Folie à deux – pendlarbustad i Seljord

Ytring

På grunn av arbeidsoppgåver var eg i Poznan den dagen saka vart handsama i kommunestyret i Seljord og melde dermed avbod til kommunestyret 12. april. Saka vart også ettermeld. Men av eigen fri vilje utan noko form for godtgjering var eg tilhøyrar heile dagen då saka vart handsama i administrasjonsutvalet tidlegare i år. Tilhøyrar plassen tok eg fordi saka engasjera. Vidare har eg motteke sakspapir og orientert meg i VTB. Det er mange grunnar til at dette engasjerer og bør engasjere.

Eg undrar meg sjølv mange gonger kvifor engasjere seg. Kvifor bry seg eigentleg. Kvifor skrive i avisa. Men pendlarbustadsaka i Seljord har så mange sider ved seg som er av samfunnsmessig interesse langt utover dei økonomiske forpliktingane for Seljord kommune. Til nå er det særleg ordføraren i Seljord som har motteke ei korrigering gjennom debatt og kommentarar i VTB.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ved overskrifta mi meir enn antyder eg at kanskje er det to som har førestilt ein annan. Den andre parten med trong for pendlarbustad har skrive under ein tilsettingskontrakt utan at det stod i kontakta eller vedlegg noko som helst om pendlarbustad. Samstundes vert det hevda at det var eit avgjerande vilkår for svare ja til stillinga. Det var på det tidspunktet og så langt er forstår heller ikkje i ettertid kome fram at det ved tilsettingstidpunktet er synt til noko kva pendlarbustad innebar. Pendlarbustad hadde ingen avtaler om standard eller storleik, til dømes var det hybel, fleire rom, einebustad, avstand frå kommunehuset, kokemoglegheiter, møblert, inklusiv eller eksklusiv straum eller varme. Ingen ting av dette var avklara eller spesifisert. Heller ikkje var det på det tidspunktet, etter det eg har sett, avklara kva beløp som eventuelt kunne avklare storleik eller andre variablar som er nemnd ovanfor. Etter det eg forstår av sakspapir og kommentarar vart kontrakt likevel skrive under av påtroppande rådmannen. Riktig nok med tilleggskommentar om at det ikkje stod om pendlarbustad, men det er ikkje tilstrekkeleg. For ein med den påtroppande plass i organisasjonen, synast eg, er denne ufullstendige kontraktsinngåinga kritikkverdig. Av oppdragande samfunnsmessig engasjement bør dette påpeikast som ikkje god kontrakts presisjon og forståing.

Det var gjort lovnader av ordførar og utover sitt mandat har det kome fram i ettertid. Den første til å måtte forstå ein ordførar si van kompetanse (les gjerne; mynde) i å gje bindande løfter, burde vere den påtroppande øvste administrative leiaren i kommunen. Ein ordførar er ikkje eit organ eller har ikkje noko som helt kompetanse i seg sjølv. Ordføraren sin autoritet og kompetanse ligg i at han kan fremje saker og at han av alle bør ha størst føresetnader om kva han kan få fleirtal og politisk gjennomslag for. Men ordførar kan ikkje gje bindande lovnader for kommunen. Det bør vere allment kjent at ordførar og ein kvar annan politikar for den saks skuld, ikkje kan love noko som helst på vegne av kommunen. Det er berre politiske organ med tildela mynde som kan binde kommunen. Ordføraren si kompetanse og forståing av den er også noko som gjer at «pendlarbustadsaka i Seljord» er av større samfunnsmessig interesse en plent dei økonomiske utlegga for Seljord kommune. I ordskiftet i administrasjonsutvalet vart det hevda frå leiaren av saka i møtet at kommunen som i høve elles blir bundne av kva tilsette gjer. Når vart ikkje det sagt imot i møtet. Eg har heller ikkje seinare høyrt eller lese den same påstanden. Eg ville berre få sagt som samfunnsmessig engasjert i saka; for at lovnaden skal vere bindande må den andre parten forstå at avtaleparten hadde kompetanse til å gje lovnaden. Dessutan er ikkje samanlikninga med tilsette og arbeidstilhøve god. Ordførar er ikkje tilsett og handlar ikkje på vegne av kommunen i så høve om enn det i praktiske er han som er andletet utad, representer og til og med signerer på vegne av kommunen.

Til slutt vil eg gjerne sei som samfunnsengasjert person er mi haldning at dei leierane vi har til ei kvar tid er de beste som finnes. Slik er det også i Seljord. Det finnest ikkje nokre betre personar derfor er dette berre samfunnsengasjerte innspel til pendlarbustad i Seljord som nå er vedteke og endeleg avklara.

Kristian Espeland (KrF), kommunestyrerepresentant i Seljord