MS Norse Variant var bygd i Uddevalla i Sverige i 1965. 22. mars 1973 forliste skipet i eit forrykande uvêr utanfor New Jersey på austkysten av Amerika. Om bord var mellom anna ein 26-åring frå Rauland. 29 av mannskapet på 30 mista livet i forliset.
MS Norse Variant var bygd i Uddevalla i Sverige i 1965. 22. mars 1973 forliste skipet i eit forrykande uvêr utanfor New Jersey på austkysten av Amerika. Om bord var mellom anna ein 26-åring frå Rauland. 29 av mannskapet på 30 mista livet i forliset.

Havet blei hans grav

Arne Romtveit (07.10.1946 – 22.03.1973) frå Rauland var ein av dei som mista livet etter at MS Norse Variant forliste utanfor New Jersey i USA i 1973. Sist torsdag var det nøyaktig 45 år sidan.

Det er morgonen 21. mars 1973, og om bord på M/S Norse Variant gjer mannskapet på 30 seg klare til å forlate hamna i Norfolk Virginia på Amerikas austkyst. For 29 av dei, deriblant ein ung raulending, skulle dette bli livets siste reis.

«– Han står hardt på no karar. Styrbord gangveg er riven vekk. Men det er førebels inga fare på ferde. Signe maten». Sitatet er henta frå boka om den einaste overlevande etter forliset, «Bare én kom tilbake», og dette var beskjeden frå raulendingen og båsen Arne Romtveit til mannskapet som sat i messa morgonen etter at dei hadde gått frå hamna.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då skipet kasta loss i Norfolk var vêret slik dei var blitt vant til på turane over Atlanterhavet denne vinteren. Vinterstormane herja, men ikkje verre enn at mannskapet etter måten takla det greitt. Derfor var det ingen som reagerte spesielt på meldingane frå vêrvarslinga som sa at det kunne bli vind med storm styrke i området dei komande dagane.

Arne Romtveit (07.10.1946 – 22.03.1973)

Tidleg til sjøs

Arne Romtveit (07.10.1946 – 22.03.1973)
Arne Romtveit (07.10.1946 – 22.03.1973)
7. april 1973 blei det halde ei minnestund ved den norske sjømannskyrkja i Oslo. Oline (legg ned krans)og Olav Romtveit (mørk frakk), foreldra til Arne Romtveit, tok del i minnestunda som var for dei pårørande etter forlisa til MS Norse Variant og MS Anita, som båe nesten samstundes gjekk ned i omtrent det same området.
7. april 1973 blei det halde ei minnestund ved den norske sjømannskyrkja i Oslo. Oline (legg ned krans)og Olav Romtveit (mørk frakk), foreldra til Arne Romtveit, tok del i minnestunda som var for dei pårørande etter forlisa til MS Norse Variant og MS Anita, som båe nesten samstundes gjekk ned i omtrent det same området.
Familien Romtveit hadde mange somrar med drift i Bitdalen. Her er Augon (t.v.), Ottar, Arne, Svein og Lars i 1954. Yngstemann, Gunnar, blei fødd året etter.
Familien Romtveit hadde mange somrar med drift i Bitdalen. Her er Augon (t.v.), Ottar, Arne, Svein og Lars i 1954. Yngstemann, Gunnar, blei fødd året etter.
Arne Romtveit på plass i lugaren om bord i MS Norse Variant.
Arne Romtveit på plass i lugaren om bord i MS Norse Variant.
Arne Romtveit (t.v.) var eventyrlysten og glad i livet. Det er uvisst kven som er på bildet saman med Romtveit.
Arne Romtveit (t.v.) var eventyrlysten og glad i livet. Det er uvisst kven som er på bildet saman med Romtveit.
– Det var vanskeleg å fatte at Arne var borte. Sist torsdag var det 45 år sidan forliset. Me levde lenge i håpet om at han hadde overlevd, men etter kvart forsona me oss med at me ikkje kom til å sjå han att, seier tre av brørne, Gunnar (t.v.), Ottar og Svein, sistnemnde tvillingbror til Arne.
– Det var vanskeleg å fatte at Arne var borte. Sist torsdag var det 45 år sidan forliset. Me levde lenge i håpet om at han hadde overlevd, men etter kvart forsona me oss med at me ikkje kom til å sjå han att, seier tre av brørne, Gunnar (t.v.), Ottar og Svein, sistnemnde tvillingbror til Arne.

Knappe 12 år tidlegare, i 1961, mønstra ein 15 år gamal raulending på for fyrste gong. Han reiste frå Ulefoss til hyrekontoret i Porsgrunn. Foreldra, Oline og Olav, var ikkje særleg begeistra for det.

– Me budde i Ulefoss på den tida. Det hadde seg slik at mor og far kjøpte ein plass der, etter at me tidlegare hadde budd i Arabygdi før me flytta til Lognvik, så Ulefoss og etter tre-fire år der tilbake til Rauland igjen. Arne var ein sjølvstendig og arbeidsviljug gut, og derfor fekk han nok vilja si, fortel Ottar Romtveit (74), den eldste attlevande i syskenflokken som talde seks gutar.

«På spækjen» i New York

Det var ikkje berre enkelt for ein unggut å finne sin plass om bord. På den tida var det ikkje uvanleg at tidlegare krigssiglarar var ein del av mannskapet, og dei hadde ofte problem med både alkohol og psyken. Kanskje ikkje så rart med tanke på at mange av dei hadde oppopplevd å blitt torpedert og anna. Derfor kunne det vere knallhardt for dei ferske sjømennene å bli godtekne.

– På den fyrste turen rømde Arne, Odd Lien, Eivind Aarhus og ein frå Ulefoss i land i New York etter at dei hadde fått skikkeleg juling om bord på skipet. Dei prøva å mønstre på nye skip, men det tok lang tid før dei fekk noko anna. Dei var hyppige gjester hjå den norske sjømannskyrkja i New York der dei fekk vaflar og mat, fortel Gunnar Romtveit (62), den yngste i syskenflokken.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hyre på Hedda Dan

Etter kvart fekk Arne hyre på eit dansk skip. Ein av dei andre akterutsigla kom seg til Tyskland og så heim etter at foreldra hadde sendt pengar til heimturen.

– Det ordna seg for alle saman etter kvart, men dei hadde ikkje pengar sjølve til å kome seg til Noreg. Arne fekk hyre på MS Hedda Dan, og han blei teken godt vare på der, fortel Gunnar.

Syskenflokken bestod av Augon (1944–1994), Ottar (74), tvillingane Arne (1946–1973) og Svein (71), Lars (67) og Gunnar (62). Ottar og Gunnar bur på Rauland, medan Svein bur i Åmot og Lars på Skoppum i Horten.

I tillegg til Arne valde også yngstemann, Gunnar, å reise til sjøs etter kvart. For tvillingbror Svein var det aldri aktuelt å slå fylgje.

– Me var veldig ulike på alle måtar. Han var ein eventyrar og ein skikkeleg gladgut. Eg var nok rolegare og meir heimkjær. Eg blei aldri hekta på å reise til sjøs, sjølv om det var veldig i vinden på sekstiog syttitalet, forklarer Svein.

– Arne var også fysisk stor, og då me stod til konfirmasjon, raga han hovudet over oss andre. Me var ulike slik også, legg han til.

Ottar var også inne på tanken om å ta hyre på ei kvalfangstskute, men det blei ikkje noko av.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Mor og far var ikkje særleg begeistra over den ideen, og eigentleg var det heile tida fjellet og naturen som fenga meg meir enn sjøen, seier han.

Hadde med gåver

Det var nokså vanleg å vere til sjøs eitt år i senn, og det varierte kor lenge ein var i land mellom turane. I blant kunne det vere ein månad eller to, og nokre gonger kunne det gå eit heilt år før neste hyre. Etter kvart blei det meir vanleg med kontraktar som gjorde at ein sigla i ni månadar.

– Det var veldig spennande då Arne, som tok styrmannsskulen i 1967, kom heim frå sjøen. Han hadde alltid med seg noko til oss. Eg kjem i hug at han gav meg ein raud radiostyrt bil, ein amerikanar som du kunne slå ned kalesja på. Eg minnest framleis både bilen og den spesielle lukta av plasten som bilen var laga av. Fjernkontrollen var ikkje trådlaus, og det var eit ratt på kontrollen, mimrar Gunnar.

– Elles var det både fotoapparat og smalfilmkamera. Arne var raus og snill, seier Ottar stille.

«Det var typisk Arne»

Harry's Shipsstore låg i hamnebyen Norfolk, og hadde gjennom mange år vore eit populært samlingspunkt for norske sjømenn. Der fekk dei mellom anna kjøpe suvenirar, postkort, grammofonplater og klede. Harry hadde også øl frå Noreg og det var populært å kjøpe ein hamburgar saman med ei ølflaske. Kvelden før MS Norse Variant skulle leggje frå kai, var fleire av mannskapet innom Harrys for å handle med seg noko heim, og for å rø med kjøpmannen.

I vekebladet NÅ frå april 1973 står det fylgjande å lese: «Då arbeidsleiaren, båsen, Arne Romtveit frå Rauland kom inn, reiste det seg ein stor schäfer i det eine hjørnet. Han logra fornøgd med halen og hoppa opp på Romtveit. Fem år gamle Duke (namnet på hunden) hugsa godt den snart 27 år gamle båsen som hadde vore der så mange gonger før, og som alltid hadde kjærteikn og ein godbit til hunden. Det var ikkje annleis denne gongen. Til stor glede og ertande rop frå dei andre kjøpte Romtveit to hamburgarar som han gav til overlykkelege Duke.»

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var typisk Arne. Han var snill og raus. Harry, som dreiv butikken, hadde ein folkevognbuss som det stod «Fiskebollekspressen» på. Eg var innom butikken fleire gonger sjølv. Eg kjenner til at Arne var den siste som reiste frå butikken kvelden før Norse Variant la frå land, og at Harry sjølv køyrde han ned til hamna. Harry skal også ha teke eit bilete av Arne og «Fiskebollekspressen» før han gjekk om bord denne kvelden. Det var visst med eit polaroidkamera som Arne hadde kjøpt, forklarer Gunnar.

Alvoret set inn

«– Pontongane forut ved lasterom 1 har teke til å losne. Arne Romtveit var framleis den rolige og sindige telemarkingen, men stemma røpa alvoret. Han smilte ikkje lenger.»

«– Orkanen aukar på, vindstyrken er oppe i hundre kilometer. Det er mogleg me må snu.» Dette var, ifylgje boka «Bare én kom tilbake», orda frå Arne då han i ti-tida på føremiddagen den 22. mars var nedom messa att.

– Me høyrde aldri at han nokon gong var redd for vêr og vind, og det er no gjerne slik at ein taklar det meste når ein er ung og uredd, seier Svein.

– Det var heller arbeidet om bord som var farleg på den tida. HMS stod ikkje akkurat skriven i stein den gongen, og mange mista livet i ulykker om bord i skipa, legg Gunnar til.

Kunne vore to

Det kunne fort vore to raulandingar, to sysken, som hadde måtta bøta med livet i orkanen 22. mars 1973. Lagnaden ville det annleis.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Arne og eg var saman på Norse Variant i fire månadar. Men så råka eg uklar med overstyrmannen og blei overført til eit anna skip i det same skipsreiarlaget. Det var om lag eit halvt år før forliset, fortel Gunnar, som fortsatt er sjømann.

Mannskapet om bord på MS Norse Variant skjøna etter kvart at det var fare på ferde. Dei prøva så godt dei kunne å hindre sjøvatnet i å trenge inn i lukene, men dei lause pontongane gjorde skade på luke 2 også, og dermed fossa vatnet inn der også. Skipet blei framtungt, der det fullasta med kol, prøva å unngå katastrofen.

– Det er sagt at bylgjene var mellom femten og tjue meter høge, så det var nok eit uvêr dei færraste kan førestille seg. Pontongane som blei bruka då skipet frakta bilar, blei lagt langs rekkja på dekk, og gjorde at sjøvatnet som slo innover dekk ikkje rann like fort ut i sjøen att. Dermed blei det plutseleg ein svært farleg situasjon i det ekstreme vêret, seier Gunnar.

Farleg farvatn – siste livsteikn

Han fortel også at området på austkysten av USA er kjent for den spesielle bylgjefrekvensen.

– Bylgjene kjem ofte med svært korte mellomrom. Det er nokså spesielt, og gjer at ein ikkje blir kvitt sjøvatnet på dekk mellom kvar bylgje dersom det er hardt vêr, forklarer han.

Klokka er 13.49 torsdag 22. mars 1973. Det er knapt halvtanna døgn sidan MS Norse Variant la ut frå hamna i Norfolk Virgina med kurs for Skottland og Glasgow. Skipet var utanfor New Jersey, og 13.49 er tidspunktet for siste livsteikn til omverda. Meldinga går ut på at mannskapet må gå i livbåtane.

– Det blei gjort forsøk på å snu skipet slik at akterenden kom opp mot bylgjene, men dei klarte ikkje å manøvrere skipet i det dårlege vêret. Skipet kantra nokså raskt då to av lukene gav etter for sjøen, fortel Gunnar.

Artikkelen held fram under annonsen.

På nyheitene

Det blei meldt på nyheitene i Noreg at MS Norse Variant hadde rapportert om problem, og at alt tyda på at skipet med eit mannskap på 30 hadde forlist.

– Mor hadde høyrt det, men ho sa ikkje noko. Det gjekk tid før me fekk beskjed om at skipet hadde gått ned, seier Ottar.

– Me gjekk i spenning og venta, og håpa sjølvsagt at det skulle vere overlevande og at Arne var blant dei, seier Svein.

Far deira, Olav, hadde like før hatt eit hjarteinfarkt og han var nokså nedbroten på grunn av det.

– Far var langt nede på grunn av infarktet. Han tok beskjeden om forliset veldig hardt, og me var veldig bekymra for han. Me andre levde i håpet endå ei stund, og det blei endå sterkare då me fekk høyre at det hadde blitt funne ein overlevande tre døgn etter forliset, fortel Ottar.

Trudde Arne hadde mønstra av

Gunnar, som mønstra på som sjømann tidleg på 1970-talet, var på veg mot Asia då han blei klar over forliset.

– Eg var på veg til Japan med systerskipet MS Norse Captain. Me hadde ikkje telefonforhold, men me visste at Norse Variant hadde hatt store vanskar i uvêret. Arne fortalde meg at han eigentleg hadde tenkt seg på land før det som blei siste turen hans. Ottar sendte meg eit telegram frå Noreg med meldinga: «Har høyrt om Norse Variant, alt vel heime.» Dermed trudde eg Arne hadde mønstra av. Men eg blei kalla til kapteinen ein morgon seinare, og då fekk eg beskjeden eg helst ikkje ville ha: Arne var framleis om bord i Norse Variant, og han hadde etter alt å døme gått ned med skipet, fortel Gunnar.

Minnestund i Oslo

Då MS Norse Captain 5. april la til kai i Niigata, ein hamneby på Japans vestkyst, fekk Gunnar den endelege beskjeden om at Arne hadde forulykka saman med 28 andre.

– Det blei arrangert ei minnestund i den norske sjømannskyrkja i Oslo den 7. april, så eg kom meg til Tokyo og flaug heim for å vere med på den. Mor, far, Ottar og Svein var også på plass i Oslo, seier Gunnar.

Håpa i det lengste

Dei tre brørne fortel at det var vanskeleg å skjøne at Arne var borte, og at håpet levde i lang tid etter forliset.

– Me hadde høyrt historier om skipbrudne som hadde overlevd i lang tid på ein flåte eller liknande. Derfor gav me aldri heilt opp. Men etter kvart forsona me oss med at Arne var borte – borte for alltid. Det var sjølvsagt vanskeleg å akseptere, men livet må gå vidare. Far kom aldri over tapet av Arne, så det prega han sterkt resten av livet, seier dei alvorleg.

– Eg må nok vedgå at eg aldri heilt kjem over det som skjedde med Arne. Men eg trur kanskje heller ikkje at ein skal det. Ein må heller liva med det og plukke fram det gode, og prøve å fortrengje det såre, seier Lars.

Eit forbilde

Han fortel at Arne var ein storebror han såg opp til og hadde eit nært forhold til.

– Han var ein storebror på alle måtar, stor og sterk og ein flott kar, men også litt av ein rabbagast som fort hamna i vanskar. Men då han kom heimatt etter fyrste turen til sjøs var han ein heilt annan. Det var nok ein hard skule han gjekk den fyrste tida. Me kom veldig nære kvarandre, og me dela rom då han var heime. Eg såg veldig opp til han, og han var snill og raus, fortel Lars.

Kalla opp sonen

Lars gifta seg etter kvart med Kjersti Myrvang på Rauland, og då dei fekk det fyrste barnet var det enkelt å velje namn.

– Me blei samde om å gje han namnet Arne, etter broderen. Eg har eit særleg nært forhold til han, og han minner meg mykje om bror min. Heldigvis er min Arne landkrabbe, og han er anleggsgartnar. Om ikkje så lenge skal han ta over garden her på Skoppum, fortel han.

Han vedgår at tankane om forliset i 1973 kjem krypande dersom han høyrer eller ser noko som kan ha slike koplingar.

– Eg kan til dømes aldri sjå filmen om Titanic, då får eg bilete i hovudet som eg ikkje vil ha. Minna etter Arne er mange og gode, og eg har lært meg å leve med det som skjedde, seier Lars.

Fann flåte

Eit halvt år etter forliset blei det ved Azorene funne ein flåte frå havaristen. Men lite tydde på at det hadde vore nokon om bord.

– Korleis reagerte bygda og nærmiljøet på forliset og tapet dykkar?

– Det var nesten ingen som snakka om det, heller ikkje me. Den einaste som var innom og rødde om Arne og ulykka var naboen Eivind Øygarden. Me skjønar godt at det var vanskeleg å snakke om det som hadde hendt. Slik var det for oss også, og slik er det vel framleis dersom det skjer ulykker og folk går bort, svarar dei.

– Arne var ein kjernekar, og han var min aller beste kamerat. Me hadde mykje moro i lag, og me var mykje saman. Det er den dag i dag ufatteleg at han er borte, men ein lærer seg til å leve med tapet, saknet og minna, seier Trond Solbakken frå Rauland rørt.

Havet blei hans grav

MS Norse Variant gjekk altså ned og 29 av dei 30 om bord mista livet. Med berre nokre timars mellomrom gjekk også det norske skipet MS Anita, frå skipsreiarlaget Erling H. Samuelsen AS, som la frå kai i Norfolk berre ein time etter Norse Variant, ned i det same området. Alle dei 32 om bord forsvann i havet.

– Me har etter alle desse åra innsett at havet blei gravstaden hans. Om det er lenge sidan, det var 45 år sidan sist torsdag, så er det likevel somme dagar som minner oss sterkt på det som skjedde, seier brørne stille.

– Sidan eg framleis er sjømann blir nok eg minna på det oftare enn dei andre, legg Gunnar til.

– Me må nok vedgå at det tok tid å akseptere at me aldri skulle sjå han att. Men sjølv om han er borte, lever minna vidare. Namnet hans står på gravstøtta saman med Augon. Om Arne ikkje er der fysisk, er han i alle fall i hugen vår, avsluttar dei tre brørne.

Vraket av MS Norse Variant ligg på havbotnen på mellom 2 000 og 3 000 meters djup, og det blei funne vrakrestar etter forliset. Etter MS Anita derimot blei det ikkje funne nokon ting.

Ein overlevande – eit mirakel

Stein Gabrielsen (1950–2009) klarte på mirakuløst vis å overleve tre døgn ute på havet ved å klamre seg til restane av redningsflåtane etter Norse Variant. I samband med det blei boka «Bare én kom tilbake», skriven av Øystein Molstad-Andresen, utgjeve hausten 1973, der Gabrielsen fortel historia si til forfattaren.