Held på lutane i Dag og Tid

Rådmannen i Vinje hadde framlegg om å avhende aksjeposten som kommunen har i den nynorske vekeavisa Dag og Tid.

Det var tenkt å overlate lutane til stiftinga Vener av Dag og Tid, og rådmannen skriv i framlegget at Vinje kommune har 24 aksjar á kr 1 000,i avisa. Aksjane ber vel preg av å ha vore eit støttekjøp langt tilbake i tid, og kommunen utøver ikkje nokon form for aktivt eigarskap i selskapet. Rådmannen ser at det kan vere ei styrke for utviklinga i avisa at aksjeposten blir overdratt til ei venneforeining som har engasjement for vekeavisa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stiftinga er i dag største eigar med 13,78% av aksjane, stod det i framlegget.

Børre Rønningen (Ap) tala mot å gje i frå seg lutane.

– Eg synest det har vore ei fin markering at Vinje er eigar, og det av mange grunnar.

Framlegget fall mot fire røyster.