Sundag var fjellet på sitt vakraste då sola glitra på kvite toppar med ein skyfri blå himmel som bakteppe.
Sundag var fjellet på sitt vakraste då sola glitra på kvite toppar med ein skyfri blå himmel som bakteppe.

Går for rekordsesong på Rauland

Kristin Larsen sviv rundt i kafeteriaen på Vierli turistsenter, ryddar og helsar smilande på kundar. Det har vore ein fantastisk start på sesongen, og det er enno mykje i vente for vinterdestinasjonen som lokkar med 150 kilometer langrennsløyper, 17 heisar og 46 nedfartar.

– Me har hatt ein veldig god start. Det er til dømes mange som ikkje kan minnast at me har køyrd løyper inn til Silkedalen før 1. desember. Det er i alle fall veldig lenge sidan det skjedde sist, smiler Larsen og oppsummerar godt besøk i heile desember.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho viser til ei omsetningsauke på 27 prosent samanlikna med fjorårets siste månad.

– Det blir ein auke i januar også, og auka besøkstal er noko fleire destinasjonar merkar – noko som er svært positivt for heile bransjen vår, smiler ho.

Larsen trur at iveren etter å kome seg ut på ski att, er eit resultat av den gode avslutninga av fjorårets sesong. Det sit i.

– Folk er meir ivrige. Og me har hatt bra med snø og mykje godt vêr, sjølv om det var noko kaldt denne helga, då.

– Alt i alt er me veldig fornøgde og satsar på ein «all time high»-sesong, smiler Larsen.

Mange planar

Larsen fortel at dei straks er klare med programmet for vinterferien då det vil bli mykje å finne på i Rauland. Ho lovar også mykje moro med konsertar og andre arrangement i påska.

– Påska er tidlegare i år, så me vil nok ha snø lenge etter den. Det er berre å ta turen til fjells, her går det slag i slag frametter, smiler ho.

Ute er ei stor gruppe med danske ungdommar klare for ein dag i alpintbakken eller i langrennssporet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har mykje besøk frå Danmark om dagen. Heile 300 danske skuleelevar skal vere her oppe i fem dagar no, seier Larsen.

God, gammaldags vinter

Turistsjef på Rauland, Torben Andersen, smiler også breitt om dagen.

– Me har så langt hatt ein fantastisk vinter på Rauland. Det er sterk vekst både i talet på besøkande og på omsetninga, noko som er veldig hyggeleg. Rauland har nå 160 centimeter med snø og heilt optimale forhold både for langrenn og alpint. Det er ingen tvil om at dette er ein god gammeldags vinter skapt for skiglede, seier turistsjefen.