Sør i Fyresvatn har det over seks dagar blitt tatt 40 røyer av ulike storleikar. (Privat foto)
Sør i Fyresvatn har det over seks dagar blitt tatt 40 røyer av ulike storleikar. (Privat foto)

Garnfiskar påstår å ha fått oppdrettsrøye

På seks døgn har ein mann i Kilegrend fått 40 røyer i garn som er sett ut i nedre enden av Fyresvatn. Han meiner det er snakk om oppdrettsfisk, men Telemarkrøye AS seier det ikkje har rømt røye frå merdane.

Ståle Eriksen har hytte på Øyne camping i Kilegrend i Fyresdal. Heilt sør i Fyresvatn har han fått 40 røyer på seks dagar denne månaden.

– Dette er oppdrettsrøye, og nokon er på opptil 1,5 kilo. Somme har ikkje finnar framme, eller er avrunda på finnane bak. Mange er veldig feite, seier Eriksen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han seier ikkje nei takk til ein slik fangst.

– Eg set pris på å få fiskane, og dei er gode å røyke.

Eriksen meiner det er mykje røye sør i Fyresvatn – han har fått fiskearten i ulike område der.

– Det er lite aure i Kilegrend nå, eg trur han blir skremd av storrøya, seier Eriksen.

Villfisk inntil merdane

Dagleg leiar Mads Dorenfeldt Jenssen i fyresdalverksemda Telemarkrøye AS seier dette om fangsten sør i Fyresvatn:

– Eg er klar over at det er ein person som påstår at han har fått oppdrettsrøye, men eg veit ikkje om at det har rømt røye frå merdane i Fyresvatn. Eg har vondt for å tru at det er hol i merdane, som blir sjekka. Hadde me hatt mistanke om hol, har me plikt til å melde frå til Fiskeridirektoratet.

Jenssen har ikkje sett røya som er tatt i garn.

– Eg må nesten sjå fisken, seier han om å ha røye frå Kilegrend å granske nærare.

Artikkelen held fram under annonsen.

Elles fortel Jenssen at det vil vere villfisk av aure og røye som er i nærleiken av oppdrettsanlegget. Dei kan forsyne seg av pellets, fordi ein ikkje kan sikre seg mot at noko av maten kjem på utsida av merdane. Jenssen trur det kan vere slik villfisk som er tatt i garn i sør.