Sist fredag reiste Andrea og Benny Ploeg frå Åmdals Verk etter at dei ikkje fekk i orden alle nødvendige papir for å realiserer planane dei hadde for det tidlegare alderspensjonatet på Åmdals Verk. Nabo og ven, Stein Inge Rinden, tek farvel.
Sist fredag reiste Andrea og Benny Ploeg frå Åmdals Verk etter at dei ikkje fekk i orden alle nødvendige papir for å realiserer planane dei hadde for det tidlegare alderspensjonatet på Åmdals Verk. Nabo og ven, Stein Inge Rinden, tek farvel.

Gjev opp draumen

Ekteparet Andrea og Benny Ploeg kom frå Nederland til Noreg og Åmdals Verk i februar. Dei hadde underteikna kontrakt med Tokke kommune om å kjøpe det nedlagte alderspensjonatet på Åmdals Verk. – Byråkratiet set ein stoppar for oss, seier ekteparet som fredag flytta attende til heimlandet.

– Det var ikkje slik me ville det skulle ende. Planen vår var å starte opp Bed & Breakfast, i tillegg til eit velværesenter med mellom anna magnesiumbad. Me har byrja oppussinga, men no kjem me ikkje lenger, seier ekteparet gråtkvalt.

I desember 2017 sa eit samrøystes kommunestyre i Tokke ja til å selje alderspensjonatet som blei lagt ned i 2003, til ekteparet Ploeg. Salssummen var 550 000 kroner, og i tillegg skulle kommunen koste pålagte brannsikringstiltak som ville koste om lag 200 000 kroner. I kommunestyremøtet fremja Hilde Alice Vågslid (Ap) eit tilleggspunkt om at Tokke kommune skulle ha forkjøpsrett dersom ekteparet Ploeg ynskte å selje før det hadde gått fem år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kasteball

Ekteparet har, ifylgje dei sjølve, blitt ein kasteball i det norske byråkratiet. 

– Me har ikkje fått norsk personnummer, noko me må ha for å for å få lån til å betale bygget. Beskjeden er at me må skaffe oss arbeid og inntekt for å få personnummer, lån og opphaldsløyve. Inntekt frå bedrifta vår får me ikkje så lenge me ikkje får kome i gang, så dette har blitt ein vond sirkel me ikkje kjem oss ut av. Me føler også at kommunen har vore til liten hjelp etter at kjøpekontrakten blei underskriven, seier dei.

Sakna hjelp frå kommunen

Ekteparet hadde to punkt som var ein føresetnad for at dei kunne gjennomføre kjøpet av alderspensjonatet. Det fyrste var at dei måtte selje huset og sykkelverkstaden dei hadde i Groningen, og at dei måtte få finansiert kjøpet ved hjelp av lån i Noreg.

Berre tre månadar etter at ekteparet Ploeg flytta til Åmdals Verk og Noreg, måtte Drent transport frå Nederland køyre flyttelasset attende.
Berre tre månadar etter at ekteparet Ploeg flytta til Åmdals Verk og Noreg, måtte Drent transport frå Nederland køyre flyttelasset attende.

– Det er ikkje slik at kommunen skal ordne alt for oss, men me treng tydelegvis hjelp til å finne ut av byråkratiet. Me har fleire gonger vore innom fylkesskattekontoret i Grenland, og me har vore fleire gonger innom politiet i Telemark, men me får stadig beskjed om at dei treng meir informasjon etter kvart som me skaffar det dei fyrst bed om. Me orkar rett og slett ikkje meir no. Det har blitt felt for mange tårer allereie, seier dei.

– Kunne de gjort meir sjølve før de kom til Noreg?

– Me hadde med oss ei sjekkliste med mange punkt som me skulle gjennomføre. Det me ikkje var klar over var at reglane for utanlandske borgarar som vil busetje seg i Noreg har blitt mykje strengare etter 1. januar i år. Akkurat det skulle me nok ynskt at kommunen kunne informert oss om, svarar dei.

Venta besøk som ikkje kom

Fleire frå kommunen har også, ifylgje ekteparet, sagt at dei skal kome innom ein tur, men så langt har dei berre hatt ein kort visitt av plan- og næringssjef Gunhild Austjord, som var innom like etter at dei hadde kome på plass i februar.

– I førre veke då eg sa ifrå om at me reiser attende til Nederland blei det fart i folket på kommunehuset, men då var det for seint, seier Andrea.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var veldig mykje snø på taket her i vinter, og me bad om hjelp frå kommunen, men me fekk beskjed om at me måtte greie oss sjølve. Me har nok vore for blåøygde når me sette i gang, og for godtruande når det kjem til alt papirarbeidet som blir kravd, sukkar Benny.

Noreg blir ferieland

Båe to presiserer at dei framleis elskar Noreg, men at dei no gjev opp draumen om å flytte og drive næringsverksemd her. No blir Noreg ferielandet deira, slik det var tidlegare også.

– Det er vanskeleg for oss å akseptere at me ikkje får fullføre draumen vår, men me må berre stikke fingeren i jorda og innsjå at me ikkje klarer meir motgang. Me kjem fortsatt til å bruke det aller meste av feriane våre i Noreg. No reiser me tilbake til Nederland og Groningen der me flytta frå. Me selde det me eigde der, så me skal bu på ein campingplass der nede inntil me får leige oss noko, fortel dei.  

Sist onsdag hadde dei folk frå kommunen på besøk, og då blei dei fortald at dei må betale straum og husleige for tre månadar.

– Straum er no greitt nok, det var me førebudde på. Men me hadde vel eit lite håp om å kunne trekkje frå på husleiga det me har pussa opp for, seier Andrea.

– Men me fekk i alle fall lov til å flytte ut, så det betyr at me reiser fredag (sist veke). Flyttebilen var her sist torsdag, legg Benny til.

Nabo synest det er trist

Stein Inge Rinden er ein av naboane til alderspensjonatet, og han har hatt god kontakt med ekteparet Ploeg. Rinden synest det er trist at dei ikkje fekk kome i gang med planane sine.

– Det er veldig trist at dei reiser. No er eg redd for at bygget blir ståande tomt igjen, slik det har gjort meir eller mindre dei siste 15 åra. Det var så koseleg å sjå at det var ljos i vindauga. Mest trist er dei sjølvsagt for dei som hadde så mange planar, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har lært dei å kjenne som særs trivelege og ærlege folk, så viss det er slik at kommunen ynskjer å satse på næring kunne dei vel ha bidrege meir til å hjelpe ekteparet gjennom alle papirmøllene. Det har vel helst vore mange fine ord og lite handling, legg han til.

Sist fredag reiste altså ekteparet frå Åmdals Verk. I fyrste omgang reiste dei til Oslo for å møte vener frå heimlandet.

– Dei skulle eigentleg vore dei fyrste kundane våre. Men sidan dei ikkje fekk avbestille flybillettane valde dei å vere nokre dagar i Oslo, og me skal vere i lag med dei der, seier Benny.

– Leit for kommunen også

Plan- og næringssjef i Tokke kommune, Gunhild Austjord, synest også det er trist at ekteparet reiser attende utan å kome i gang med den planlagde drifta av Bed & Breakfast, velvære og floating-senteret. 

– Det er veldig leitt at utfallet blei som det blei, men eg føler at me frå kommunen har gjort det som er vår oppgåve. Me sit ikkje på kompetansen om kva reglar som gjeld til ei kvar tid, og kva krav som blir stilt til nye innbyggjarar i Noreg. Likevel må me også ta lærdom av dette, og passe på at alle nødvendige papir er på plass på eit mykje tidlegare tidspunkt, seier ho.

Austjord fortel at kommunen i det lengste håpa det ville ordne seg for ekteparet, og at dei føler dialogen har vore god undervegs.

– Det er veldig viktig for meg å presisere at me håpa veldig sterkt at Ploeg ville klare å kome i gang med planane sine. Eg har heller ikkje problem med å skjøne at dei er skuffa, seier ho.

– Kva skjer med bygget?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er framleis til sals, svarar Austjord.

Les meir om ekteparet Ploeg her.