Hausttur i Nesmarki med Seljord Sogelag

Laurdag den 28. september kan ein vera med Seljord Sogelag til Nesmarki på Garvikstrtondi. Frå Granvin må deltakarane spleise av buss. Ragnar Haugstøl er sjåfør og er saman med Torkjell og Kristoffer Hoff forteljar og kjentmann.

Rusleturen startar frå Orflåti og går til Nesland–Svintoklistaulen–Nystaul og ned lia til Nes. Det passar å ha matrast på Svintoksli.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er ein tur som bør passe dei fleste. Han går langs traktorvegar. Turen er om lag 4 kilometer. Arrangørane satsar på fint vêr og vil bruke ettermiddagen ute i terrenget – men tek atterhald om vêret.