Plan og næringssjef i Seljord, Harriet Slaaen, seier at det er fleire grunnar til alle konkursane i Seljord dei siste åra.
Plan og næringssjef i Seljord, Harriet Slaaen, seier at det er fleire grunnar til alle konkursane i Seljord dei siste åra.

Halvparten av konkursane i Seljord

Plan- og næringsjef i Seljord, Harriet Slaaen, konstaterar at det er langt fleire konkursar i Seljord enn i dei andre kommunane i Vest-Telemark, men ho ser det mellom anna som eit resultat av finanskrisa.

– Nokre av bedriftene som er slått konkurs, var bedrifter som merka finanskrisa, meiner plan- og næringssjef Harriet Slaaen i Seljord.

11 av dei 22 konkursane i Vest-Telemark i 2010 ramma Seljords-bedrifter.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Både Brødrene Aarbakk AS og Power Tech AS fekk merke den skjerpa konkurransen som følgje av finanskrisa. Ordretilgangen minka og kravet til lågare prisar gjorde det verre å oppnå forteneste. Dette er konjunkturbedrifter som merka finanskrisa spesielt godt, seier Slaaen, som synest det er beklageleg.

– Dei har gjort ein formidabel innsats, understrekar ho.

Seljordingane går ikkje ut

Både Seljord Hotell, Waldenstrøm Bakeri avdeling Seljord og utestaden Kåns AS gjekk konkurs i 2010.

– Serveringsbransjen i Seljord slit. Bygdefolket har ikkje vore flinke nok til å bruke dei, ja seljordingane er ikkje flinke til å gå ut, meiner Slaaen.

Når det gjeld handel, er det berre to bedrifter som har kasta inn handkleet. Det er Urmakar Langkaas og Auto S.

Breitt samansatt

– Seljord har eit breitt samansett næringsliv. Dette speglar seg òg i bedriftene som har gått konkurs, seier Slaaen.

– Nokre vil hevde at konkursane heng saman med at Seljord sparebank har fått ny banksjef og ein strengare utlånspolitikk?

– Eg har full tillit til banksjefen og bankens vilje til å vere med på å vidareutvikle næringslivet, seier Slaaen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men kvifor så mange fleire konkursar i Seljord enn i dei andre Vest-Telemark-kommunane?

– I Seljord hadde vi per 31.12.2010 1170 tilsette i privat næringsliv. Berre 28 prosent er tilsett i offentleg sektor (2009-tal). Dette er usedvanleg lågt. Det kan vere ei forklaring.

Nyetableringar

Harriet Slaaen ser ljost på utviklinga i Seljord framover.

– Seljord kommune har eit godt samarbeid med Seljord næringslag og Seljord sparebank. I planane framover ligg blant anna etablering av Århus næringspark der begge er eigarar av store tomteområde på Århus. Seljord sparebank er også eigar av fleire bygningar på området, fortel Slaaen.

– I tillegg arbeider Seljord kommune med å etablere Siva næringshage i det gamle Televerksbygget. Ei etablering me håpar vil bidra til nye bedriftsetableringar, vidareutvikling og vekst hos små og mellomstore bedrifter i regionen. Det er viktig å merke seg at tilbodet gjeld heile Telemark. Elles er det heldigvis bedrifter i Seljord som går så det grin. Kan som døme nemne rådgjevingsbedrifter som Sweco og Aspit, og det har vore 21 nyetableringar i Seljord i 2010 og til og med 31. januar i 2011. Så det ser ikkje så verst ut, meiner Slaaen.

Brønnøysundregisteret sine tal viser at Vinje hadde fleire nyetablering enn Seljord i 2010. Medan Seljord hadde 11 konkursar, hadde Vinje berre tre.

Auka arbeidsløyse

Seljord har ei auka arbeidsløyse frå januar i fjor til januar 2011 på 24 prosent, altså ti fleire arbeidsledige personar, medan både Tokke og Vinje hadde nedgang på høvesvis 22 og 13 prosent.

– Dette er nok tilfeldig og skuldast naturlege svingingar. Akkurat no er det mange permitteringar i bygg- og anleggsbransjen, seier leiar for Nav Seljord, Olav Aalandslid. Han peikar på at talet på ledige ikkje steig før i januar i år.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei aller fleste som blei ramma av konkursar, er tilbake i arbeid att, seier han.

Dårleg likviditet og finanskrisa

– Mange av konkursane har ramma bedrifter som har hatt problem over lengre tid, seier leiar i Vest-Telemark næringsforum, Olav A. Veum.

Det har vore omlag like mange konkursar i Vest-Telemark dei to siste åra, som det var mellom 2000 og 2008.

– Dette heng tett saman med finanskrisa. Normalt ser ein at etableringsfrekvensen i Vest-Telemark er lågare enn i resten av landet, og det har vore få konkursar. Så får vi ei hending som finanskrisa, og det er grunn til å vere klar på at ho også har ramma Vest-Telemark. Når marknaden sviktar, rammar det også her, seier Veum.

Kraftig nedgang

– Eg har halde auge med bedriftene som er ramma, og det er gjennomgåande at alle har hatt ein kraftig nedgang i omsetninga, og når det varer lenge nok, går det galt. Berre skogbruket har hatt ein nedgang på 30 prosent dei siste åra, seier Veum som mellom anna har analysert tala for bedrifter i Fyresdal dei siste åra.

– Mange ligg på eit resultat rundt null. Det tyder at det går akkurat rundt, men dei har ingenting å gå på. Dette ser ein i heile Vest-Telemark, og sjølv om ein del bedrifter går kjempebra, er det ingen bransje som skil seg ut.

Bunden kapital

Eit poeng Veum vil ha fram, er at mange bedrifter har kapital bunden i eigedom og bygningar.

– Om dei hadde halde til i Oslo, kunne dei selt bygningane og frigjort kapital. Her er det ikkje marknad for det, og dei blir låst i situasjonen, meiner Veum, og fortel at Vest-Telemark næringsforum ser på moglegheiter for å kunne frigjere eigenkapital frå næringsbygg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi treng alle dei stimuleringsordningar og tilskotsordningar vi kan få. Og vi treng å kunne refinansiere når det knip, seier Veum.

– Har bankane vore medvitne ansvaret sitt her?

– Bankane har tatt eit stort ansvar. Berre sjå på Seljord sparebank, som har vore inne med relativt store engasjement. Eg veit ikkje kor mykje dei har tapa, men det er ikkje lite, avsluttar Veum.