Fyresdal kommunestyre sitt budsjettvedtak i desember vil truleg vere avgjerande for om det blir fleire Skeidet-arrangement i bygda. (Bildet er frå Skeidet i august i år)
Fyresdal kommunestyre sitt budsjettvedtak i desember vil truleg vere avgjerande for om det blir fleire Skeidet-arrangement i bygda. (Bildet er frå Skeidet i august i år)

Idrettshall utsett – usikkert for Skeidet

Fyresdal formannskap utset opning av idrettshallen med eitt år. Ei anna tilråding er at kommunal ressurs ikkje lenger skal hjelpe med kulturarrangementet Skeidet. Og kanskje vil stillingane som kommunalsjefar forsvinne.

Eigentleg var planen til politikarane i Fyresdal at det i 2019 skal stå klart fleirbrukshus/idrettshall på tomta der det gamle kommunehuset stod. Vidare at når hallen blei opna skulle det vere opp mot åtte millionar kroner i avsette driftsmidlar, men slik det ligg an i dagens økonomiske situasjon blir nok denne summen nærare null kroner.

Framlegget til formannskapet er nå å setje av ein del millionar kommunale kroner både i 2019 og 2020 til idrettshallen kostnadsrekna til 49 millionar kroner inkludert moms. Det er venta å få rundt 11 millionar kroner i spelemidlar til hallen. Når han står ferdig må driftsbudsjettet i kommunen bli redusert med opptil 2 millionar kroner årleg, pengar som må gå til halldrift og betaling av lånet på nyinvesteringa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Andre investeringar som er ført opp dei neste fire åra er mellom anna 400 000 kroner i 2018 til lagerhall ved flyplassen, og 1,8 millionar kroner fordelt på dei to åra etterpå til å byggje om brannstasjonen. Vidare er det i 2020 tenkt 800 000 kroner fordelt til tømestasjon for bubilar og breiband.

To-leiarnivå

Kulturarrangementet Skeidet blei eigentleg ein erstattar for det tradisjonelle Olsok-arrangementet i Fyresdal. Etter to år kan det bli slutt på det nye helgearrangementet. Formannskapet seier nå nei til at kulturkonsulenten skal bruke 20 prosent av stillinga si for å hjelpe idrettsrådet med førebuingar og anna til Skeidet. Om kommunen framleis går inn med nokre titusen kroner til Skeidet, står att å sjå om det kjem ein søknad om støtte.

Vidare føreslår formannskapet å setje ned ei arbeidsgruppe som skal sjå på den administrative organiseringa. Kanskje kan dagens kommunalsjefnivå forsvinne, til fordel for eit to-leiarnivå – under rådmannen blir det avdelingsleiarar.

Konklusjonen

Økonomisjef Kjersti Bergland har med tanke på dei neste fire åra kome med denne konklusjonen: «Fyresdal kommune er inne i ein krevjande periode økonomisk. Dette gjeld både drift, investering og satsing på næringsutvikling, busetting og arbeidsplassar. Store investeringar med påfølgjande driftsoppgåver vil påverke andre driftsområde og føre til at ein må redusere på andre tenester. På lang sikt vil kraftinntektene og statlege overføringar bli redusert. Sjølv med redusert investeringstakt må ein gjere tiltak som reduserer driftsnivået. Det er fortsatt ynskjeleg med eit kvalitativt høgt tenestenivå. Dette skal oppretthaldast, men ein må redusere belastninga det er med å levere over evne. Dette kan føre til noko meir venting for å få dei tenestetilboda ein har rett på, og at ein i ventetida får andre forsvarlege tilbod».

Elles noko som blir påpeika blant generelle føresetnader for komande fire år er at kvar sektor i kommunen må utvise stor respekt for budsjettrammene. Drift i kvar sektor skal vere tilpassa vedtekne rammer, blir det tydeleg presisert.

Skeidet-gruppa reagerer

Det er frivillige Fyresdal idrettsråd som er formell eigar av Skeidet. Espen Valseth, Kristine Berthelsen, Tilman Hartenstein, Linda Aas og Saamund Gjersund sit i styringsgruppa for Skeidet. Dei har sendt eit brev til kommunestyrepolitikarane etter å ha høyrd om at kommunen ikkje lenger vil setje av ressurs frå kulturkonsulentstillinga til arrangementet, og at pengestøtta kan forsvinne. Gruppa minner om at Skeidet er basert på frivillig innsats og dugnadsarbeid frå ei rekkje idrettslag og mange einskildpersonar i Fyresdal.

«Det er i dag ikkje noko lag eller nokon einskildperson i kommunen som vil kunne ta på seg ein koordineringsjobb gjennom heile året på dugnad. Me vil minne om at Skeidet blei utvikla på utfordring og ynske frå kommunen, som eit alternativ til Olsokspelet. Me vil også minne om at eigarskapet til Skeidet blei sett til idrettsrådet for å kunne søkje om midlar ein ikkje hadde hatt tilgang til om kommunen skulle stå som eigar. 52 prosent av totalbudsjettet på 285 000 kroner i 2017 kjem frå eksterne søknader og sponsorar. Å få ut desse midlane utgjer eit vesentleg bidrag som kulturkonsulenten yter gjennom året», skriv styringsgruppa.

«Utan tilskot og kulturkonsulenten si hjelp vil det ikkje vere mogleg å gjennomføre Skeidet. Me meiner dette vil vere eit tap for kommunen. I motsetnad til Olsokspelet er Skeidet knytt til unik lokal historie og konkrete stader i Fyresdal. Det er difor veleigna til å vise fram ein del av kommunen sin identitet overfor innbyggjarane og tilreisande», fortset gruppa i oppmodinga om at både tilskot og kommunal arbeidshjelp blir oppretthalde.

Artikkelen held fram under annonsen.