Anders Kvåle Rue
Anders Kvåle Rue

Har illustrert saga om ny vikinghelt

Ein ny vikingtidshelt blir nå presentert i den «tapte» sagaen om Håkon Ivarsson, som for første gong er tilgjengeleg på moderne norsk. Alle illustrasjonane er gjort av den kjente telemarkskunstnaren Anders Kvåle Rue frå Flatdal. Ifølge Saga Bok forlag, som står bak utgjevinga, er han i ei særstilling som illustratør.

– Anders Kvåle Rue har ein uvanleg kunnskap om vikingtid. Når han skal illustrere dei klassiske sagaene les han dei setning for setning, ord for ord, for å vera sikker på at illustrasjonane er mest mogleg autentiske, seier Per Arne Drangsholt ved Saga Bok.

Artikkelen held fram under annonsen.

BokaSagaen om Håkon Ivarsson  fortel om ein erfaren stormannsson og viking som etter kvart skal kjempe med og mot kongar over heile Skandinavia. Anders Kvåle Rue seier han tidlegare har blitt spurt om kvifor han ikkje har laga illustrasjonar i «Snorre-stil», noko som ikkje har vore av interesse for han:

– Men til den mindre sagaen om Håkon, fekk eg lyst til å prøve nettopp dette. Då Snorres kongesagaer blei gjeve ut i 1899, fekk Gerhard Munthe og Erik Werenskiold oppgåva med å utvikle ein grafisk stil som ei heil gruppe kunstnarar kunne følge, deriblant Christian Krogh, Halvdan Egedius og Eilev Pettersen. For meg var det både morosamt og interessant, å lære seg dette visuelle språket nå, over 100 år seinare, seier han.