I november skal to familiebustader i dette bygget i Kyrkjebygda vere klare for innflytting av flyktningar. Utfordringa i bygda er å auke kapasiteten i barnehagen.
I november skal to familiebustader i dette bygget i Kyrkjebygda vere klare for innflytting av flyktningar. Utfordringa i bygda er å auke kapasiteten i barnehagen.

Fyrste flyktningane utanfor sentrum

Går det etter planen får Nissedal tre syriske flyktningfamiliar i november. To av dei skal inn i nybygde bustader i Kyrkjebygda. Barnehagen der er full, ei utfordring rådmannen ser optimistisk på å løyse.

Sommaren 2015 kom dei fyrste flyktningane på mange år til Nissedal. Hausten året etterpå var det kome totalt 11 vaksne og 22 barn frå utlandet, av dei fem einslege mindreårige som bur hos flyktningfamiliar i kommunen.

I oktober i fjor vedtok kommunestyret å busette ti flyktningar både i 2017, 2018 og 2019.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tre einslege frå Kongo er på plass i kommunen i haust. I formannskapet sist torsdag orienterte rådmann Sverre Sæter at ein nyleg sa ja til oppmoding frå IMDI (Integrerings- og mangfaldsdirektoratet) om å ta imot tre syriske flyktningfamiliar på totalt 14 personar, 8 av dei er barn i nokså låg alder.

– Dette sette oss på ei kraftig prøve – det likar me, sa rådmannen.

Han og andre i den kommunale staben har fått litt av ei utfordring slik «over natta». Dette gjeld ikkje å finne ein stad å bu, for snart er eit nybygg nord i Framnesfeltet i Kyrkjebygda klart for to flyktningfamiliar. Dermed er det slutt på at nye nissedølar som har vore på flukt skal busetjast i Treungen, slik som det blei for dei over 30 som har kome siste to åra.

Inna tre månader har flyktningbarn rett på barnehageplass, og blant dei som skal bli busette i Kyrkjebygda er fleire barn under skulealder. Men førebels er det ikkje plass til dei, og barnehagen der har alt venteliste.

– Me må gjere noko med oppvekstsenteret i Kyrkjebygda for å auke kapasiteten i barnehagen. Det er ikkje sikkert beste løysinga er å bruke underetasjen i bygget, sa rådmannen til politikarane.

– Det blir også press på personalet som har vaksenopplæringa, la han til, optimistisk på at administrasjonen skal finne løysingar på plutselege utfordringar.

Innan nyttår ligg det an til at Nissedal totalt har tatt imot 50 flyktningar på 2,5 år. Det er heilt i tråd med ynsket til kommunen, sjølv om talet for 2017 blir høgare enn tenkt. Men så kjem 14 av dei mot slutten av året.