Seint sundag kveld meldte politiet i Telemark at det var den sakna Gunhild Egenæs frå Bø som blei funne på 13 meters djup i Seljordsvatnet.
Seint sundag kveld meldte politiet i Telemark at det var den sakna Gunhild Egenæs frå Bø som blei funne på 13 meters djup i Seljordsvatnet.

Har funne den sakna læraren

Redningsmannskap fann sundag den sakna Gunhild Egenæs (53) frå Bø. Ho blei funnen på 13 meters djup. Dermed kravde torsdagens båtulykke i Seljordsvatnet tre offer.

Politiet stadefesta sundag at det blei gjort funn av eit menneske i området der den sakna Gunhild Egenæs sist blei sett etter båtulykka torsdag. Personen blei funnen ved hjelp av sonar mellom Vesleøy og Storøy i Seljordsvatnet. Seint sundag kveld stadfesta Tor Ragnar Steffensen i politiet overfor NTB at det var den sakna kvinna frå Bø som var funnen. Tidlegare blei Aslan Mohamed Omer (19) og Mohammed Mahmoud Abdi (20) funne drukna.

Privat regi

Det var torsdag at Egenæs saman med fem personar, alle tilknytt vaksenopplæringa i Bø og Nome, var på ein privat hyttetur i samband med haustferien. Truleg var det vind i området som gjorde at båten på eit eller anna vis kantra. Mykje tyder på at fire av dei seks personane kom seg i land, men at Egenæs, lærar ved vaksenopplæringa i Bø og Nome, gjekk ut i vatnet att for å prøve å redde dei to som ikkje hadde klart å kome seg til land på eiga hand.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vanskelege leiteforhold

Driftseiningsleiar for politiet i Midt- og Vest-Telemark, Sigrid Dahl, seier søkeforholda har vore vanskelege.

– Det har vore dårleg sikt i Seljordsvatnet. Ulykka er ei tragisk hending som rører mange i fleire små lokalsamfunn. Politiet ynskjer å uttrykke vår medkjensle. Me vil også takke alle som har bidrege i leiteaksjonen etter den sakna, seier Dahl.

Ho legg til at politiet samarbeider vidare med kommunanes kriseteam for å ivareta dei pårørande og andre involvera.

Det blei sett inn store ressursar i leitinga etter den sakna personen etter båtkvelven i Seljordsvatnet torsdag.
Det blei sett inn store ressursar i leitinga etter den sakna personen etter båtkvelven i Seljordsvatnet torsdag.
Det blei søkt etter den sakna personen på land og i vatnet.
Det blei søkt etter den sakna personen på land og i vatnet.

– Sjokk for bygda

Olav Kasland, ordførar i Bø, seier til VTB at det har vore ei særs tøff helg.

– Det som har skjedd er ein tragedie. Sjølv om Bø er ein stor kommune kjenner mange av oss kvarandre godt. Eg kjenner den omkomne læraren som eit fantastisk menneske som berre ville alle vel, seier Kasland.

Han gjev også ros til Seljord kommune og ordføraren der som raskt fekk krisestaben operativ.

– Sidan ulykka skjedde i Seljord blei det slik. Me oppretta kriseteam i Bø straks etterpå. Hendinga har vore eit sjokk for heile bygda. Det er elles mi oppfatning at kriseteamet har fungert og fungerer. No må me bruke tida på dei pårørande og andre involverte, avsluttar Bø-ordføraren.