Kine Jordbakke (t.h.) leiar Akuttkjeden Telemark. Ho får mykje positiv merksemd frå andre delar av landet knytt til prosjektet.
Kine Jordbakke (t.h.) leiar Akuttkjeden Telemark. Ho får mykje positiv merksemd frå andre delar av landet knytt til prosjektet.

Felles helseverktøy skal gje meir tryggleik for både pasientar og helsetilsette

Ein app, eit helseskjema og ein raud ryggsekk skal ut til dei ulike helseeiningane i Seljord, Tokke, Vinje og Kviteseid i samband med Akuttkjedeprosjektet i Telemark. – Målet vårt er å bli endå flinkare til å samhandle i akutte situasjonar, seier samhandlingskoordinator Kari Gro Espeland.

Pilotprosjektet som vart starta tilbake i 2016 har til nå blitt testa i Notodden, Tinn og Porsgrunn. Nå er dei nye verktøya på veg ut til helsetilsette i 13 av 16 kommunar i Telemark. I Vest-Telemark er Tokke, Vinje, Seljord og Kviteseid med. Nissedal og Fyresdal er ikkje med sidan dei høyrer til sjukehuset i Arendal.

I midten av mai møttest den regionale prosjektgruppa som er sett saman av tilsette på legevakta, i heimetenesta og i institusjonane i kommunane, representantar frå akuttmottaka på sjukehusa på Notodden og Skien, samt representantar frå ambulansetenesta i Vinje og Seljord.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Målet er at alle i den akuttmedisinske kjeda skal ha like verktøy og at pasientane skal sleppe å gje dei same opplysningane fleire gonger. Erfaringar viser at dei ulike helseeiningane i for liten grad kjenner funksjonane til kvarandre, difor var det naudsynt med eit felles verktøy i akuttkjeda. Dette er både samhandling og kompetanseheving, seier samhandlingskoordinator Kari Gro Espeland.

– Me ynskjer at Telemark skal ha Noregs beste akuttkjede, seier prosjektleiar Kine Jordbakke.

Fyrst ut og stor interesse

Prosjektet er det fyrste av sitt slag i Noreg, og interessa har så langt vore stor frå andre delar av landet.

Representantar frå helseeiningane i Tokke, Vinje, Kviteseid og Seljord, ambulansetenesta og sjukehuset møtte den regionale prosjektgruppa, samhandlingskoordinator Kari Gro Espeland og prosjektleiar Kine Jordbakke.
Representantar frå helseeiningane i Tokke, Vinje, Kviteseid og Seljord, ambulansetenesta og sjukehuset møtte den regionale prosjektgruppa, samhandlingskoordinator Kari Gro Espeland og prosjektleiar Kine Jordbakke.
På appen til Akuttkjeden Telemark kan ein sjå korleis ein skal gå fram ved ulike helseproblem i dei ulike einingane.
På appen til Akuttkjeden Telemark kan ein sjå korleis ein skal gå fram ved ulike helseproblem i dei ulike einingane.
Eit skjema skal gjere overgangane mellom aktørane i akuttkjeda betre.
Eit skjema skal gjere overgangane mellom aktørane i akuttkjeda betre.

Alle helse- og omsorgstilsette i kommunane som er med på prosjektet må gjennomføre ei opplæring i bruk av helseskjemaet og appen, og så langt har åtte representantar frå dei fire Vest-Telemark kommunane fått opplæringa på simuleringssenteret ved Universitetet i Sør-Øst Norge. Nå skal dei ta med kunnskapen tilbake til sine kommunar

Dei helsetilsette seier også at det har vore eit sakn med eit fylgjeskjema som pasienten kan ha med seg, til dømes om han skal frå heim til lege og vidare til sjukehus. Så langt finn ein berre skjemaet i papirform, då det ikkje er utvikla ei digital utgåve enno.

– Eg blir audmjuk når eg ser kor mange som ser verdien av å bruke tid på dette prosjektet saman med oss, og det er stas at me er dei fyrste som gjennomfører dette heilt ut, seier Jordbakke.

Skjema og app

På helseskjemaet som er utarbeidd kan til dømes heimesjukepleia måle blodtrykk og andre viktige helseverdiar på ein heilt vanleg dag og skrive det inn i skjemaet. Om det skulle skje ei helsemessig endring med pasienten, som til dømes at ambulansen må kome, kan dette personellet samanlikne til dømes puls opp mot korleis pasientens puls er «til vanleg». På skjemaet blir alle data om pasienten ført inn. Slik kan alle som møter pasienten vidare blir kjent med sjukdomsforløpet, og ein kan lettare sjå korleis tilstanden til pasienten utviklar seg.

Det er også utvikla ein eigen app for Akuttkjeden i Telemark til mobiltelefon. Appen skal bidra til at pasientar og helsepersonell til dømes kan følgje eit fast løp, anten ein er pasient, kommunal helseteneste, legekontor eller AMK 113 eller ambulansepersonell. Appen er berekna på helsepersonell, men den er tilgjengeleg og gratis for alle som vil laste han ned.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein eigen akuttsekk

I kvar ein kommunal tenestebil som til dømes heimehjelpa eller heimesjukepleia nyttar, skal det i framtida vere ein akuttsekk som inneheld måleutstyr for blodsukker, oksygen i blodet, blodtrykk, puls eller feber. I praksis betyr heimetenesta kan starte hjelpa hos pasienten, og at ein ikkje treng vente på anna helsepersonell dersom det er ein akutt helsesituasjon. Data som blir målt blir notert i skjemaet, som vidare vil følgje pasienten heilt til lege eller sjukehus om det er naudsynt.

– Dette prosjektet skal resultere i at alle pasientar skal få så lik behandling som mogleg. Alle er like mykje verdt, anten du er innbyggar i ein liten eller stor kommune. Det har vore viktig for oss, og avgjerande for at det skulle bli ein suksess, seier prosjektleiaren.

– Kva forventningar har de til det nye systemet?

– Me håpar det blir tryggare for pasientane, at ting kan bli fanga opp tidlegare og behandling kan starte raskare. Om ein fyller inn opplysningar om pasienten på skjemaet kan ein få ned tidsbruk ved at dette er opplysningar pasienten slepp å gjenta. Det vil truleg spare pasienten for frustrasjon også, seier Espeland

Jordbakke legg til at det har vore gøy å jobbe med dette prosjektet.

– Alt er eit stort lagarbeid, seier ho og rosar sjukehuset i Telemark som har bruka veldig mykje tid og ressursar i prosjektet.

tone.tveit@vtb.no