To av bebuarane på Åheim på Dalen har saman med tilsette teke på seg jobben med å hente tomgods i konteinarane rundt omkring. Harald Utigard (t.v.), Rønnaug Vistad (tilsett), Mathias Sogn Dahle og Sigrid Råmunddal (tilsett) er godt fornøgde med samarbeidet med Raudekrossen i Tokke.
To av bebuarane på Åheim på Dalen har saman med tilsette teke på seg jobben med å hente tomgods i konteinarane rundt omkring. Harald Utigard (t.v.), Rønnaug Vistad (tilsett), Mathias Sogn Dahle og Sigrid Råmunddal (tilsett) er godt fornøgde med samarbeidet med Raudekrossen i Tokke.

Full fart med tomgods

To av bebuarane på Åheim bufellesskap på Dalen har, saman med tilsette, teke på seg jobben med å hente tomgods frå konteinarar i heile Tokke og vel så det.

– Etter påske er det ekstra mykje å gjere, og det gjeld særleg på Rauland og Hallbjønnsekken. Der har det vore mykje folk, og slikt blir det tomflasker av, seier Harald Utigard som saman med Mathias Sogn Dahle utgjer returpantduoen.

Samarbeid

Det var i september i fjor at Raudekrossen i Tokke og Åheim blei samde om eit samarbeid. Det går ut på at Åheim har ansvaret for å hente og sortere tomgodset. For å gjere det får dei låne Raudekrossen sin bil og tilhengar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Raudekrossen stiller med bil som me låner, og dei betalar for dieselen. Dette arbeidet gjev også dei to bebuarane som er med på dette ein litt annan kvardag. Me hentar tomgods annakvar måndag og annakvar onsdag, så me fartar rundt ein dag i veka, forklarer Rønnaug Vistad og Sigrid Råmunddal som båe jobbar på Åheim.

Over alle brikane

Utigard fortel at dei ikkje berre hentar tomgods i Tokke, men at dei fartar over alle brikane.

– Me hentar på Rauland og Møsstrond og i Øyfjell. I tillegg køyrer me også over Skafsåheii til Setesdalen og hentar tomgods. Ja, nesten heilt til Rotemo i Valle, i alle fall på toppen, før me køyrer nedover mot Rotemo, fortel han.

Mathias Sogn Dahle (t.v.) og Harald Utigard sorterer tomgodset. Sigrid Råmunddal (t.v.) og Rønnaug Vistad ser til at alt går greitt.
Mathias Sogn Dahle (t.v.) og Harald Utigard sorterer tomgodset. Sigrid Råmunddal (t.v.) og Rønnaug Vistad ser til at alt går greitt.
Lageret med tomgods aukar, og Mathias Sogn Dahle (t.v.) og Harald Utigard har travle dagar. – Snart er lageret fullt, seier Utigard.
Lageret med tomgods aukar, og Mathias Sogn Dahle (t.v.) og Harald Utigard har travle dagar. – Snart er lageret fullt, seier Utigard.

Det blir mykje tomgods i løpet av turane, og arbeidet er ikkje over sjølv om konteinarane er tømde.

– Tomgodset ligg blanda i sekkar, og me må sortere boksar og plastflasker frå kvarandre. Me ser også at ein del kastar søppel i konteinarane, og akkurat det er dårleg gjort, seier Utigard.

Manuell sortering

Dei ynskjer å oppmode folk om å la vere å kaste søppel der det ikkje høyrer heime.

– Det er viktig å sende ut beskjeden om at folk ikkje tømer søppel i tomgodskonteinarane. Kan hende tenkjer ikkje alle over at boksar og flasker blir sortert manuelt. Men slik blir det altså gjort, og det gjer det ekstra tidkrevjande når me må ta søpla til folk også, seier Råmunddal.

­– Dei kan heller kaste søpla der det skal vere, for det er søppelkasser rett ved konteinarane. Elles har me sortert såpass mykje no at det snart kan kome ein semitrailer og hente sekkane som er klare, meiner Utigard.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjølve sorteringsarbeidet skjer i det tidlegare ABB-bygget. Der har ein av dei tilsette ved Åheim laga eit enkelt og funksjonelt system for manuell sortering.

– Me tømer sekkane på bordet og skuvar plastflasker iein sekk, og boksar i ein annan. Søppel har me i søppelkassa. Når sekkane er fulle knyter me dei att og lagrar dei, forklarer Utigard.

Fornøgde med samarbeidet

Samarbeidet med Raudekrossen har vart sidan tidleg sist haust, og så langt har ikkje Dahle og Utigard noko å utsetje på det.

– Mykje av arbeidsveka går med til sorteringsarbeidet, og særleg travelt er det etter høgtider. Me driv litt med ved også, men det blir ikkje så mykje tid til det no om dagen. Det er veldig greitt å arbeide med tomgodset, seier Utigard.

Ved å låne bilen til Raudekrossen får også dei tilsette erfare korleis det er å køyre med hengar.

– Me lærer å køyre med stor hengar, og det er kjekt å ta med seg. Så langt har det gått veldig bra, smiler Vistad og Råmunddal.