommarane med songstemma på countrysongen «The house that built me» av Miranda Lambert, medan Andreas Nedrebø akkompagnerte med imponerande fingerspel på gitar.

Sunniva Slyngstad gjekk også vidare med sin eigenkomponerte song «Remember».

Dei siste som gjekk frå scenen og til fylkesmønstringa i Bø var Fyresdal ungdomskor, med dirigent og solid rytmeboks Sarke Veum, som leverte ein sprek versjon av Rihannas hit «Don`t stop the music» a cappella.

Kunstnarane

I salen på samfunnshuset var det også stilt ut 26 kunstverk frå UKM-deltakarar med teikningar, datagrafikk og skulpturar av fantasifulle skapningar.

Av desse gjekk Olav Momrak-Haugan og Velte Bondal vidare med skulpturen «Ein skapning». Belle Machiels gjekk vidare med sine digitale teikningar «Rødhette» og «Rundt bålet». Det gjorde også Ine Berge Lund med teikningane «Stopp» og «Nytt liv». Julie Lund og Oliwia Bieniek gjekk vidare med teikninga «Mix».

Artikkelen held fram under annonsen.

Strålande fornøgd

Kulturskulerektor og konferansier for kvelden Merethe J. Reinskås var strålande fornøgd med kvelden.

– Eg blir audmjuk at me kan feire så mange flinke ungdomar. Det er utruleg moro at med har så mange talent på ein så liten plass, seier Reinskås.

Populære:«Unik4» opna konserten og i pausen var det kø for å få tak i autografane deira.

Dyktig: Sunniva Slyngstad framførte sin eigenkomponerte song «Remember».

Digital teikning: Belle Machiels gjekk vidare med teikninga «Rundt bålet».