Odd Nordstoga og bandet spela for 500 i Vinjehuset.
Odd Nordstoga og bandet spela for 500 i Vinjehuset.

Heime hjå mor – og alle dei andre

Odd Nordstoga var på heimebane laurdag då han hadde konsert i Vinjehuset. Rundt 500 møtte fram for å høyre den populære artisten.

– Eg har eit forhold til idrettshallen her i Vinjehuset. Det mest seiersrike var vel badmintonkampane mot Helge Ringhus i 1988, opna Odd Nordstoga med.

Det var fyrst og fremst songar frå den nye plata Nordstoga framførte på heimtraktene laurdag. Men nokre låtar frå tidlegare utgjevingar var også med. Songane om den hylande grisen og frøken Frantzen var to av dei.

Artikkelen held fram under annonsen.

Refleksjonar

– Ein skal ikkje tenkje for mykje over livet. Det er nemleg ikkje alt ein finn ut som er like bra, sa Nordstoga, før han song «Livet under lupa» frå den nyutgjevne plata «November».

– Det har blitt seld rundt 500 billettar. Det er me godt fornøgde med, og det ser ut til å vere bra stemning her i kveld, slo kultursjefen i Vinje, Signe Marie Kittelsaa, fast.

Nordstoga hadde fleire bakgrunnshistorier for songane sine.

– Det var ein som kommenterte førre plata mi «Pilegrim», og meinte at ho ikkje handla om nokon ting. Då fann eg ut at eg måtte bli tydelegare, lo Odd Nordstoga.

Levande fantasi

Han kunne også fortelje historia bak «Min eigen song» frå nettopp albumet «Pilegrim».

– Eg gjekk og surra oppe i ei li då eg var på skogstur med bikkja mi. Det var god stemning og fint vêr. Med eitt høyrde eg hovslag i skogen og på myra rett framfor meg dukka det opp ein elg. Som ein naturens mann av bondeætt treiv eg etter børsa, men sidan det var juni, fann eg ut at det var ingen vits i å skjote. Eg veit høtt du vil, du vil skjote meg i hjarta, sa elgen. Åh nei, eg er berre på moltetur svara eg. Den må du lenger ut på landet med, det er alt for tidleg for molter, fortalde Odd med eit smil.

Gode musikarar

Heile konserten varte noko over to timar, og saman med dyktige musikarar skapte vinbyggen ei god oppleving. Dette visste dei frammøtte å sette pris på ved å gje han rungande applaus etter kvar song.

– Eg kjem godt i hug den fyrste gongen eg var skikkeleg forelska. Det var i Kjersti Holmen som hadde ei rolle i fjernsynsserien «Rød snø». Og ho spela med han forbaska Sven Nordin, smilte Odd, ei aning sjalu ...

Artikkelen held fram under annonsen.

Og dermed var «Frøken Frantzen» introdusert.

Konserten blei avslutta med tittellåten frå det siste albumet «November».

– Eg introduserte faktisk denne songen på radio i sommar. Slik sett kan du seie eg var forut mi tid, lo Odd før han og bandet sette eit ettertrykkeleg punktum for ein strålande konsert.

Melodiane og tekstane er vakre, og på mange vis kan ein kjenne seg att i dei. Dei rører ved noko som i mange høve får ein til tenkje over livet. Sjølv om ein i fylgje Odd Nordstoga skal vere litt varsam med akkurat det.

Vil ha meir

– Om me skal gje han karakter på skalaen frå 0-6, trur eg me seier 5,5, slår Olav Eriksen og Bjønn Tveito fast.

Båe er frå Vinje, og når dei blir spurd om kva det halve poenget blir trekt for, har dei svar på det også.

– Det er berre for at me vil ha han til å halde fleire konsertar her. Om me sparer eit halvt poeng, må han nesten koma attende for å gjere det heilt perfekt, smiler dei to karane.