Mange kundar møtte fram under opninga av Aasmundsen bakeriutsal fredag føremiddag.
Mange kundar møtte fram under opninga av Aasmundsen bakeriutsal fredag føremiddag.

Fersk bakst heile veka

Det var lang kø då det nye bakeriutsalet opna på Brøløs i Seljord i går. I sommar vil det vere høve til å kjøpe fersk lokalbakst kvar dag heile veka.

Barn, ungdom, vaksne og eldre strøymde til opninga av Åsmundsens bakeriutsal på Brøløs fredag. Ordførar i Seljord, Halfdan Haugan, fekk oppdraget med å opne marsipankaka som gjestene mellom anna fekk servert.

Dagleg leiar Anne Christine Smeland fortel at utsalet vil opne tidleg alle vekedagar slik at ein får høve til å handle ferske bakevarar før jobb og frukost.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Og om du ikkje rekk frukosten heime, lagar me frukost eller lunsjpakker som inneheld tre brødskiver med pålegg, smiler ho.

Fersk og lokal

Fredag var det full fart både inne i dei trivelege og nyoppussa lokala, og ute der benkar og bord har kome på plass innkransa av eit kvitt stakittgjerde.

Smeland fortel at Aasmundsen bakeri i Flatdal har hatt tankar om å opne eit utsal lenge.

Edith Vala (t.v.), Hanne Christine Smeland, Eli Aksnes Flatland og Helene Gjerlid Brobakken vil vere dei faste andleta ein møter bak disken.
Edith Vala (t.v.), Hanne Christine Smeland, Eli Aksnes Flatland og Helene Gjerlid Brobakken vil vere dei faste andleta ein møter bak disken.
I kakedisken var det mykje som såg freistande ut i fylgje desse to karane.
I kakedisken var det mykje som såg freistande ut i fylgje desse to karane.
Mange kundar møtte fram under opninga av Aasmundsen bakeriutsal fredag føremiddag.
Mange kundar møtte fram under opninga av Aasmundsen bakeriutsal fredag føremiddag.
Mange kakesortar
Mange kakesortar
Dagleg leiar Hanne Christine Smeland
Dagleg leiar Hanne Christine Smeland
Ordførar Halfdan Haugan og kultur- og næringssjef Asbjørn Storrusten var med på opninga.
Ordførar Halfdan Haugan og kultur- og næringssjef Asbjørn Storrusten var med på opninga.

– Nå var desse lokala til leige, og daglegvaremarknaden er tøff å kome inn på. Aasmundsen ynskjer å gje kundane eit betre tilbod om ferske og lokale bakevarar, seier Smeland.

Utsalet vil ha tilbod om kaffi av ulike variantar, litt varmrettar, ulik påsmurd mat og ulike brødsortar som sjøormbrød, speltbrød og dansk rugbrød.

Og om det er det søte som freistar vil ei rekkje sortar frå konditorane ved bakeriet syte for eit rikhaldig tilbod.

– Og det vil sjølvsagt vere mogleg å bestille bakevarer og kaker, seier Smeland.

Skape liv på Brøløs

Bakeriutsalet skaper nytt liv i eitt av lokala på Brøløs. Før har lokalet mellom anna husa Esso bensinstasjon, og hadde både barneforretning og kolonial som grannar. Nå ynskjer drivarane å skape nytt liv i sentrum, noko gjestene tydeleg var glade for då dei kom til bakeriutsalet fredag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kvifor vel de å satse på Brøløs?

– Me lika lokalet og synest me har fått det veldig fint her. Me har bruka mykje tid på oppussing. Mykje av interiøret har me laga sjølv, og me meiner det er svært positivt at me kan vere med å skape nytt liv i sentrum, seier Smeland.

Lokalmat

Frå slutten av mai og fram til Dyrsku’n vil bakeriutsalet også halde sundagsope.

– Me ynskjer å gje eit tilbod om ferske bakevarar også på sundagar. Me er også opptekne av å gje tilbod om lokal mat, og ynskjer å få til vidaresal av småskalamat frå området. Is frå Bjørge gard er alt på plass, og me har vore i kontakt med fleire andre moglege leverandørar, smiler Smeland.