Tone Martinsen Heggtveit er frå i går av leiande helsesjukepleiar i Kviteseid kommune.
Tone Martinsen Heggtveit er frå i går av leiande helsesjukepleiar i Kviteseid kommune.

Helsesystrer blir til helsesjukepleiarar

Frå og med 1. januar 2019 er det helsesjukepleiarar som tek vare på helsa til born og unge.

Stortinget vedtok samrøystes å endre tittelen «helsesyster» i desember. I går blei den nye tittelen – helsesjukepleiar – teken i bruk. 

Helsesjukepleiarar er autoriserte sjukepleiarar med vidareutdanning innan helsefremmande og sjukdomsførebyggande arbeid for barn og unge. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Norsk Sykepleierforbund (NSF) har jobba for denne endringa sidan 2015, då dei ønskte ein kjønnsnøytral tittel, skriv Vikebladet, via Framtida.no. 

– Med den nye tittelen håper og trur eg at fleire menn vil søkje utdanninga og at terskelen for å oppsøkje oss blir lågare for gutar og unge menn, seier Kristin Sofie Waldum-Grevbo, leiar i landsgruppa for helsesjukepleiarar, i ei pressemelding.

Det var dei som i mai la fram forslaget til namneendring. 

Eit tidsriktig endring

Leiande helsesjukepleiar i Kviteseid kommune, Tone M. Heggtveit, er veldig fornøgd med endringa. 

– Eg visste at det skulle bli ei namneendring, og var veldig spent på kva det skulle bli. Eg tenker at dette er eit veldig godt alternativ, og definitivt det beste av dei som blei føreslege, seier ho. 

Heggtveit seier at dette er eit viktig og fint skifte som passar godt inn i tida me lever i. 

– Å gjera denne tittelen kjønnsnøytral har mange fordelar. Me må modernisere oss litt me òg. Ein vil jo helst at det blir litt fleire menn som søker seg til denne utdanninga, og eg trur dette kan bidra til det. Me treng menn i dette yrket som alle andre plassar, seier ho. 

– Eg er spesielt glad for at dei har fått med sjukepleiarutdanninga me alle har i botn, for det er ikkje alle som veit at me er det. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho er også heilt einig med Waldum-Grevbo i at fleire menn i helsesjukepleiarstillingar kan gjera det lettare for gutar og unge menn å kome til dei når dei treng hjelp med noko. 

– Eg vil tru at det kan bli lettare å ta kontakt, ja. 

No gjenstår det berre å bli vant med den nye tittelen sin.

– Det tek sikkert litt tid før alle kjem i gang med å bruke den, og det er jo naturleg. Innhaldet i jobben er det viktigaste uansett, seier ho med eit smil.