Jonny Erikstad ved «Finera» kyrkjestol som skal til Hønefoss. Like ved er stolrammer med plass til salmebok.
Jonny Erikstad ved «Finera» kyrkjestol som skal til Hønefoss. Like ved er stolrammer med plass til salmebok.

Har laga meir enn 15 000 stolar til 110 kyrkjer

Jonny Erikstad i tremannsverksemda Fyresdal Tre fekk varm takk frå kongen og dronninga etter å ha levert 800 kyrkjestolar til Nidarosdomen. Nå jobbar fyresdølen med ei bestilling som gjeld over 500 sitjeplassar i Hønefoss kyrkje.

I 1991 starta Jonny Erikstad snikkarverkstaden Fyresdal Tre AS. I byrjinga leigde han lokale av kommunen, men blei seinare eigar av bygget vegg i vegg med Best-stasjonen på Molandsmoen. Opp gjennom åra har hovudoppgåvene vore å lage ting på mål, mellom anna kyrkjestolar, kjøkken og spesialinnreiing, men også senger.

– Det har vore litt opp og ned med arbeid, men verksemda har ikkje vore på minussida. I periodar har det vore mykje arbeid, seier Erikstad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Og slik var det til dømes alt fyrste året snikkarverkstaden var i drift. Ein kontakt med møbeldesignar Gunleik Svartdal frå Nutheim enda i at han spurde om Erikstad var interessert i ein stoltype han hadde teikna. Det blei laga prototype av stolen, og enden på visa blei ein leveranse på 800 kyrkjestolar til Nidarosdomen i Trondheim.

800 på 30 dagar

– Det var det anerkjente firmaet Bruksbo me produserte stolane for den gongen. Ein kjempestart, den ordren kjem eg aldri til å gløyme, seier Erikstad om jobben i 1991.

Fyresdalverksemda fekk berre 30 dagar på seg til å lage 800 stolar.

Stolen til venstre leverte Fyresdal Tre 50 stykk av til Norske museumstog som mangla stolar ved restaurering av spisevogn. Neste stol er stol av type levert til Stavanger domkyrkje, så «Nidaros», og treseter og barnestol som skal til Hønefoss kyrkje.
Stolen til venstre leverte Fyresdal Tre 50 stykk av til Norske museumstog som mangla stolar ved restaurering av spisevogn. Neste stol er stol av type levert til Stavanger domkyrkje, så «Nidaros», og treseter og barnestol som skal til Hønefoss kyrkje.

– Eg var heldig og fekk tak i ledige folk med kompetanse. Arbeidet gjekk unna, me hadde kort tid på oss. Seta blei fletta, og det er mykje arbeid. Den type stol fekk namnet «Nidaros», seier Erikstad.

Alle stolane var på plass i Nidarosdomen rett før signinga av kong Harald og dronning Sonja det året. Etterpå var Erikstad blant dei som fekk ein varm takk tilbake frå kongen og dronninga.

– Det var moro, seier Erikstad om brevet som kom, signert Harald R. Brevet heng innramma på kontorveggen til Erikstad.

Totalt har fyresdalverksemda produsert vel 8000 kyrkjestolar av «Nidaros» som er levert til mellom anna Stavanger domkyrkje og hovudsakleg til kyrkjer i Sør-Noreg.

Fulle ordrar ut året

Svartdal, som Erikstad framleis har kontakt med, har også teikna stolane «Faktor» og «Finera», og det gjer at Fyresdal Tre leverer tre ulike grunnmodellar av kyrkjestolar. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Erikstad driv ikkje mykje med marknadsføring, men har ei heimeside.

– Dei som skal ha kyrkjestolar finn oss, seier fyresdølen, som har to personar tilsett. 

Den vesle verksemda har lagt to heller dårlege år bak seg.

– Men nå ser det veldig bra ut. Det er fulle ordrar ut året og vel så det – hovudsakleg kyrkjestolar.

Ein stor leveranse blir jobba med. Hønefoss kyrkje skal ha 76 benkar med tre sete på kvar, 284 stolar («Finera»), 17 barnestolar, korstolar, knefall framom alteret, lesebrett og bord. Ordren er verdt vel 750 000 kroner utan moms.

– Ordren er eigentleg litt stor for oss, me skal lage mykje forskjellig, men eg håpar det går bra. Det blir nok fullt i lokalet her etter kvart, men det hjelper at ein kan stable stolane, seier Erikstad.

Fin nisje

Fyresdalverksemda er avhengig av materiale med god kvalitet. Det blir brukt ein del bøk, leveransen til Hønefoss er i bjørk, og i andre ordrar blir det bruka mykje furu og eik.

– Det er tøff konkurranse med svenske, danske og nokon norske stolar, så eg må passe på prisen. Og eg har eit mål om å levere kvalitetsprodukt. Eg har ikkje fått nokon klager ennå.

Artikkelen held fram under annonsen.

Opp gjennom åra og fram til nå har verksemda levert vel 15 000 stolar fordelt på 110 kyrkjer.

– Dette drøymde eg ikkje om då eg starta her. Kyrkjestolane har vore ein fin nisje og eit viktig bein for bedrifta. Og slike ordrar kan dra med seg preikestolar, bord og anna – litt spesielle ting som er ei utfordring å lage. Det er ikkje heilt plankekøyring, erfarer Erikstad.